Alle som er interessert i fjell og flott natur bør ein gong i livet oppleva den utrulege følelsen av å stå ved foten av det høgaste av dei alle. Mt. Everest, Chomolongma, Sagarmatha... Verdas høgaste fjell er ikkje berre ein 8000 metring, det er nesten ein 9000 metring! Island Peak, eller Imja Tse som fjellet eigentleg heiter, strekker seg heile 6189 meter mot himmelen. Men når du står på toppen av dette fjellet, som ville vore ein gigant alle andre stader i verda, og kikkar inn i sørveggen av Lhotse som reiser seg over 2000 meter over deg - då forstår ein verkeleg kva Himalaya dreiar seg om...
Men å gå Khumbu-dalen frå Lukla til Everest Base Camp er mykje meir enn høge fjell. Khumbu-dalen er Sherpaene sin dal. Her blir all transport basert på bærarar, oksar og yak-oksar, her er ingen vegar eller motorisert ferdsel. Sherpaene er eit svært vennlig og humoristisk folkeslag, og dei ler og skrattar av vitsane dine, sjølv om det ikkje var meint som ein vits...
| Reisemål: | Island Peak / Everest Base Camp / Kala Pattar |
| Land: | Nepal |
| Max. høgde: | 6189 moh. |
| |
| Antall dagar: | 23 (18 på fjellturen) |
| |
| Datoar: | Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus |
| |
| Min. antal: | 7 |
| Max antal: | 16 |
| |
| Påmeldingsfrist: | 60 dagar før avreise |
| Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter |
| |
| Pris 2010: | 34 900,- |
| Pris 2011: | 34 900,- |
VERDAS FLOTTASTE UTSIKT
Dei små isolerte landsbyane som heng i fjellsidene, Yak-oksane, gjestfriheita til Sherpa-folket - alt er med på å gjera denne turen til noko du aldri vil gløyma. I tillegg kan du bestiga Island Peak på heile 6173 meter som står mellom dei verkelege gigantane i dette området. Me skal også bestiga Kala Pattar, ein liten topp bak Everest Base Camp, men frå toppen har du det som blir kalla "verdas flottaste utsikt". Everest Base Camp er også ein spesiell stad og besøke, når ein tenker på all historien som er knytta til plassen. Minnesmerka over dei mange klatrarane som har omkomme på dette fjellet gjer inntrykk.
PRISEN INKLUDERER
- Fly tur/retur frå Norge til Kathmandu - All transport i Nepal - Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom - 16 dagers fottur med lokale guidar, kokkar og bærarar - Alle måltider på fotturen - Alle tillatelsar og parkavgifter - Norsk turledarPRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 100 dollar) - Visum til Nepal: 40 dollar (ordnast på flyplassen) - Flyplass-skatt: ca. 25 dollar - Lunsjar og middagar i Kathmandu og Lukla - Drikkevarer - Evt. enkeltromTRANSPORT
Fly frå Norge til Kathmandu. Fly frå Kathmandu til Lukla.OVERNATTING
I Kathmandu bur me på eit fint hotell. På fotturen i Khumbu-dalen bur me 2 personar i tre-mannstelt. Lodgane i Khumbu-dalen er av ein så enkel standard at det er tryggare med tanke på mathygiene å etablere telt-leirer og ha med eigen kokk. Det er mange stader mogeleg å sove i lodgane for dei som ønsker det. Å overnatte på lodge er dei fleste stader svært billeg.
MAT
Kokken vår Buddhi diskar opp med gode og næringsrike måltid undervegs på fjellet. Me får varm lunsj omlag halvvegs kvar dag.FYSISK FORUTSETNING
Me går forholdsvis korte dagsetappar for å akklimatisera oss skikkeleg, slik at me unngår ubehag når me kjem heilt inn til foten av Everest. Me prøver oss på Island Peak etter at me har vore inn til Everest Base Camp, dermed er me i teorien godt akklimatisert. Ein viss kondisjon er påkrevd, du må klare å gå ein lang fjelltur utan store problem. Bærarar tar mesteparten av bagasjen din (15 kg.), så du bærer kun dagstursekk sjølv.Du kan sjølvsagt også vera med på denne turen sjølv om du ikkje trur du er i stand til å bestiga Island Peak. Du kan då venta i Base Camp den eine dagen me brukar på bestigninga. Å bestige Island Peak er tøft. Det krevst ein del utstyr, faste tau, stegjern, isøks, klatresele og jumar (tauklemme). Det er ein bratt snøbakke opp til toppryggen, som er eksponert, dvs. at den er skarp!
