 | I 2010 arrangerte me for første gong ein tur i heimlege fjell. Fantastisk natur, spesielle overnattingstader og lokale mattradisjonar gjorde dette til ein fjelltur heilt utanom det vanlege. |
.jpg) | Fotturen på Svalbard i august 2010 vart ein fantastisk reise i urørt og barsk natur. Vidder, breer, fjell, elver og fjord forserte dei på sin veg frå Isfjorden Radio til Barentsburg. |
 | Her håpar eg (dersom teknikken står meg bi) å få lagt ut bilete undervegs i ekspedisjonen. Eg akklimatiserte først sammen med gode venner på Elbrus. Ca. 25. mai reknar eg med å stå på toppen av Everest. |
 | 8. - 24. november 2008 reiste ein stor gjeng til Peru for å gå Inca Trail fram til Machu Picchu. Me besøkte også Amazonasjungelen, Titicacasjøen og dei utrulege Ballestas-øyane. Peru er eit utruleg flott land! |
 | Alle kom til topps på min andre sommartur til Kilimanjaro i 2008. Sjå bilder frå den heilt spesielle opplevinga me hadde på toppen. |
 | Med sykkel og joggesko til Tenerife. Me var ikkje på stranda ein einaste gong! |
 | Haute Route er for topptur-entusiaster det samme som Monaco Grand Prix er for Formel 1-fans eller Champions Leage for fotballfrelste. Me traff hundre prosent med vær og føre - maksimalt! |
 | 13 av 18 til topps på Sør-Amerikas høgaste fjell. Kjempeprestasjon av den store gjengen som var med på min første arrangerte Aconcagua-ekspedisjon. |
 | I oktober var eg til Peru for å forbereda og planlegga neste års arrangerte tur. Eg drog også til Rio de Janeiro - men det var kun ferie... |
 | Bilete frå dei Italienske og Sveitsiske alper sommaren 2007. |
 | Å ha ein god kompis på Svalbard er ok... Brynjulv og hans kollega Petter tok meg med på ein rundreise som eg aldri kjem til å gløyme. 500 kilometer på snøscooter rundt heile Nordenskiöld Land (sentrale Spitsbergen) og toppturar til tindar som det nesten aldri er folk på. |
 | Min første arrangerte ekspedisjon til Svalbard. 11 personar gjekk runden frå Lomonosov-fonna via Newtontoppen, Atomfjella, Austfjordneset, Mittag-Leffler breen og Tarantellen. Les meir under "MINE EVENTYR" i menyen. |
 | Desse bileta er frå gruppe 2 i 2007. Alle 13 stod på Afrikas tak - og safarien vart heilt spesiell... |
 | Brynjulv, Geir Arne og eg klarte å komma oss til topps på det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya-kjeda. Då me stod på toppen var det ingen andre i verda som var høgare enn oss... Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR" i menyen. Vil DU vera med til Aconcagua - sjå "PROGRAM 2007". |
 | Shisha Pangma var den første verkeleg store utfordringa for meg. Det 8027 meter høge fjellet var det siste av dei fjorten fjella over 8000 meter som vart klatra. Det er fortsatt blant dei som har hatt færrast bestigningar - sjølv K2 har hatt langt fleire.
Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | Kvifor reise tilbake til eit fjell som ein alt har klatra? Når det store regnskapet ein gong skal gjerast opp, dreier det seg ikkje om antall klatra fjell - men heller om antall døgn tilbrakt åleine eller saman med gode kameratar i naturen. Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | Chomolongma på Tibetansk, Sagarmatha på Nepalsk - nøyaktig 8844,43 meter høgt (riktignok med ein feilmargin på 21 cm...). Ingen over - ingen ved sida. Det finns berre eit "verdas høgaste fjell", men det finns mange måtar å klatre det på. Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | I 2004 klatra eg min første 8000-metring. Cho Oyu på grensa mellom Nepal og Tibet er 8201 meter høg, og med det verdas 6. høgaste fjell. Eg klatra åleine, utan hjelp av sherpaer eller oksygen. Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | Kilimanjaro er så mykje meir enn Afrikas høgaste fjell. Kulturen og dyrelivet er blant det mest spesielle i verda. Og sjølv om fattigdomen lyser mot deg over alt, er likevel menneska smilande og blide heile tida. Dei krev ingenting av deg - unntatt at du skal trivast... |
 | Muldrow-ruta er ein av dei rutene som blir sjeldnast klatra på Nord-Amerikas høgaste fjell (6194m). Lista over utfordringar er lang: Store elvar, grizzlybjørn, mygg, myr og kratt, vanskelege og farlege brefall, is og snø opp til 50 grader bratt, voldsomt vær, ekstrem kulde, høgderelaterte problem. Eg og Håkon klarte ikkje sei nei til ei slik utfordring... Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | Grønland er stort, kvitt og vakkert. Einsformig også, vil kanskje nokon påstå, men eg trur ikkje dei har vore der... Soloppgangane og solnedgangane vil eg aldri gløyme. Kulde så intens at du faktisk kan "høyre" den, er det heller ikkje mogeleg å gløyme. Møtet med det vesle alkoholiserte fangstsamfunnet Isertoq sit også spikra i minnet. Les meir om denne ekspedisjonen under "MINE EVENTYR". |
 | Dette var min første store "ekspedisjon". Men det blir litt feil å kalle det ein ekspedisjon - det var berre ein lang fjelltur... riktignok litt lenger enn dei eg hadde gått før, men likevel. Eg var også oppom dei høgaste fjella både i Norge, Sverige og Finland på min veg nordover. Eg brukte kun eit vegkart over Norge i skala 1:375 000. Eg dusja tre gonger i løpet av turen - heldigvis møtte eg lite folk... |
 | |
 | Det seier seg vel sjølv... her finn du bilete frå diverse mindre turar. |