Everest 2009
Everest 2009

Everest 2009
Dagbladet vart 9. mars felt i PFU for sin artikkel i Magasinet 1. august 2009.

Lesarinnlegg i Dagbladet 18. juni.


Saksdokument i forbindelse med PFU-saka::
24. oktober: Eg leverer min klage på Dagbladets artikkel.
26. november: Dagbladet leverer sitt tilsvar til min klage.
30. november: Jon Gangdal leverer sin redegjørelse.
8. desember: Grønnerøe leverer sin kommentar til Dagbladets tilsvar i sin sak.
8. desember: Eg leverer min kommentar til Dagbladets tilsvar.
4. januar: Dagbladet leverer sin avsluttande kommentar.
12. januar: Mine avsluttande refleksjonar (ikkje ein del av den formelle saksgangen)
9. mars: PFU feller Dagbladet for artikkelen. Les PFU sin uttalelse.

Her kan du lese mitt svar til Jon Gangdal.

Ein klageprosess i Pressens Faglige Utvalg foregår på følgande måte:
Dagbladet skal levere eit tilsvar på min klage. Deretter får eg kommentere tilsvaret, før Dagbladet til slutt får ein avsluttande kommentar dersom det er nye opplysningar eller synspunkter i min kommentar. Deretter blir saka behandla i sekreteriatet før den kjem opp til behandling og avgjerd i utvalget. Utvalget har som regel møte siste tirsdag kvar månad.

Eg understrekar at offentleggjering av saksdokument er gjort etter godkjenning frå Pressens Faglige Utvalg, Dagbladet og Jon Gangdal.

Presisering etter dokumentaren på NRK 27. des:
1) Norske myndigheiter har ikkje hatt nokon utgifter i forbindelse med det som skjedde, utover at ansatte i UD var engasjert i saka.
2) Eg har aldri kritisert UD, eg har heile tida sagt at eg er svært takknemleg for at dei prøvde å hjelpe til.



KOMMENTAR TIL KLAGE


1. august presenterte Dagbladets laurdagsbilag 'Magasinet' ein 9 siders artikkel angåande min Everest-ekspedisjon i vår. Heile førstesida blir benytta i forbindelse med artikkelen, der journalist Tore Gjerstad hevdar at han kan presentere "Sannheten om dramaet". Artikkelen vart også publisert på nettsida til Dagbladet.

Det er med bakgrunn i ei omfattande liste over anklagepunkt at eg no klagar denne artikkelen inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU). Dei viktigaste grunnane er alle dei feilaktige påstandane som vert presentert, og det faktum at Dagbladet valgte å trykka artikkelen på eit tidspunkt då eg ikkje var i stand til å svare på påstandane.

Å drive med klatring og bestigning av store fjell er drevet av draumar og motiv som ikkje er så lett å forklare med ord, eller å forstå for andre. Når Dagbladet i sin artikkel prøver å gjera det til eit hovedpoeng at eg ville bli den første nordmannen til å klatre Everest utan oksygen, kjenner eg meg ikkje igjen i dette. Eg har alltid vore blant dei desidert minst medieomtalte klatrarane i Noreg. Eg har stort sett finansiert mine ekspedisjonar sjølv, og dermed ikkje vore avhengig av sponsorar og mediedekning. Mine motiv for å drive med klatring er reint personlege. Dersom det var eit poeng for meg å profilera meg som den første som skulle klatre Everest åleine utan oksygen, ville eg vel ha valgt å bruke media aktivt for å promotera meg. Eg har tidligare klatra to andre fjell over 8000 meter åleine med minimal pressedekning. Det er stort sett kun dei i klatremiljøet i Norge som kjenner til det eg har gjort tidligare.

Eg vil igjen presisere at UD ikkje har hatt nokon utgifter ved denne hendinga, utover at ansatte var engasjert i saka. Seinast i går høyrte eg i ein debatt på NRK Dagsrevyen i forbindelse med redningsaksjonen av Pål Refsdal, at ein utenforståande debattant hevda at UD hadde hatt utgifter i forbindelse med helikopterevakuering under min ekspedisjon. Dette stemmer ikkje.

