Everest 2009
Everest 2009

klage til pfu på artikkel i dagbladet

BAKGRUNN


Lørdag 1. august 2009 publiserte Dagbladets lørdagsmagasin "Magasinet" ein artikkel som omhandla min ekspedisjon til Mt. Everest i i vår. Artikkelen gjekk over 9 sider. Førstesida vart også nytta, der dei med store bokstavar kunngjer at dei kan presentera "Sannheten om dramaet". Artikkelen vart også offentleggjort på nettet samme dag.

Bakgrunnen for artikkelen var min ekspedisjon til Mt. Everest våren 2009. Denne ekspedisjonen gjekk veldig galt. Til tross for lang erfaring med høge fjell, gjorde oksygenmangelen likevel at eg gjekk inn i ein tilstand der eg gjorde alvorlege og uforståelige feilvurderingar. Eg mista delvis bevisstheiten om kva som var i ferd med å skje, og dette førte til at eg fekk forfrysningar på både fingre og tær og alvorleg generell nedkjøling av kroppen. Eg vart avhengig av hjelp frå andre, noko som eg alltid vil vera takknemlig for. Resultatet av det som skjedde er at eg mista alle tærne, og ein god del av fingrane.

Umiddelbart etter at eg hadde lest artikkelen bestemte eg meg for å klage den inn for Pressens Faglige Utvalg. På grunn av at eg ikkje var i stand til å klage på det tidspunktet, har eg venta til eg no er frisk nok til å ta tak i dette.

Eg klagar denne artikkelen inn for Pressens Faglige Utvalg basert på følgande forhold:

1. Eg låg på det tidspunkt artikkelen vart utarbeida og publisert, i svært redusert tilstand og med store smerter på sjukehus, noko Dagbladet var klar over.
2. Utforminga av framsida.
3. Eg fekk aldri reell adgang til tilsvar ang. påstandane frå Dawa og Jon Gangdal, då eg aldri vart gjort oppmerksom på kva dei hadde uttalt.
4. Dei fleste av påstandane som blir presentert i artikkelen er usanne, og Dagbladets journalist vart også gjort oppmerksom på dette av eit av intervju-objekta før artikkelen vart publisert.
5. Dagbladets bruk av kjelder.

Under tar eg meir detaljert for meg desse forholda.


PUNKT 1: MIN MEDISINSKE TILSTAND


I Vær Varsom plakaten punkt 4.6 står det: Ta hensyn til hvordan omtale av ulykker (...) kan virke på ofre og pårørende. (...) Vis hensyn overfor mennesker i sorg eller ubalanse.

På den tida Dagbladet utarbeida og publiserte denne artikkelen, var eg midt i ein serie med operasjonar for å fjerne tærne og deler av fingrane. Eg var innlagt på sjukehus og gjekk på sterke smertestillande medikament. Dette var Dagbladets journalister fullstendig klar over fordi eg hadde sendt ut ein pressemelding 20. juli, altså 10 dager før artikkelen vart publisert. Denne pressemeldinga sendte eg også til Dagbladet. Det stod også på nettsida mi at eg ønskte fred frå presse og media i den vanskelege situasjonen som eg var i. I Dagbladets artikkel vert det referert både til pressemeldinga og oppmodinga på nettsida mi.

Å måtte fjerne tær og deler av fingrane er ein lang og smertefull prosess. Det er vanskeleg å forklare kor tøff denne sommaren har vore, både på grunn av det som skjedde på fjellet, men først og fremst dei tøffe operative inngrepa etterpå. Å beskrive følelsen 1. august då eg las Dagbladets artikkel er ikkje mogeleg.

Kva tungtvegande grunnar meinar Dagbladet det var for å publisera denne artikkelen på dette tidspunktet? Dei var fullstendig klar over min medisinske tilstand. Kvifor kunne dei ikkje kunne vente til eg var i stand til å forsvare meg?

Anders Waage Nilsen tar i sin blogg opp mange interessante moment i forbindelse med denne saka. Han har i mange år arbeida som journalist og var ein av dei som bygde opp magasinet Fri Flyt. Les Waage Nilsen sin meiningsutveksling med Dagbladets journalist her , og ein oppsummerande konklusjon her.

