Hei! Hvor gammel må en være får å være med på de arrangerte turene dine?
Hei! Det varierer litt frå tur til tur, og om du er vant med å gå i fjellet. Men på dei fleste turane har eg hatt med 10-12 åringar utan problem. Men på dei aller høgaste fjella, som f.eks. Aconcagua, bør ein vera eldre, minst 16 år.
hvilke sko anbefaler du for Elbrus???
Du bør bruke doble sko på toppstøtet på Elbrus. Du går i snø på heile toppstøtet, og det kan fort bli kaldt dersom du ikkje har varme nok sko.
Kløve skule her frå Voss me lurte på om me kunne få eit intervju ???
Det går fint. Berre ring meg.
Hei! Kva skal du snakke om når du kjem til granvin skule på tysdag?
Hei! Eg skal snakke om mange både lange og høge ekspedisjonar som eg har gjennomført dei siste 15 åra. Og så håper eg det blir masse spørsmål, det er alltid kjekt :)
Jeg har 2 spørsmål angående den famøse Everst-turen i fjor: Var det verd det? Og, hvordan kan deltakere på dine turer vite at det de er med på er trygt og sikkert, når en ser dine valg fra Everest-turen?
Det var sjølvsagt ikkje verdt det, det seier vel seg sjølv når eg mista tærne og deler av fingrane. Når det gjelder "mine valg" frå Everest-turen så må du nesten stille det spørsmålet vidare til norske tabloide media med Dagbladet i spissen. Det er dei som har fått det til å sjå ut som om dette var så høg risiko. Faktum er tvert i mot at dersom alle dei totalt 10853 klatrarane som i åra 1922 til 2006 løyste lisens for å klatre Everest hadde gjort dette uten oksygen, ville i følge statistikken 415 personar lagt igjen på fjellet. Dersom alle hadde valgt å klatra med oksygen, ville totalt 445 personar lagt igjen på fjellet. Dette er statistikkens klare tale, og på kva grunnlag Dagbladet har dratt motsatt konklusjon er noko både eg og mange andre i klatremiljøet gjerne skulle visst.
Hei Jarle,faren min skal kanskje være med deg på cho oyo. Er det farlig?? Jeg er jo redd for han! kommer han hjem i god behold??
Cho Oyu vert rekna som ein av dei enklaste 8000-metringene teknisk sett, sjølv om det er det 6. høgaste fjellet i verda. Det er meir ein fysisk utfordring enn ein teknisk. I tillegg er det ein sherpa pr. deltaker + norsk ekspedisjonsleder. Far din er heilt klart i gode hender :)
Hei Jarle. Lurer på hva slags utdanning du har og eventuelt hva du har drevet med tidligere i livet, før alle ekspidisjonene?
Har 3-årig vidaregående, handelsskule. Var butikksjef på Rimi Voss i mange år. Så jobba eg nokre år som klatrar i Nordsjøen, før eg frå 2006 satsa kun på mitt eige firma. Men har drevet med lange turar og ekspedisjonar heilt frå 1994.
Hei Jarle,har du et tips til en som vurderer en topptur til alpene på ca 4000m?hvilken topp?vurderer mont blanc,har kun erfaring fra sunnmøre sine fjell men vil no strekke denne grensa litt,se kordan jeg reagerer på høyde,fordi 6000 meters topper i himalaya lokker såklart for den som er glad i fjell.
Anbefaler Zermatt-området i Sveits, der er det ein del forholdsvis enkle 4000-meter topper, f.eks. Breithorn og Alphübel. Mt. Blanc er også forholdsvis enkel teknisk (normalruta), men den er fysisk krevande og krever akklimatisering i minst 2-3 dager.
Er du helt restituert etter Mount Everest og deltar du selv på alle turene?
Nei, foreløpig så har eg dyktige guider som arbeider for meg, det hadde eg også før dette skjedde. Så får framtida vise kva som skjer.
Har du planar om høgare og tøffare arrangerte turar enn Aconcagua, Cho Oyo til dømes?
Ja det har eg. Cho Oyu i 2012 sannsynlegvis. Meir informasjon kjem på nettsida mi utover våren.