TUREN DAG FOR DAG
Dag 1: Me flyr frå Norge…Dag 2: …til Kathmandu. Me blir transportert til Vaishali Hotell, eit av dei betre hotella i Kathmandu og resten av dagen kan du enten slappa av eller du kan gå ut og oppleva den veldig spesielle atmosfæren i Thamel, den mest fargerike bydelen i Kathmandu. Det er umogeleg å kjeda seg i Kathmandu. Du kan handle souvernirar i ein av dei mange små butikkane eller du kan berre sitta på ein av dei mange små restaurantane og sjå på livet nedanfor. Men vær oppmerksom når du går i gatene, sykkeltaxiane som kjem susande i full fart nedover dei trange gatene har som regel dårlige bremsar…Dag 3: Kathmandu (1530m) - Lukla (2800m) - Phakding (2600m) I dag får du sannsynligvis oppleva den mest spektakulære flyturen i ditt liv. Viss det ikkje er skyer så ser me Mt. Everest, Cho Oyu, Lhotse og hundrevis av andre fjell i Himalaya. Landinga på flyplassen i Lukla (2800m) er spesiell, flyplassen ligg på ei hylle i fjellet og den er faktisk ca. 10 grader bratt. I Lukla møter me sirdaren vår (sjefsguiden), kokken og bærarane våre, som kjem til å gjera sitt ytterste for at me skal få ein behageleg og fin tur innover Khumbu-dalen. Etter å ha ete lunsj og snust litt på stemningen i den spesielle landsbyen startar me turen innover Khumbu-dalen med å gå til Phakding der me overnattar. Gangtid: 4 timerMerk: Flyregulariteten på strekninga Kathmandu - Lukla er heilt avhengig av været. Derfor satsar me på å fly opp til Lukla alt første dagen me er i Kathmandu. Dersom det ikkje er vær til å fly i, flyttar me ein av dagane som me har i Kathmandu til før fotturen.
Dag 4: Phakding (2600m) - Namche Bazaar (3400m) Dette er dei store hengebruers dag, og sjølv om me er heilt i begynnelsen på vår lange vandring innover Khumbu-dalen, så ser me likevel fantastisk flotte og ville fjell på begge sider av dalen. Når me kjem til Monjo så går me inn i sjølve nasjonalparken, Sagarmatha National Park. Den siste hengebrua over elva Dudh Kosi, ledar oss rett inn i den siste lange motbakken opp til Namche Bazaar, "hovedstaden" i Khumbu-dalen. Namche Bazaar er ein svært spesiell liten landsby der husa ligg i ein amfi-lignande dal på terassar over kvarandre. Dette har i alle år vore ein marknadsplass der handelsfolk frå Tibet og Nepal møtes for å selge og kjøpe varer. I Namche Bazaar er det også ein del små butikkar, dersom du har behov for å supplera litt på utstyr eller bekledning. Gangtid: 7 timerDag 5: Kvile- og akklimatiseringsdag i Namche Bazaar (3400m). Me lar kroppen venna seg til den tynne lufta før me går vidare innover Khumbu-dalen. Men me går ein liten tur i dag også. Me går opp til Everest View Hotel, der me sannsylegvis får sjå Mt. Everest for første gong. Men me ser også Ama Dablam, Lhotse, Nuptse og mange andre av dei aller største og flottaste fjella i verda. Her kjem det garantert til å bli tatt mange bilder. Kanskje går me heilt opp til Khumjung, den vesle landsbyen som Tenzing Norgay kom frå, Sherpaen som sammen med Edmund Hillary var dei første menneska på toppen av Everest. På veg ned igjen går me innom Everest-museet. Når me kjem ned igjen til Namche Bazaar kan det kanskje frista å stikka innom til den lokale bakaren, han er berømt for sine fristelsar! Her er det også Internett for dei som vil senda ei helsing heim.Dag 6: Namche Bazaar (3400m) - Dewoche (3700m) Me går vidare innover på vestsida av dalen, men etterkvart går stien ned mot elva og krysser denne like under den lange motbakken opp til klosteret i Tengboche. Dette klosteret er berømt for den fantastiske beliggenheita og utsikta, og mange kjente fjellklatrarar har vore innom her for å få velsigninga som trengs før ein begir seg i kast med dei store fjella i området. Me stikk innom klosteret og får oppleva den spesielle semonien som munkane utfører mange gonger for dagen. Me går ned til Dewoche der me overnattar. Gangtid: 8 timer