(anmerkning: Anders Waage Nilsen og eg er ikkje bekjente og det har ikkje vore kontakt mellom oss før han skreiv denne bloggen)

I denne bloggen stiller Waage Nilsen blant anna følgande spørsmål til Dagbladets journalist:
"Hvordan kan Magasinet prioritere en ni siders sak om Jarle Trå, når Jarle Trå ennå ikke ønsker å fortelle sin historie? Hvorfor ikke vente til hovedpersonen selv er klar til å prate om det som har hendt? Bildet av mangelfull empati i redaksjonen forsterkes av at forsideredigererne i hovedavisen vinkler saken i maksimal disfavør for Jarle Trå og hans redningsmenn, til dels langt ut over det de har dekning for i Gjerstads tekst. Jeg håper for journalistens del at han ikke har gått god for forsidetittelen “Sannheten om dramaet”. Saken forteller i beste fall sannheten om Dagbladet".

Dagbladets journalist svarer blant anna:
"Jeg har forståelse for at Trå er i en vanskelig situasjon. Men han har selv skrevet sin versjon på hjemmesida og sendt ut pressemelding. Han samarbeider også for tida om en dokumentar som skal sendes på NRK".

Eg har ikkje lagt ut nokon versjon av det som skjedde på nettsida mi. Eg fekk hjelp av andre til å skrive pressemeldingen, sidan eg sjølv hadde problem med å arbeide på det tidspunktet. Eg samarbeider ikkje med nokon om ein dokumentar. Eg har kun sagt ja til eit intervju i forbindelse med ein dokumentar som blir laga om det som skjedde. Intervjuet kunne ikkje skje før i midten av september, då min medisinske tilstand var betre. Utover dette intervjuet er eg ikkje involvert i dette prosjektet i det heile tatt.

I Vær Varsom plakaten punkt 3.9 står det: Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen.


PUNKT 2: UTFORMING AV FRAMSIDA


I Vær Varsom plakaten punkt 4.4 står det: Sørg for at overskrifter, henvisninger, ingresser og inn- og utannonseringer ikke går lenger enn det er dekning for i stoffet.

Dagbladet forhåndskonkluder når dei på heile framsida påstår at dei kan presentere: "Sannheten om dramaet". Vidare står det i innholdsoversikta på side 3 i Magasinet: "Nå kan vi endelig fortelle historien om de ukjente heltene - fem sherpaer som risikerte livet og han som ledet dem, Dawa Chhiri Sherpa".

Sannheita er at Dawa verken var til stades eller spelte nokon rolle i det som skjedde (sjå punkt 4).

I Vær Varsom plakaten punkt 4.10 står det: Vær varsom med bruk av bilder i annen sammenheng enn den opprinnelige.

Biletet som Dagbladet bruker på framsida og i innhaldsoversikta på side 3, vart tatt mens eg låg i sjukekesenga i Kathmandu. Det vart tatt i ein hyggeleg intervjusituasjon, og eg vart spurt av fotografen om eg kunne vise fram hendene. Slik det vert framstilt på førstesida, kan ein få inntrykk av at eg smilande holder opp hendene i triumf.


PUNKT 3: TILSVARSSRETT


I Vær Varsom plakaten punkt 4.14 står det: De som utsettes for sterke beskyldninger skal såvidt mulig ha adgang til samtidig imøtegåelse av faktiske opplysninger.

I artikkelen står det følgande:
"Magasinet har sendt ut forespørsel til Jarle Trå i arbeidet med denne artikkelen, men han ønsker ikke å la seg intervjue".

Dagbladet har ikkje på noko tidspunkt i prosessen med denne artikkelen tatt direkte kontakt med meg. Verken via epost eller telefon. Både epost-adressa mi og telefonnummeret mitt er lett tilgjengeleg på nettsida mi. Telefonnummeret mitt er også tilgjengeleg dersom ein ringer opplysningen. Journalist Tore Gjerstad hadde eg aldri høyrt om før eg såg navnet hans under artikkelen.

I ein telefonsamtale med Peter Nyquist, fekk eg vita at Dagbladet skulle intervjua han sjølv , Lars Oma Erichsrud, Stein R. Grønnerøe og Dawa i forbindelse med det som skjedde i etterkant av Everest-ekspedisjonen min. Dei tre nordmennene var på Everest samtidig med meg, og var sentrale i redningsaksjonen som fulgte. Eg var ikkje klar over at Gangal vart intervjua.