Kan man bestige mount blanc uten å ha stor erfaring med høye fjell og uten å være i særdeles god form (uten guide, men med mye forberedelse og planlegging). Hvorfor har ikke du turer dit?
Ein bør ha litt erfaring før ein gir seg i kast med Mt. Blanc utan guide. Eg vurderer stadig nye reisemål, kanskje arrangerer eg også turar i Alpane i framtida.
Hvilket kamera er det du bruker på dine turer?
Eg bruker Canon EOS 450 og forholdsvis rimeleg optikk med stor Zoom-brennvidde. Grunnen til dette er sjølvsagt vekt, eg vil som regel ikkje bære med meg fleire objektiv. Grunnen til at eg ikkje velger dyrare kamera og opikk er rett og slett det at min bruk er forholdsvis brutal. Det forrige kameraet mitt vart øydelagt i sandstorm i Ica-ørkenen i Peru...
Så var det spørsmålet da...;-) Hva bruker du av kosttilskudd på disse turene til Himalaya? Tenker spesielt når du gikk Norge på langs..
Heilt vanleg kosttilskudd med mange typar vitaminer og mineraler. Brukar ikkje det til vanleg heime, men på lange turar høgt til fjells blir det ofte lite frukt og grønt osv.
Hei Jarle, kan du sei noko om kva telt du brukar. Og evt ka du vil anbefala til ein vanlig dødlig familiemann frå Kyte?
Varierer litt kva eg bruker, men er glad i små og lette telt - i alle fall når eg skal bæra det med meg. "Vanlige" forholdsvis billege telt frå ein av sportskjedane i Noreg er stort sett av bra kvalitet. Men eg ville nok unngått teltet til 399,- som ligg nedstøva på nederste hylle på Coop'en.
Hei Jarle, planlegger du en tur til Denali i framtiden,eventuelt en skibestigning der?
Eg har vore på Denali to gonger. I 2003 traverserte me heile fjellet (opp Mudrow-ruta på nordsida, og ned normalruta på sørsida), ein fantastisk tur. Dersom du tenker på ein arrangert tur, så har eg planar om det i 2011 eller 2012. Om me brukar ski eller ikkje har eg ikkje tenkt på endå. Blir i tilfelle kun transport-etappen frå flystripa på breen opp til BC på ca. 4400 moh.
Kva for ein primus er din favoritt? Bruker du samme i lavlandet som i Himalaya?
Eg brukar MSR Reactor på høge fjell, ein ultralett og praktisk alt-i-eit gass-løysing som er svært drivstoff-effektiv pga. den spesielle vindskjerminga. På andre ekspedisjonar der ein må ha endå større fokus på vekt (f.eks. Svalbard og Grønland) er det bensin som gjeld. MSR XGK og Whisperlite er trygge og solide brennarar.
Hva gjør man om man må på toalettet ved toppstøt til f.eks. mt. Everest?
Frys...
Vaksiner
Reknar med at du spør om kva vaksinar du treng for å vera med på mine turar. Det varierer frå tur til tur, og på den praktiske informasjonen som alle påmeldte mottar vil det stå utfyllande informasjon om dette.
Hei. Hva slags ski vil du anbefale til en nybegynner (når det gjelder fjellturer med ski) som ønsker å begynne å gå på toppturer om vinteren?
Eg vil anbefale skibestigning (Randonée) og då bør du tenke lett vekt! Det betyr i praksis Dynafit sine bindingar. Dei siste modellane er minst like vridningsstabile og generelt solide som tyngre merker. Lett vekt er viktig for å ha ein god opplevelse oppover, og når dei gir den samme køyrekvaliteten ned igjen også så er valget lett. Mi favorittski er G3 Reverend, lett men likevel ekstremt stabil i stor fart. Støvel er vanskelegare, ikkje så stor forskjell i vekt der, velg den som passar foten din best. Lykke til!
Påmelding
Viss det er eit spørsmål om korleis du melder deg på, så er svaret at du sender meg ein epost eller ringer meg (sjå KONTAKT øverst i menyen). Eg trenger berre ditt fulle navn og kva tur du vil melda deg på.
