Kilimanjaro
Fakta om turen
Referat 2010: Tur 2
Referat 2010: Tur 1
Referat 2009: Tur 4
Referat 2009: Tur 3
Referat 2009: Tur 2
Referat 2009: Tur 1
Referat 2008: Tur 5
Referat 2008: Tur 4
Referat 2008: Tur 3
Referat 2008: Tur 2
Referat 2008: Tur 1
Referat 2007: Tur 5
Referat 2007: Tur 4
Referat 2007: Tur 3
Referat 2007: Tur 2
Referat 2007: Tur 1
Referat 2006: Tur 2
Referat 2006: Tur 1
Reisebrev Nordhordland
Kilimanjaro på 1 Dag
Bilete: Safari

Kilimanjaro Satelittbilde | Virtual Earth 3D | Google Earth
Er du ein av dei som av og til tenkjer at du ein gong i livet vil kasta deg ut i det ukjente og utfordra deg sjølv, samtidig som du får oppleva noko eksotisk og heilt spesielt - då er dette turen for deg. Me skal bestiga eit av dei verkeleg store fjella i verda - Afrikas høgaste - eit av dei såkalla Seven Summits. Soloppgangen på kraterkanten vil du garantert aldri gløyma! Afrika er eksotisk, spennande og spektakulært!


Safarien på turane mine går til Ngorongoro-krateret og Lake Manyara, kanskje dei to mest berømte og fantastiske nasjonalparkane i heile Afrika. Ngorongoro-krateret er den mest storslåtte og intense safari-opplevelsen du kan oppleva nokon stad i verda!

Legg merke til at på mine turar så flyr me med KLM både til og frå Kilimanjaro Airport ved foten av Kilimanjaro. På denne måten slepp ein den ekstremt lange og krevande bussturen mellom Nairobi og Kilimanjaro, som mange arrangørar brukar. Å fly til Nairobi er ein del rimelegare, men det vert ein mykje meir slitsom tur totalt sett, og det går ein heil dag ekstra til buss-transport kvar veg.

Les og sjå bilder frå ein av turane i 2008: 20 av 20 på toppen!.

NB! I januar 2011 arrangerer eg ein litt spesiell tur opp Rongai-ruta frå nordsida av fjellet. Me går nedatt Marangu-ruta. Rongai-ruta er kjent for sitt rike dyreliv, og det er mindre vegetasjon enn på dei normale rutene på sørsida. Det er berre nokre få prosent av dei som bestiger Kiliamanjaro som gjer det via denne ruta! Denne turen kjem til å koste litt meir enn mine vanlege turar (kr. 1500,- ekstra).

Reisemål:Kilimanjaro
Land:Tanzania
Max. høgde:5895m
 
Antall dager:12 (7 dager på fjellturen)
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Min. antal:7
Max antal:16
 
Påmeldingsfrist:60 dagar før avreise
Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter
 
Pris 2010:36 900,-
Pris 2011:36 900,- (Turane som går Rongai-ruta kostar 1500,- ekstra)

Webkamera der du får sjå fjellet akkurat no: www.kilicam.com


Dette er Machame-ruta, den mest spektaulære ruta til toppen av Kilimanjaro!

AFRIKA I EIT NØTTESKAL

Afrika vil gjera inntrykk på deg på mange måtar. Fantastisk natur, utruleg dyreliv, vennlige menneske og ein totalt forskjellig - men fascinerande kultur. Men me skal ikkje berre opp til 5895 meter, det er kanskje det varierte programmet som gjer denne turen så unik. Me skal oppleva mykje av det som gjer Afrika så spesielt: Bestigning av Kilimanjaro og safari i nasjonalparkane Ngorongoro og Lake Manyara, der me får sjå det meste av Afrikas unike dyreliv. Kva med å legga til nokre avslappande dagar på stranda i Zanzibar for verkeleg å la inntrykka frå Kilimanjaro-ekspedisjonen og safarien synka inn (sjå nederst for meir informasjon).