I neste telefon med Nyquist fekk eg vita at Dagbladet hadde sendt han ein epost med nokre spørsmål til meg. Han las deretter opp spørsmåla for meg i telefonen, men sidan eg låg på sjukehus i svært redusert tilstand, var det ikkje aktuelt å snakke med media på dette tidspunktet.

Eg sendte derfor ut ein pressemelding, der eg forklarer min medisinske situasjon og der eg på bakgrunn av dette kom med følgande oppfordring til media: "Dei nærmaste vekene og månadane vil eg fokusere på rekonvalesens og opptrening. I denne forbindelse ønsker eg ikkje å uttale meg ut over det ovennevnte til media, og ber om respekt for dette". Denne pressemeldinga vart sendt til fleire media i Noreg, blant anna Dagbladet.

Eg bad likevel Nyquist om han kunne be sin kontakt i Dagbladet sende det ferdige materialet til meg, slik at eg kunne sjekke om det var faktafeil. Dette svarte Dagbladet nei til. Petter formidla til meg at Dagbladet sa seg villig til å sende ein journalist til Voss "for å lese artikkelen for deg". Dette var heilt uaktuelt pga. min medisinske situasjon på det tidspunktet.

Eg veit at Dagbladet kjem til å argumentere med at dei hadde kontakt med Nyquist, og at dei oppfatta det som om han var min pressekontakt. Men dette var ikkje tilfelle. Eg har først no ved utarbeidelse av denne klagen fått tilgang til den mail-korrespondansen som var mellom Dagbladet og Nyquist.

Dagbladet kunne i alle fall ha sendt desse mailane som kopi til meg, slik at eg var informert om alt som skjedde i forbindelse med denne artikkelen. Eg føler det no i etterkant heilt klart som at Dagbladet bevisst forsøkte å bygge seg eit alibi for seinare å kunne hevde at dei har gjort det dei kunne for at eg skulle få min tilsvarsrett.

Hadde eg fått ein indikasjon frå Dagbladets journalist om at artikkelen ville vera av ein så vanvittig kritisk karakter, og kva utalelsar Dawa og Gangdal hadde kommet med, hadde eg sjølvsagt prøvd å ta til motmæle, til tross for min vanskelege personlege situasjon akkurat då. Eg fekk eit bestemt inntrykk av at Dagbladets artikkel i hovudsak ville dreia seg om debatten rundt UD. Hadde eg fått vita at Gangdal vart intervjua i artikkelen, hadde eg forstått at det også ville bli mykje kritikk mot meg, basert på alt som Gangdal hadde uttalt til media i dagane etter ulykka.

Eg var klar over at Dawa vart intervjua, men eg hadde ingen grunn til å tru at han skulle komme med slike påstandar som han i følge Dagbladet har gjort. Eg, Grønerøe, Erichsrud og Nyquist vart mildt sagt svært overraska og skuffa over Dawa då me såg artikkelen på trykk.


PUNKT 4: PÅSTANDAR I ARTIKKELEN SOM ER USANNE


I Vær Varsom plakaten punkt 3.2 står det: Vær kritisk i valg av kilder, og kontroller at opplysningene som gis er korrekte.

Dagbladets journalist møtte Gangdal og Dawa på Juvasshytta i Jotunheimen. Eg stiller spørsmålstegn ved kva metodar Dagbladets journalist har brukt i dette intervjuet. Det er ein kjensgjerning at Dawa sine engelskkunnskapar er svært begrensa. Vart det nytta tolk ved dette intervjuet? Kva rolle spelte Gangdal i dette intervjuet? Eg har problem med å forstå at Dawa kan ha sagt alt han blir sitert på i artikkelen, og eg kan ikkje forstå det på nokon annan måte enn at han har blitt misforstått. Dei aller fleste av uttalelsane hans er direkte usanne, og dette er enkelt å bevise:

1) "Dawa nektet først å la Jarle Trå dele lisens med de andre klatrerene."
Dette er usant. Dette har aldri vore nevnt av Dawa. Han sendte meg tvert i mot mange epostar for å få meg over på hans ekspedisjon. Alternativet mitt var å la min gode venn Loben Sherpa organisera alt i forbindelse med min ekspedisjon. Men etter fleire epostar, som fortsatt ligg på pc'en min, der Dawa til slutt gjekk ned i pris frå 13000 til 9000 dollar, aksepterte eg hans tilbod.