Ka sko brukar du i terreng der det er mykje glatt/vått berg og stein?
Min favoritt er Salomon Speedcross 2, ekstremt lett og med ekstremt mønster. Ellers er Inov8 Roclite og Mudclaw også kjempegode sko, men dei krev at du har sprunge mykje i terrenget. Dei gir nesten ingen demping og er ikkje særleg stabile for dei som trakkar lett over. Ellers så går eg og gledar meg til den nye Inov8 X-Talon 212 kjem. Den er kun 212 gram, sannsynlegvis den lettaste terreng-joggeskoen som er produsert nokonsinne. Den har likevel eit sint mønster...
Har du nokonsinne konkurrert mot Jon Tvedt, Kristen Skjeldal, Jonathan Wyatt og dei gutta der i motbakkeløp Jarle, eller er det for stutt for deg?
Nei det har eg ikkje. Dei ville nok knust meg! Eg er laga for lange løp, men er uansett ikkje noko utprega konkurransemenneske. Men dei ville nok ha banka meg i lange løp også... :-)
Har du noe info om Elbrus?Kunne tenkt meg å dratt dit neste sommmer..
Eg har no satt opp dato for Elbrus-turen neste sommar: 6. - 19. juli 2009. Me akklimatiserer i fjella rundt Elbrus og bruker hytta "The Barrels" for å støte mot toppen. Du finn meir informasjon under "PROGRAM" i menyen.
Har du tenkt å holde et informasjonsmøte på Østlandet?
Ja, eg har planar om det. Men ikkje noko konkret endå. Det vil komma informasjon her på nettsida mi når tid og stad er bestemt.
Kva slags pulsklokke brukar du Jarle, og kvifor denne?
Eg brukar Polar AXN700. Dette var toppmodellen til Polar då eg fekk den i samband med ein ekspedisjon for eit par år sidan. Den har absolutt alt (unntatt GPS), og er svært solid og har i tillegg eit svært enkelt brukargrensesnitt. Minuset er at den er dyr og forholdsvis tung, sjølv om den er laga i titan. Men modellane 300 og 500 har dei fleste av funksjonane, og er mykje lettare og billegare. Anbefaler AXN300!
Hei. Kjem du til å arrangere tur til Elbrus sommaren 2009?
Ja! Eg satsar alt på å få til Elbrus-tur i 2009. Me drar rundt 25. juni frå Norge. Følg med på nettsida mi utover hausten, så kjem det meir detaljert informasjon.
Hei, hvordan kan man oppnå å bli en eventyrer med å faktisk leve på det!? Hvor starter man, må man bare vaere heldig med å masse personer som tror på en med masse sponsorer? Jeg vil også eventyre!
Vanskeleg spørsmål å svare på... Du må verkeleg "brenna" for det. Sponsorar er det ikkje lett å få tak i med mindre du satser på noko spesielt, som f.eks. å klatra Mt. Everest åleine utan oksygen. Når det gjeld "å leve av" det, så er det dei arrangerte turane mine eg lever av, ikkje av sponsorinntekter på mine eigne ekspedisjonar. Men viktigast av alt er at du må gjera det som du vil sjølv, ikkje velg eventyr ut frå kva du trur evt. sponsorar er interessert i. Lykke til med eventyringa... :-)
Kva ski, bindingar og støvlar brukte du på Heute Route i år?
Eg brukte G3 Reverend ski, Dynafit FT-bindinger og Scarpa Spirit 4 sko. Denne kombinasjonen er det nærmaste eg til no har komme "det perfekte kompromiss", altså både låg vekt og gode køyreeigenskapar. Med denne pakken kjem du deg lett til topps, men kan likevel dra solid på nedover igjen.
Hei, driver du ikke med nettbutikk lengre?
Nei, eg har bestemt meg for å avslutte nettbutikken. Den tok rett og slett for mykje tid og det var også vanskeleg å vera leveringsdyktig når eg ikkje hadde lager. I tillegg fekk eg "samarbeidsvanskar" med fabrikken i Nepal som skulle levere soveposar og bekledning i dun. Dermed var beslutninga enkel. Men butikken gjekk så bra at eg har planar om å komme sterkt attende seinare, men då med lager og ein ansatt som tar seg av salget. Har no inngått eit samarbeid med Ute i Bergen og G-sport på Voss, slik at alle som har meldt seg på mine turar får 15% rabatt på alle varer i desse butikkane.
