 |
|
| Foredrag | | EVEREST – MOT ALLE ODDS
Dersom du er interessert i foredrag - enten for ei bedrift eller i ein annan samanheng, ta gjerne kontakt:Epost: epostadresse
Telefon: 907 65 330Utstyrsbehov: Prosjektor, lerret og lydanlegg til PC. Evt. mikrofon-anlegg dersom salen er av ein viss størrelse.Foredraget kan tilpassast både til firma og lag/organisasjonar, privat og offentleg. Det kan også tilpassast tidsmessig, slik at det passar til ein kvar anledning.LITT OM FOREDRAGET:
Foredraget kan kort beskrivast slik: Storslagne bilete og film, dramatiske visuelle inntrykk - og ein tankevekkande historie. Men det vert også latter og morsomme episodar.Jarle Trå har gjennomført mange lange og høge ekspedisjonar dei siste 15 åra. Han har gått Noreg på langs og den samme turen gjennomførte han også med kajakk og sykkel. Han har også kryssa Grønland på ski. Men det er dei høge fjella som til dei grader har prega Jarle sitt liv, og spesielt dei høgaste av dei alle, dei få fjella i verda som ragar over den magiske 8000-metersgrensa.Frå å vera ein av Norges minst mediaprofilerte høgfjellsklatrarar, vart Jarle plutseleg førstesidestoff i alle landets medier, då hans siste ekspedisjon til Mt. Everest holdt på å gå frykteleg galt. Han overlevde, men fekk frostskader som vil forfølga han resten av livet.I dette foredraget fortel Jarle sjølv den dramatiske historien om det som skjedde. Filmklipp og unike bilete frå det som blir kalla "dødssonen" illustrerer ein spennande og intens historie. Jarle fortel også om mange av sine andre ekspedisjonar.
Foto: Åsmund Vaage | | 29.05.2006 22:13 |
|
|