2) "Ikke før Trå hadde skrevet under en erklæring om at Dawas selskap ikke på noen måte var juridisk ansvarlig for sikkerheten, fikk han tillatelsen."
Dette er også usant. Det har aldri eksistert noko erklæring. Det har heller aldri vore nevnt med eit ord mellom oss. Eg oppfordrar Dagbladets journalist til å be Dawa om å senda han ein kopi av denne påståtte underskrevne erklæringa. (Vil her legge til at ingen av oss skreiv under nokon erklæring med Dawa, men det betyr sjølvsagt ikkje at nokon av oss ville ha holdt han eller hans firma ansvarleg dersom noko skulle skje. Ingen som klatrar høge fjell vil halda andre enn seg sjølv ansvarleg dersom det går galt.)

3) "Dawa ber ekspedisjonslederen om Phurba kan frigis til letingen. Det får han ja til. Phurba tar med seg en kollega, blir lovet betaling og starter på Dawas andre redningsforsøk søndag kveld".
Denne påstanden er så hinsides sannheita som det er mogeleg å komme. Dawa var aldri i kontakt med ekspedisjonsledaren. Ekspedisjonsledaren til Phurba og Pemba visste ingenting om det som skjedde før me alle var trygt nede i ABC igjen. Dette kan bekreftes av den kanadiske ekspedisjonslederen og Grønnerøe. Phurba og Pempa var tilfeldigvis i leiren på 8300 meter for å sjekke om eit snøras hadde ødelagt leiren deira. Det var eg som lovte Phurba og Pemba betaling der oppe. Ingen var klar over at Phurba og Pemba hjelpte meg ned frå fjellet før me var nede igjen.

4) I artikkelen hevdar Dawa at det er han som setter i gang og organiserer heile redningsaksjonen, og sender Lhakpa, Jangbu og Tenzing oppover for å leite etter meg. Dette er heilt feil. Det var Grønnerøe, Erichsrud og Nyquist som organiserte leiteaksjonen frå ABC ved foten av fjellet. Dawa var ikkje involvert i dette, utover at han kl. 08.30 søndag morgen vart informert av Grønnerøe om at ein leiteaksjon var iverksatt. Dawa var heile tida i Base Camp, over 20 kilometer frå ABC, og hadde små mogelegheiter til å kommunisere med dei som var i ABC.

5) Dawa fortel detaljert om eit hendelsesforløp som i hans versjon strekker seg over to dagar. Problemet er berre at Phurba og Pemba var på fjellet samme dagen som Lhakpa, Jangbu og Tenzing, alt skjedde altså samme dagen. Dette er ein logisk brist som journalisten umiddelbart burde ha sett.

Dawa sine uttalelsar vart aldri forelagt meg, men Dagbladets journalist vart informert av Grønnerøe at Dawa ikkje deltok eller spelte nokon rolle under leiteaksjonen:

"I intervjuet med meg som skjedde bare noe få dager etter Intervjuet med Dawa gjorde jeg Gjerstad (Dagbladets journalist) eksplisitt oppmerksom på følgende.

• Dawa var ikke tilstede under bergingsaksjonen.
• Dawa spilte ingen rolle under bergingsaksjonen.

Jeg merket meg spesielt Gjerstads svar som var at han var oppmerksom på dette forholdet, og så gikk han raskt over til å spørre om noe annet. På det tidspunktet tok jeg det derfor for gitt at Gjerstad godtok mitt utsagn og at Intervjuet med Dawa ikke ville fokusere på bergingsaksjonen. Jeg ble derfor meget overasket da jeg leste artikkelen og kan ikke forstå dette på noen annen måte enn at han helt bevisst ikke ønsket å sjekke/få motforestillinger mot det som skulle vise seg å være den røde tråd i hans argumentasjon."

Gjerstad forstod altså, eller burde ha forstått, at uttalelsane til Dawa var usanne allerede før intervjuet med Grønnerøe, lenge før artikkelen vart publisert.

Eg gjer oppmerksom på at Stein R. Grønnerøe leverer ein separat klage på artikkelen til PFU.