Afrikas høgaste fjell (5895 meter) er verdas høgaste frittståande fjell, dvs. som ikkje er del av ein kjede. Den (forhåpentlegvis!) utdøydde vulkanen reiser seg nøyaktig ei halv vertikal mil over steppelandet rundt. Den vart første gang bestege i 1889 av tyskaren Hans Meyer. Kilimanjaro ligg omtrent på ekvator men det ligg likevel snø på toppen. Men - amerikanske forskarar anslår at innan 15 år vil snøen på Kilimanjaro ha smelta vekk - så vil du sjå den berømte snøen på Kilimanjaro (som Ernest Hemningway skreiv om) så må du få fingeren ut no... Dei fleste som bestig Kilimanjaro gjer det via Marangu-ruta. Denne ruta vert kalla Coca-Cola-ruta. Me går den langt meir spektakulære og varierte Machame-ruta. Denne ruta vert kalla Whiskey-ruta! Dei fleste er einige om at dette er den flottaste ruta på Kilimanjaro. I tillegg traverserer denne ruta rundt mykje av fjellet - så du får sjå fjellet frå fleire sider. Det vanlege på Kilimanjaro er å bruka 5 eller 6 dagar - det er derfor så mange vert sjuke og ikkje når toppen. Me brukar derfor 7 dagar på ekspedisjonen for å akklimatisera oss betre og dermed aukar sjansane for å nå toppen betrakteleg. Me får også ein langt meir behageleg tur med mykje mindre risiko for hovudverk, kvalme og dei andre typiske utslaga av mild høgdesjuke. Me bringer med oss medisinsk utstyr for å takla det meste som kan oppstå på eit slik fjell. Høgdesjuke må tas på alvor også på dette fjellet. Vår lokale guide, som har vore på toppen mange gonger, fører oss sakte men sikkert til topps. Pole, pole - sakte, sakte - seier han dersom han syns me går for fort. Å gå sakte og å drikka mykje er oppskrifta for å komma seg til topps.


PRISEN INKLUDERER

- Fly tur/retur frå Norge til Kilimanjaro Int. Airport.
- All transport i Afrika
- Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
- 7 dagars Kilimanjaro-ekspedisjon med lokale guidar, kokkar og bærarar
- 3 dagars safari med lokale guidar
- Alle måltid på Kilimanjaro-ekspedisjonen
- Alle måltid på safarien
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Norsk turledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på Kilimanjaro (ca. 140 dollar)
- Tips på safari (ca. 20 dollar)
- Lunsj og middagar i Moshi
- Drikkevarer
- Visum til Tanzania (50 dollar, ordnast på flyplassen)
- Evt. enkeltrom
- Flyplass-skatt på 5 dollar (kun dersom du skal til Zanzibar etterpå)
- Sykkel-safari (15 dollar pr. 2008)


TRANSPORT

Fly (KLM) frå Norge via Amsterdam til Kilimanjaro International Airport som ligg ved foten av fjellet. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand) eller Torp (Sandefjord) blir det eit lite tillegg for tilslutningsfly. Me nyttar modifiserte Toyota Landcruiserar på safarien.

OVERNATTING

I Moshi bur me på Impala Hotel (2 netter). På Kilimanjaro-ekspedisjonen bur me i moderne, romslige tre-mannstelt - to personar i kvart telt (6 netter). På fjellet har me med oss våre eigne toalett-fasilitetar... Dei faste toaletta på Kilimanjaro er av ein sånn standard at eg trur alle vil vera svært glade for å ha eit "skikkeleg" do med seg. På safarien bur me på ein heilt fantastisk lodge (2 netter).


MAT

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me er på sjølve ekspedisjonen, har me med eigen kokk, kjøkkenassistentar og servitørar. Dei gjer sitt beste, og me blir stadig overraska og imponert over kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Me vil stort sett ha tilgang på kjøtt til middag gjennom heile ekspedisjonen. Kokken sender bærarar eins ærend ned igjen for å sikra at kjøttet er ferskast mogeleg. Havregraut er ein av fleire rettar du kan velga til frukost, andre valg er egg, pølser, toast, frukt osv. Frukost, lunsj og middag blir servert i eit stort spisetelt, med stolar og bord. Me får altså varm lunsj servert i spiseteltet halvvegs på stort sett alle dagsmarsjane.