Dag 7: Dewoche (3700m) - Dingboche (4400m) Etter eit kort besøk i nonneklosteret i Dewoche, går me vidare innover dalen. I dag har me flott utsikt mot Everest. Me forlater etterkvart skogen og det vert mindre og mindre vegetasjon innover mot Dingboche, der me skal overnatte. Dette er den øverste permanente busettinga i Khumbu-dalen, og ein av dei høgaste i verda! Me er nå der som dalen deler seg, går me til venstre kjem me til Everest Base Camp, går til høgre kjem me til Island Peak. Frå Dingboche kan me sjå Island Peak innerst i dalen. Me skal altså inn begge dalane... men Everest Base Camp først! Gangtid: 6 timerDag 8: Kviledag og akklimatiseringsdag i Dingbouche (4400m). Me går kanskje opp på ein av dei små (alt er relativt...) toppane i området.Dag 9: Dingboche (4400m) - Lobuche (4900m ) I dag forlater me vegetasjonen totalt, og Everest kjem nærmare og nærmare... Me passerer Chukpilhara, som er mest kjent for alle minnesmerka over Sherpaene som har mista livet på Everest. Det er også minnesmerke over fleire vestlige klatrarar, blant anna fleire av dei som mista livet under dei dramatiske dagane i mai 1996. Gangtid: 6 timer
Dag 10: Lobuche (4900m ) - Gorak Shep (5150m) Me følger Khumbu-breen heilt inn til Gorak Shep. Her ligg dei øverste lodgane i Khumbu-dalen. Viss det er stemning for det tar me turen heilt inn i sjølve Everest Base Camp. Men det er morgendagens tur opp på Kala Pattar rett over Everest Base Camp som er rosinen i pølsa. Gangtid: 4 timer (8 dersom ein går heilt inn til Everest Base Camp)Dag 11: Gorak Shep (5150m) - Kala Pattar (5600m) - Dingbouche (4400m) Me står tidleg opp for å gjennomføra vårt eige vesle toppstøt i skyggen av Everest. Me skal opp på Kala Pattar, eit stort fjell dersom det hadde stått andre stader i verda, men berre ein liten "haug" her klemt inne mellom dei enorme fjella. Me får det som mange kallar "verdas flottaste utsikt" frå toppen - Everest Base Camp med det berykta Khumbu-brefallet og sjølvaste Mt. Everest i bakgrunnen. Det er kanskje nokre få ekspedisjonar i base camp, men dei aller fleste klatrar no fjellet i mai. Dette er den mest berømte staden i heile Himalaya. Det var frå Everest Base Camp Edmund Hillary og Tenzing Norgay starta bestigningen i 1953 som leda dei heilt til topps. Det var også her Arne Næss og gjengen hans hadde leir då dei vart dei første nordmennene på toppen. Me tar bilder og nyter det å vera på ein så spesiell plass før me vandrar ned igjen til Gorak Shep, der me et lunsj, før me går vidare nedover dalen til Dingbouche (evt. Doughla). Dette er ein lang dag. Gangtid: 8-9 timar