I tillegg til uttalelsane til Dawa er det også mange andre punkt i artikkelen som er usanne og upresise:

6) I artikkelen vert det hevda at Phurba og Pemba ikkje har fått betaling for at dei hjelpte meg ned.
Dette er heilt feil. Eg overførte pengar umiddelbart etter eg kom heim til Norge. Dette punktet førte til ein omfattande negativ blogg-aktivitet mot meg under artikkelen på nett dei første dagane etterpå.

7) Det står også i artikkelen at dei tre sherpaene som drog opp for å leite etter meg ikkje hadde fått betaling. Eit par ting måtte avklarast før eg betalte ut pengar til dei. Dei var ikkje opp i leir 3 sjølv om dei meldte ned til ABC at dei var der. Dette veit me heilt sikkert, og også Dawa er inneforstått med dette. Det var desse sherpaene som tok med seg teltet og utstyret mitt på 7700 meter. Dette har eg sjølvsagt ingen problem med, fordi alle trudde på dette tidspunktet at eg ikkje var i live lenger. Men ingen kan no forklare kor alt dette utstyret og dei 1200 dollarane som låg i teltet befinn seg. Eg har likevel betalt dei, fordi eg sjølvsagt er svært takknemleg for det dei tross alt gjorde for å hjelpa meg. Dagbladets artikkel vert det skapt eit inntrykk av at eg ikkje er takknemleg for den hjelpa eg fekk av sherpaene. Kva veit Dagbladet om dette? Eg fekk god tid til å takka kvar enkelt av dei før me drog vidare til Kathmandu.

8) "Jarle Trå viste seg å ikke være forsikret"
Eg har vanleg reiseforsikring. Eg har i tillegg i mange år hatt ein spesiell ekspedisjonsforsikring i IHI, eit dansk forsikringsselskap. Denne var gått ut på dato. Det var kun min feil og det var ein tabbe frå min side. Men når Dagbladet med krigstypar på heile framsida, og inne i artikkelen, hevdar at "Trå hadde ikke forsikring" føler eg meg likevel urimeleg behandla. Alle som klatrar i Himalaya veit at utgiftene ved ein redningsaksjon aldri blir spesielt store. Her finns det uansett ikkje noko redningshelikopter eller redningsapparat. Den einaste back-up planen du kan ha på så store fjell, er å ha med deg ein del dollar oppover fjellet i tilfelle du må be om hjelp frå nokon. Eg hadde med meg totalt 1700 dollar på toppstøtet med tanke på dette. Det som er viktig er å ha forsikring som dekkar inntektstap i framtida som følge av ei ulykke på ein ekspedisjon. Ei slik forsikring har eg. Eg trur ikkje det er mange andre som klatrar høge fjell som har ei slik forsikring. Kvar einaste krone av utgiftene i forbindelse med redningsaksjonen har eg lagt ut av eiga lomme. Eg har også takka nei til økonomisk støtte frå Norges Klatreforbund og diverse privatpersonar i etterkant av det som skjedde.

9) På framsida av Dagbladet påstår Dagbladet at eg ikkje registrerte meg i landet.
I artikkelen skriv journalisten at eg ikkje har registrert meg ved den norske ambassaden i Nepal. Dette er riktig. Eg har aldri visst at dette er ein oppfordring frå norske myndigheiter. Dei fleste av dei eg har hatt kontakt med under mine Himalaya-ekspedisjonar har ikkje registrert seg. Dette gjeld både norske og utanlandske klatrarar. Under 10% av alle nordmenn som kjem til Nepal registrerer seg ved den norske ambassaden. Eg reagerer også på ordvalget på framsida, "registrerte seg ikke i landet". Det kan for utenforståande virka som om eg ikkje hadde alle papira i orden i forhold til dei landa eg var i. Dette er heilt feil. Eg registrerte meg ved ankomst Nepal og ved ankomst Tibet. Eg hadde alle formelle visum og tillatelsar i orden.

I Vær Varsom plakaten punkt 4.13 står det: Feilaktige opplysninger skal rettes og eventuelt beklages snarest mulig.


PUNKT 5: DAGBLADETS BRUK AV KJELDER


I Vær Varsom plakaten punkt 3.2 står det altså: Vær kritisk i valg av kilder, og kontroller at opplysningene som gis er korrekte. Det er god presseskikk å tilstrebe bredde og relevans i valg av kilder.