Fin design på de vetletind-skiene ;-)... Jeg har nansenski, brukes til alt fra rene marka- og skogsturer, til fjell- og rene toppturer. Vil bytte til noe "grovere" utstyr, hva velger jeg: combat eller vetletind? Eller storetind??? Blir åsnes uanset, jeg skal/vil bruke det utrolig kjekke kortfellesystemet "forever" :))
Det er ikkje noko enkelt spørsmål. CCC er ei skikkeleg fjellski/ekspedisjonsski, mens Storetind hellar meir mot køyreski. Vetletind kan vel karakteriserast som noko "midt i mellom". Einig med deg i at kortfellesystemet er genialt.
Høgdesjuke_kva er det som skjer med kroppen(teknisk sett)?
Kort fortalt: Det er fleire ting som skjer i kroppen. Dess høgare ein kjem dess mindre blir det atmosfæriske trykket rundt deg, og dermed også oksygenmengda i lufta. Desse to faktorane fører til at ein del prosessar startar i kroppen. Svelling av hjernen er ein av dei farlegaste (hjerneødem) og væskeansamling i lungene er også farleg (lungeødem). I tillegg kan blodårer briste pga. det låge trykket utanfor. Dette er sjølvsagt farleg dersom det skjer i hjernen eller andre livsviktige organ. Med skikkeleg utført akklimatisering kan du redusera sjansen for høgdesjuke veldig mykje. Mange av dei som får problem med dette, har akklimatisert på feil måte. Du finn mykje detaljert informasjon om dette på internett. Interessant tema som det er umogeleg å skrive utfyllande om her.
kor ligg mount everest
Mount Everest ligg i fjellkjeden Himalaya på grensa mellom Nepal og Tibet, rett nord for India. Det "kjedelege" navnet Mt. Everest fekk fjellet etter kartmålaren som var det første vestlege mennesket som såg fjellet. Navnet er eigentleg Sagarmatha på Nepalsk og Chomolungma på Tibetansk.
Hei champ! Kan du antyde totalvekt på hele Åsnes/Dynafit-pakken? Virker som vekten nå er blitt så lav at dette utstyret kan man gå markaturer med! (mellom fjelltoppene selvfølgelig...). Enig?
Ja, faktisk - så lenge marka er veldig kupert... (Det som følger her er nok for spesielt interesserte :-) Eg vurderer å sette Dynafit race-bindingen på Dynafit SR 11, ei race-ski på 850 gram pr. ski (verdens lettaste randonée-ski??). Eg er litt usikker på om Vetletind toler belastninga ved bindingen når den blir brukt som rando-ski. Har ikkje lyst å knekke skia midt på i stor fart. På denne måten får eg ein ultra-lett rando-pakke på totalt kun 2,2 kilo pr. fot (ski: 850g, sko: 1220g, binding: 150g). Dette er det aller lettaste race-utstyret til Dynafit, og viss eg skulle kjøpt i butikk ville det blitt ein horribel pris. Eg har dermed 3 rando-"pakker". Vekta er (pr. fot) 2,2 kilo for den lettaste, 3,9 kilo for medium-pakken (også komplett Dynafit) og 5 kilo for den tyngste (Rossignol B4 Pro Squad/Diamir Freeride Plus/Scarpa Spirit 4). Problemet no blir vel at eg får store problem med å velge...
hvordan fisker du???
Spinner, spinner og atter spinner. Altfor lat til å grave etter makk og for utolmodig til å fiske med flue :-)
Hei :-). Vetletind-skiene så veldig lekre ut, håper du snarest kan legge ut en liten testrapport om de. Vet du noe om hvilke lengder de kommer i? Vet du om CCC også skal produseres i karbon, og evt. kortere lengde?