FYSISK FORUTSETNING

Kilimanjaro er eit STORT fjell og må ikkje undervurderast. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og må seiast å vera fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Guidane ropar strengt til oss dersom me går for fort. Dei andre dagane er ikkje dagsetappane lenger enn 4-6 timar. Bærarane våre tar seg av all bagasjen din - du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Det er vanskeleg å setta opp noko konkret øvre aldersgrense for denne turen, då det ofte ikkje er noko sammenheng med kor god form ein er i og korleis ein fungerer på fjellet. 70-åringar kan vera sprekare enn 30-åringar i mange høve. Det kan også bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 5-10 minusgrader. Ellers vil temperaturen stort sett vera behageleg. Eg anbefaler no dunjakke på Kilimanjaro-turane mine. Den er spesielt god å ha på toppstøtet, men også på kveldstid i leirane kan den vera god å ha.


TUREN DAG FOR DAG

Dag 1:
Me flyr via Amsterdam til Kilimanjaro Airport som ligg ved foten av fjellet. I den vesle landsbyen Moshi bur me på eit triveleg og landleg hotell i utkanten av den yrande byen.

Dag 2:
Etter frukost vert me køyrt opp til Machame Gate (1800m). Fyrste etappe går gjennom regnskogen opp til teltleiren vår ved Machame Camp (3000m).
Gangtid: 6 timer


Dag 3:
Det startar bratt i dag, men etterkvart vert det litt flatare. I løpet av dagen vert det mindre og mindre vegetasjon og når me kjem fram til Shira Camp (3850m) er det berre enkelte mindre trær og nokre buskar rundt oss.
Gangtid: 5 timer

Dag 4:
Dagens etappe går fyrst opp til Lava Tower (4700m) Dei som føler for det kan bestiga sjølve topp-punktet på dette flotte lava-tårnet. Så går me nedover igjen til Barranco Camp (3950m). Frå denne leiren har me ei fantastisk utsikt rett inn i den loddrette Breach Wall - sydvestveggen på Kilimanjaro - ei utsikt som ein aldri får sjå dersom ein går normalruta. Me kan i detalj studera ruta som Reinholdt Messner brukte når han besteig fjellet - ei rute som han sjølv omtalte som sin farligste klatretur.
Gangtid: 7 timer


Dag 5:
Me startar dagens etappe med å gå opp Barranco Wall, ein 250 meter høg og svært bratt motbakke som ser vanskeleg ut fra campen, men som viser seg å vera lett når ein følger den flotte stien som slyngjer seg oppover. Så går ferda videre opp og ned i mange flotte smådalar før vi til slutt kjem til Karanga Camp (4100m). Legg merke til at leirane både på dag 4,5 og 6 ligg omtrent på samme høgda - rundt 4000 meter. Dette gjer at me får ein mykje betre akklimatisering enn dei som går normalruta. Det er svært viktig å vera godt akklimatisert opp til 4000 meter før ein går høgare.
Gangtid: 4 timer

Dag 6:
I dag er det berre ein motbakke - opp til Kosovo Camp (4880m)... men den er lang! No merkar me for alvor at me verkeleg er høgt oppe. Her er det berre stein og lava, men det er ei heilt utruleg utsikt over det afrikanske steppelandet under oss og me ser også Mawenzi (5149 moh.) rett aust for Kilimanjaro. Me kjem tidleg fram til denne leiren og har ein lang ettermiddag og kveld til å ete, slappe av og sove før me startar topp-støtet ved midnatt. (Merk: Me brukar Kosovo Camp og ikkje Barafu Camp som base for toppstøtet vårt. Kosovo ligg 200 meter høgare og dermed vert toppstøtet ikkje fullt så hardt som det er heilt frå Barafu - spesielt ned igjen trur eg du setter pris på det... Men det kan hende at me må bruke Barafu på nokre ekspedisjonar, dette har faktisk med humøret til ansvarlig Park Ranger og gjere. Som regel ordnar alt seg ved synet av nokre dollar-sedlar, men det er altså ingen garanti for at me får bruke denne leiren).
Gangtid: 4 timer