I artikkelen får Gangdal komme til orde med sin kritikk mot meg uten at det vert stilt eit kritisk spørsmål til han angåande hans eigen Everest-ekspedisjon i 1994 som endte med ei mykje alvorlegare ulykke enn min.

Det var i artikkelen absolutt ingen "bredde" i valg av kilder.

I moderne tid (etter 1990) har det såvidt meg bekjent vore tre alvorlege ulykker på norske ekspedisjonar til fjell over 8000 meter i Himalaya og Karakoram i tillegg til mi ulykke i vår:

1994 Norsk ekspedisjon på Vestryggen av Everest. Ein død og ein skada i snøskred.
2006 Norsk/svensk ski-ekspedisjon ned nordsida av Everest. Ein omkom då eit rapellfeste svikta.
2008 Norsk ekspedisjon til K2. Ein omkom i skred.

Gangdal leda i 1994 ekspedisjonen opp den svært farlege Vestryggen av Everest som enda med den mest tragiske ulykka i nyare norsk Himalaya-historie. Vestryggen av Everest er ein av dei desidert farlegaste klatrerutene på Everest. Den er kjent for sine svært snøskred-utsatte flankar første halvdel av ruta, og vanskelege sikringsforhold i øverste halvdel.

Den omkomne og den skada i Gangdal sin ekspedisjon var fattige sherpaer som vart betalt høge summar for å ta seg av den risikable transporten av utstyr mellom leirane, slik at Gangdal kunne utsette seg minst mogeleg for den risikoen som denne ruta innebærer.

Det er ikkje tvil om at deltakarane på denne ekspedisjonen aksepterte større risiko enn både K2-ekspedisjonen i 2008 og min eigen Everest-ekspedisjon uten oksygen no i vår. Dette seier også den italienske klatrelegenda Reinhold Messner seg einig i. Reinhold Messner er den desidert største nålevande autoriteten innan Himalaya-klatring i verda.

Likevel føler Gangdal tydelegvis at han kan stille seg som overdommar over risikovurderinga både til K2-ekspedisjonen i fjor, og min Everest-ekspedisjon i år.

Kvifor stiller ikkje Dagbladets journalist nokre kritiske spørsmål til Gangdal, all den tid hans svært risikable ekspedisjon førte til eit tapt menneskeliv og ein hardt skada?

Og kvifor vart det ikkje nevnt i artikkelen at Gangdal i mange år jobba som journalist i Dagbladet?

Gangdal har fått kritikk internt i klatremiljøet for måten han gjekk ut mot K2-ekspedisjonen i fjor, omtrent før dei overlevande hadde komme seg ned igjen frå fjellet, og min Everest-ekspedisjon i år. Han har også fått kritikk for sin klatrestil med utstrakt bruk av sherpaer, fordi det alltid er desse som må utføra dei mest risikable jobbane på slike ekspedisjonar. Han har heilt klart ein personleg agenda i å forsvare sine synspunkt med bakgrunn i kritikken han har fått tidligare.

Gangdal kritiserer meg for å utsette sherpaene som var med å hjelpte meg for fare. Den einaste forskjellen mellom hans og min bruk av sherpaer, er at hans bruk er planlagt på forhånd.

Eg kan berre spekulere i kvifor Dawa er sitert slik det kjem fram i artikkelen, men eg konstaterer i alle fall at hans uttalelsar til dei grader bygger opp under Gangdal sin kritikk mot meg.

Dagbladets journalist gjer det til eit stort poeng at det å klatre dei største fjella i verda uten oksygen er svært risikofullt. Det innebærer sjølvsagt risiko å klatre høge fjell, men det er vanskeleg å kvantifisere risikoen på dette området. Eg skal på ingen måte benekte at det er ein større prosentvis risiko å klatre uten oksygen, men det er også risiko ved å bruke oksygen. Det har skjedd fleire gonger at frosne ventilar eller defektar på oksygen-utstyr har leda til dødsfall. Dei fleste av dei som klatrar utan oksygen har lenger erfaring med høge fjell enn dei fleste av dei som klatrar med oksygen.