Gledar meg til å prøve Vetletind som topptur-ski. Har bestil racing ranonée-bindingar (150 gram!!!) og tilsvarande sko frå Dynafit, for å lage den ultimate lettvekts-pakken. I mars tok eg 6 storfjell på totalt 5415 høgdemeter på 13 timar på "vanlig" randonée-utstyr - med dette utstyret skal eg nok klara eit par fjell til :-) Vetletind kjem kun i 180 og 188 cm. Eg skal og prøve Vetletind med vanlig rottafella-binding (75mm). CCC er ikkje aktuell som karbon-ski kommande år, men kanskje ein gong i framtida. Dei kjem ikkje i kortare lengder enn 180 cm. Testrapport ang Vetletind kjem så fort sjøen kjem - og det håpar me vel alle ikkje blir så lenge!
Noen har fortalt meg at du brukte Scarpa Cumbres-støvelen på Denali, stemmer det? Med overgamasje, eller? Er ikke den altfor kald til det? Hva med på Aconcagua?
Det stemmer. Eg er nok ein av dei få som har klatra Denali med lærsko, i alle fall i nyare tid. Det anbefales ikkje! Det gjekk bra fordi Cumbre kanskje er ein av dei varmaste lærskoene som fins (3,2 mm Nubuc-lær), men det var berre såvidt. Har aldri vore så kald på føttene verken før eller etter, sjølv på 8201-meter i Himalaya. Eg brukte kun vanleg gamasje. På Aconcagua anbefaler eg doble sko enten av plast, eller den nye Himalaya-typen med intergrerte gamasjer. Temperaturen blir ikkje så låg på Aconcagua som på Denali, men ingen av dei som blir med meg på min tur får "lov" til å bruke lærsko.
hva slags sovepose bør man ha med til aconcagua?
Ein bør ha ein sovepose som tåler minst 25-30 minusgrader. Det er ofte svært individuelt kor godt ein held temperaturen i ein sovepose, min erfaring er f.eks. at kvinner kanskje har litt lettare for å fryse enn menn. Soveposen som eg selger i min nettbutikk er laga etter mine spesifikasjonar og vil vera varm nok for Aconcagua for både kvinner og menn. Det er best med dun pga. vekt og volum, men det er sjølvsagt billigare med syntetisk.
kor ligger elbrus?
Elbrus ligg i fjellkjeden Kaukasus sørvest i Russland, mellom Svartehavet og Det Kaspiske hav. Mange meiner at Kaukasus er ein av dei flottaste fjellkjedane i verda.
Kor tid vender du tilbake til Mount Everest ?
Er supermotivert for Everest, så det er mogeleg det blir ein ny tur snart. Men akkurat no er det så stor pågang på mine arrangerte ekspedisjonar at det har første prioritet.
kor høg er lønahorgi?
Det er faktisk ikkje så enkelt å svara på. Sjølv om fjellet er Voss sitt mest profilerte så eksisterer det fleire "svar". På forskjellige kart og nettsider er den oppført med 1401, 1410, 1411 og 1412 meter, men det er nok den siste høgda som er mest allment akseptert.
heisann, har du gitt ut noen bøker?
Nei, eg har ikkje det. Har ikkje tid no - det får bli når eg blir pensjonist (og det aktar eg ikkje å bli før eg er 85 :-)
Bonjour! Har du tenkt å holde noe foredrag i Oslo område hvor det er mulighet å melde seg på? :)
Eg har desverre ikkje konkrete planar om foredrag i Oslo i nær framtid.
Hei, turen som skal gå til Elbrus i juni kunne eg tenka meg å vera med på, men har desverre ikkje anledning då denne turen går. Kjem du til å ha fleire turar dit f.eks. neste år?
Ja, planen er å ha ein tur til Elbrus kvar sommar. Følg med på sida mi - dato og meir informasjon om neste års tur kjem i løpet av hausten.
kor mange fjell har du vert på?
Oi... det var litt av eit spørsmål... Det er umogeleg og telja, men av dei verkeleg store så har eg no klatra to fjell over 8000 meter (Cho Oyu og Shisha Pangma) + eit mislykka forsøk på Everest.
Hei Jarle! Jeg sikler i hemmelighet på Mudrow-ruta. Har du ikke ei dagbok fra denne turen liggende på sidene dine?