Dag 12: Dingbouche (4400m) - Chukung (4700m) Gårsdagen var lang, derfor går me i dag ein kort etappe oppover dalen mot Island Peak. Me samler no energi til vårt andre store mål. Me har Island Peak rett framfor oss omtrent heile dagen. Me har også storslagen utsikt til Lhotse. Om ettermiddagen øver me litt på rutiner ang. bestigninga av Island Peak. Me skal bruke faste tau på det brattaste partiet, og me øver på å bruke jumar (tauklemme) og stegjern. Gangtid: 3 timerDag 13: Chukung (4700m) - Island Peak Base Camp (5050m) Me har nok ein kort og fantastisk flott etappe framfor oss, me blir etter kvart bortskjemt på flotte fjellmotiv. Me kjem forholdsvis tidleg fram til leiren, slik at me kan kvile å slappe av, no nærmar det seg toppstøtet. Gangtid: 3 timerDag 14: Me forflytter oss opp til High Camp på ca. 5600 moh. Fantastisk utsikt frå leirplassen. Me legger oss tidleg for å gjera oss klar for nattas toppstøt.Dag 15: Topptstøt Island Peak (6189m) - Chukung (4700m) Me startar tidleg, før sola kastar dei første strålene på dei gigantiske fjella rundt oss. Me bruker hodelyktene oppover mot breen. I det me når brekanten (5800m) er det sannsynlegvis blitt lyst. Me fortsetter i tau og med stegjern oppover breen. Den siste bratte bakken opp på topp-eggen benyttar me faste tau. Toppeggen er spektakulær og du får verkeleg følelsen av å ha besteget eit stort fjell - og det har du! Me bruker kanskje 7 timer opp, og 3-4 timer ned igjen. Mektig slitne, men også mektig fornøyde traskar me inn i Base Camp, og kokken ordnar heilt sikker med noko ekstra godt for å feire bestigninga. Etter eit kort måltid går me vidare ned til Chukung (4700m)
Dag 16: Reservedag Island Peak. Været kan ingen styre, og det er greit å ha ein ekstra dag dersom me ikkje kan prøve oss mot toppen den første dagen.Dag 17: Chukung (4700m) - Dewoche (3700m) Me går langt nedover dalen, både fordi me er svært godt akklimatisert, men også fordi sivilisasjonen lokkar... Gangtid: 7 timarDag 18: Dewoche (3700m) - Phakding (2600m) Når me kjem til Namche Bazaar, føles plassen mykje større enn den gjorde på veg innover. Me har blitt vant med dei små landsbyane langt inne i Khumbudalen som berre består av nokre få hus og lodgar. Me går vidare til Phakding. Gangtid: 6 timarDag 19: Phakding (2600m) - Lukla (2800m) Me er no heilt nesten heilt nede i "tjukklufta" igjen, så den siste etappen fram til Lukla går lett. Gangtid: 4 timar
Dag 20: Fly: Lukla - Kathmandu Me tar morgenflyet, slik at me kan nyta ettermiddagen i Kathmandu og ikkje minst forbereda oss til feiringa om kvelden...Dag 21: Sightseeing i Kathmandu er noko anna enn i dei fleste andre byar. Likbrenning og apekattar i kloster er ikkje akkurat daglegdagse opplevelsar for dei fleste av oss. Me besøker Pashupatinath, der Nepalesarane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Me besøker også Durbar Square og Boudnath. Inntrykka du får denne dagen kjem til å vare resten av livet.Dag 22: Me får tid til å gjera dei siste innkjøpa, eller me kan slappa av på hotellet. Om ettermiddagen drar me til flyplassen. I det flyet tar av får me kanskje eit siste glimt av Nepals mange 8000-metringar: Everest, Cho Ouy, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Dhaulagiri, Annapurna og Manaslu. Rart å tenka på at først i det me nærmar oss marsjhøgde, er me høgare enn dei høgaste fjella i Himalaya...Dag 23: Heime igjen i gamlelandet, fulle av inntrykk av flotte naturopplevelsar, eksotisk kultur og ikkje minst minner om eit fantastisk og hyggeleg folkeslag.
INFORMASJONSMØTER
Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha. PRIVATE TURAR
Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.
Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.
|