Når det gjeld påstandane om risikoen ved å klatre åleine, så føler eg også at det blir litt unyansert. Dersom du får problem høgt oppe på eit slikt fjell, er du i realiteten åleine uansett. Ingen kan redde deg ned dersom du ikkje er i stand til å gå på dine eigne bein uansett kor mange sherpaer du har med deg. Det har skjedd utallige gonger at sherpaer og klatrekameratar har måtta forlata klatrarar høgt oppe, som på ei lågare høgd ville vore enkelt å redda.

Dagbladets journalist skriv at eg prøvde å klatre Everest "på det mest halsbrekkende vis". Eg kjenner meg absolutt ikkje igjen i det inntrykket Dagbladet prøver å skape om denne måten å klatre på. Både internasjonalt og nasjonalt i klatremiljøa har det ikkje tidligare vore reist noko spesiell kritikk mot denne måten å klatre på. Det er ein fullstendig akseptert og respektert måte å klatre dei store fjella på, så lenge ein har nok erfaring. Eg kjenner kun til ein person som kritiserer denne måten å klatre på, og det er Gangdal. I internasjonale klatremedia er det større fokus på den risikoen det innebærer at stadig fleire no klatrar Everest som deltakarar på meir eller mindre seriøse kommersielle ekspedisjonar, kun med erfaring frå fjell på kanskje berre 5-6000 meter frå før. Denne måten å klatre store fjell på er verkeleg risikabelt, sjølv om ein benyttar oksygen.

Omlag 5% av dei som klatrar Everest gjer det utan oksygen. På dei aller fleste andre fjella over 8000 meter, er det ein klar overvekt av klatrarar som ikkje nyttar oksygen. Også Gangdal har klatra fjell over 8000 meter utan oksygen. Eg snakka fleire gonger med Gangdal på Everest i 2005 då me var samtidig på fjellet. Eg klatra også den gongen åleine utan oksygen. Eg fekk aldri kritiske spørsmål frå Gangdal ang. min måte å klatre på.

Når det gjelder Dawa så uttaler han som den siste og konkluderande setningen i artikkelen at "Men om jeg så fikk 300 000 dollar ville jeg aldri organisere en tur for en som vil gå alene opp på toppen av Everest uten oksygen". Dette visste eg at ikkje stemmer, og eg sendte derfor ein forespørsel til Dawa frå ein anonym epost-adresse med forespørsel om pris for ei gruppe som også inkluderer ein klatrer som vil klatre fjellet åleine og uten oksygen i 2011. Eg fekk umiddelbart positivt svar og ein pris på 20 000 dollar. Ingen betingelser eller bekymringer blir nevnt.

(anmerkning: Prisen på 20 000 dollar var spesifikt for den eine klatraren som ville klatre åleine og uten oksygen, dei andre deltakarane som ville bruke sherpaer og oksygen fekk ein pris på 25 000 dollar)

I Vær Varsom plakaten punkt 3.2 står det vidare: Vær spesielt aktsom ved behandling av informasjon fra (...) kilder som tilbyr eksklusivitet (...).


KONKLUSJON


Min kritikk av Dagbladet er først og fremst basert på følgande:

Dagbladets artikkel er eit presse-etisk overtramp pga. den mangelfulle hensynstakinga, den utilbørlege spissinga av framsida, den kritikkverdige bruken av framsidebilete og den einsidige kjeldebruken med mangelfull redegjørelse for kjeldas historiske tilknytning til Dagbladet.

Artikkelen er prega av dårleg journalistisk håndtverk som gir seg utslag i manglande faktasjekk og ein forhåndsdefinert agenda.

Dagbladet forhåndskonkluder når dei på heile framsida påstår at dei kan presentere: "Sannheten om dramaet". Vidare står det i innholdsoversikta på side 3 i Magasinet: "Nå kan vi endelig fortelle historien om de ukjente heltene - fem sherpaer som risikerte livet og han som ledet dem, Dawa Chhiri Sherpa".


VEDLEGG


1. Dagbladets førsteside 1. august 2009
2. Dagbladets artikkel i Magasinet 1. august 2009
3. Anders Waage Nilsens bloggpost: Sannheten om Dagbladet
4. Anders Waage Nilsens oppsummerande bloggpost
5. Pressemelding sendt ut 20. juli 2009
6. Epost-korrespondanse mellom meg og Dawa før ekspedisjonen


_____________________________________________________________________________

Les kommentar til klagen her

18.11.2009 18:07

Copyright © 2009 Jarle Trå