Eg har desverre ikkje lagt ut noko detaljert tekst frå denne ekspedisjonen - kanskje får eg gjort det etterkvart... Du kan imidlertid ta kontakt med meg direkte for meir info. Eg kan også "avsløre" at eg håpar å få til ein arrangert ekspedisjon opp Muldrow-ruta kanskje i 2008 eller 2009. Muldrow-ruta er kanskje den mest fantastisk turen eg har hatt, i alle fall utanom Himalaya. Lite kan måle seg med den urørte og kollosale Alaska-naturen!
Mye spennende! Men hvordan finner du midler??
Tjener nokre kroner på mine kommersielle ekspedisjonar (sjå PROGRAM 2007). I tillegg har eg også ein "vanlig" jobb som klatrar i Nordsjøen og eg held ein god del foredrag. På mine større ekspedisjonar får eg også ein del pengar frå mine sponsorar. Totalt sett blir dette nok til at eg slepp å leva på havregraut og pemmikan...
Korleis er det å gå utan oksygen på toppane i Himalaya?
Det er eigentleg litt vanskeleg å forklara. Reint fysisk så er det sjølvsagt mykje tyngre dess høgare opp ein kjem. Mindre oksygen i lufta og lågare lufttrykk gjer at det av og til føles som om du pustar gjennom eit sugerøyr... Men det er også eit psykisk aspekt ved det å passere 8000 meter - eller dødssonen som det ofte vert kalla. Eit fjell på 7000 meter er sjølvsagt også høgt, men det er først når du nærmar deg 8000 at det verkeleg blir ekstremt. Du blir sløv, gløymsk og tida "står stille" (det har i alle fall eg opplevd eit par gonger).
Kvifor svarar du ikkje......? mvh TT - tassane
Forresten... Eg og Åsmund har begynt å diskutera/planlegga/drøyma om ein TT-tass-ekspedisjon til Pik Kommunizma (7495m) i Tajikistan - det høgaste fjellet i Pamir-kjeden (og også det tidligare Sovjet-unionen). Dette fjellet er beskreve som storfjell-utgåva av Matterhorn. Ein Dream-team ekspedisjon med dei sterkaste klatrarane i Aak??? Sjå
bilete av fjellet
Bra treningslogg, men kva med å loggføre offshore klatringa/treninga di? mvh undrande TT - tassar
Hey der ute på Ekofisk... Nesten flaut å innrømma det, men på denne turen vart det nesten ingen trening - berre ein gong klarte Åsmund å lokka meg over på H-plattformen for halvannan times spinning. Sikkert fordi det var så knallhard jobbing at eg var sliten om kvelden... (ironisk). Det samme gjeld nok for klatringa, trur ikkje det er plass på serveren viss eg skal føra opp all klatringa som eg hadde på denne turen (dobbelt-ironisk).
Ser ut som du har Bergans sitt telt "Cho Oyo"? Regner med at det fungerer bra i vinterfjellet? Hvordan fungerer det f.eks i vått vestlandsvær?
Cho Oyu er først og fremst eit suverent telt til ekspedisjonsbruk og ellers under kalde forhold - ekstremt låg vekt, veldig vindstabilt og gode puste-eigenskapar. Eg har ikkje fått testa det når det regnar, men Dermizax'en fungerer jo bra i jakkene og buksene til Bergans, så eg reknar med det ikkje er noko problem når det regnar heller. Eg brukar det stort sett kun når eg er åleine, eg trur nok at kondens og rim kan bli eit problem dersom ein er to i teltet vinterstid.
Kortid kjem du og tar ei pils med oss i Ålvik....?
...når nabokatten har roa seg litt - slik at eg kan få ligga i fred om natta på verandaen...
Kva blir din neste tur no?
Eg drar til Skottland frå 14. - 24. september i forbindelse med at eg skal halda eit foredrag på Fjord Line sin Englandsbåt. Me tar ei god veke i det skotske høglandet, kanskje stikk me oppom Ben Nevis, kanskje køyrer me til klippane på vestkysten. Men ein ting er sikkert - når me først er i Skottland skal eg både overnatta på eit skikkeleg slott, og eg skal prøva å fiska etter Nessie...