Dag 7:
Me startar rundt midnatt, og me brukar hodelykter dei første timane oppover den jevne stigninga. Etter kvart som me nærmar oss kraterkanten byrjar det å lysne i aust, og sannsynlegvis rett før me når toppen får me oppleve det som mange beskriv som ein magisk opplevelse - soloppgangen på Afrikas tak. På toppen av Uhuru Peak kan me oppleva at sola faktisk varmar. Etter å ha feira prestasjonen og fått i oss mat og drikke, legg me kursen nedover att og etter nokon timars pause i Kosovo Camp går me vidare ned til Millenium Camp (3800m) eller Mweka Camp (3100m). Dette er ein lang og tøff dag, men dei 3-4 timane med pause i Kosovo Camp gjer undervek for slitne kroppar.
Gangtid opp: 6-7 timer
Gangtid ned: 1,5 timer ned til leiren, så 2-3 timers kvile og vidare 2-3 timar ned

Dag 8:
Me står tidleg opp og går dei siste høgdemetrane ned til Mweka Gate der me vert henta og køyrt attende til hotellet. Me har resten av dagen til å slappa av og kvila, evt. med kald drikke på bassengkanten mens me lar inntrykka frå den fantastiske fjellturen synka inn. Etter kvart tar me turen inn til Moshi for å oppleva det yrande folkelivet der og å starta feiringa av at me har besteget Afrikas høgaste fjell.
Gangtid: 2-3 timer


Dag 9:
Etter eit frivillig morgenbad i bassenget nyter me ein roleg morgon på hotellet. Kanskje drar me inn igjen til Moshi for å handla souvernirar. Så legg me kursen vestover i komfortable landcruiserar mot Lake Manyara i Great Rift Valley, ein 6000 kilometer lang unik geologisk formasjon som nesten deler Afrika i to. Men endå meir unikt er dyrelivet. Dei som ønsker det kan denne dagen vera med på ein sykkel-safari! Me overnattar på Migunga lodge - garantert ein opplevelse du aldri vil gløyme...

Dag 10:
I dag bruker me heile dagen til å utforske Ngorongoro-krateret. Krateret er eigentleg ikkje noko krater, men ein kaldera. Dvs. ein vulkan som har kollapsa inn i seg sjølv. Ngorongoro-krateret er kanskje den mest spesielle safari-opplevelsen i heile Afrika. Me får sannsynlegvis sjå dei fleste av dei spesielle artane som kun finnes i Afrika; løve, gepard, neshorn, elefant, sebra og mange andre. Me overnattar på Migunga lodge også denne natta.

Dag 11:
Me startar tidleg for å få med oss morgon-rushet blant dyra i Lake Manyara, ein annan av Tanzanias mest kjente nasjonalparkar. Her får me også sjå giraff, som me sannsynlegvis ikkje såg dagen før. Så drar me tilbake til Migunga lodge der me et lunsj og får oss ein dusj, før me køyrer i retning flyplassen. Me stoppar på Aru Meru Riverlodge, kanskje den flottaste restauranten i området, og spiser avskjedsmiddag. Dei som skal heim blir så frakta til flyplassen og tar nattflyet attende til Norge, mens dei heldige som skal til Zanzibar får ei overnatting til på Impala før dei flyr til Zanzibar.

Sjå bilete frå safariane mine her.

Dag 12:
Ankomst heimlandet.


AVSLUTT MED BADEFERIE PÅ ZANZIBAR

Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei av dei mest fantastiske strendene i verda? Dumt spørsmål kanskje... men dersom du har tid til overs kan eg tilby ein Zanzibar-pakke som består av 4 netter i ein bungalow på nordspissen av øya. Zanzibar er også eit paradis viss du er interessert i dykking og snorkling.

Pakken kostar kr. 4900,- og består av:
- 1 natt ekstra på Impala hotell i Moshi
- Fly til og frå Stonetown ("hovedstaden" på Zanzibar)
- 4 netter i dobbeltrom på Langilangi Beach Bungalows
- Transport mellom hotell og flyplass (begge vegar)
- Halvpensjon (frukost og middag) inkludert

Du kan også oppgradera til suiter med havutsikt. Ta kontakt for pris.

Her kan du lesa meir om: Lang Langi Beach Bungalows
Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare.
Ta kontakt for meir informasjon.

INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.




Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

01.01.2001 00:00

Copyright © 2009 Jarle Trå