Eg er svært takknemleg for den hjelpa eg fekk. Både Phurba, Pemba, Jangbu, Lhakpa, Tenzing, Lars, Petter, Stein, samt norsk UD og mine gode venner heime i Norge hjelpte meg på eit tidspunkt då eg trengte det som mest.

I artikkelen prøver Dagbladet å skape eit inntrykk av at eg ikkje er takknemleg for den hjelpa eg fekk av sherpaene. I ei pressemelding som Dagbladet mottok under utarbeidinga av den påklaga artikkelen, skreiv eg om kor takknemleg eg er overfor sherpaene. Dette vart ikkje nevnt med eit ord i Dagbladets artikkel, sjølv om dei fleire gonger refererer til andre deler av pressemeldinga.

Eg har i perioden etter ulykka kun uttalt meg gjennom denne pressemeldinga og gjennom ein enkelt uttalelse i forbindelse med ein annan artikkel. Også i denne sistnevnte uttalelsen presiserer eg kor takknemleg eg er for det som sherpaene gjorde for meg. Men også i dette tilfellet opplever eg merkeleg nok at akkurat denne delen av min uttalelse ikkje vart tatt med i artikkelen.

Korleis kan dei kritisera meg for å vera utakknemleg, når dei samtidig heilt bevisst ikkje trykker uttalelsane mine om kor takknemleg eg er?

Dagbladet hevdar at Phurba og Pemba ikkje hadde fått betaling av meg. Dette er rein løgn, og er ein av svært mange feilaktige påstandar i artikkelen. Noko av det første eg gjorde etter eg kom heim igjen til Noreg var å overføre pengar til dei. Dette punktet førte til omfattande negative kommentarar mot meg i kommenteringsfeltet under artikkelen på nettet.

Dagbladet var hovedsponsoren til Cecilie Skog under hennes Everest-ekspedisjon i 2004. Dagbladet meiner altså at forskjellen i dødsrisiko-prosent på henholdsvis 2,05 og 3,82 (med oksygen/uten oksygen) rettferdiggjer at dei bestemte seg for å bli hovedsponsor for hennes ekspedisjon, mens dei framstiller meg som ein tulling som "på det mest halsbrekkende vis" forsøkte å nå den samme toppen?

Eg vil understreka at eg fortsatt betraktar Dawa som ein venn, til tross for det som kjem fram i denne klagen. Eg kan ikkje forstå det annleis enn at Dagbladets journalist og Jon Gangdals iver etter å underbygga ein forutbestemt vinkling på artikkelen, samt Dawas svake engelskunnskapar, har bidratt til at han har blitt tillagt alle desse feilaktige påstandane. Dawa benektar også ved seinare konfrontasjon å ha uttalt det aller meste av det han blir sitert på i artikkelen.

Eg har aldri hatt nokon intensjon om å offentlegjera ein del av detaljane som eg no gjer i denne klagen. Men på bakgrunn av det som vart skrevet i Dagbladet sin artikkel kjenner eg meg no tvinga til dette.


SVAR TIL JON GANGDAL


Eg aksepterer at du kritiserer meg. Me lever i eit land med full ytringsfridom, så du er i din fulle rett til å meine kva du vil og til å gå ut i alle media med dine synspunkt.

Det eg imidlertid stiller meg kritisk til er sjølve kampen som du tydeligvis såg det som din oppgave å ta. Både tidspunktet for kampen og måten du kjempa den på. Du slo dine tunge verbale slag, sjølv om motstandarden låg utslått i det eine hjørnet. Ikkje berre slo du under beltestedet, men du fortsatte også å slå lenge etter at klokka hadde ringt. Det var ingen motstand og ingen dommar i denne kampen, og det utnytta du til fulle.

Du var heile tida fullstendig klar over min medisinske situasjon.

Eg har møtt deg fleire gonger, men du har aldri stilt spørsmål direkte til meg angåande dei tinga som du så til dei grader kritiserer meg for no. Eg har heller aldri før høyrt at du har kritisert alle dei andre som klatrar utan oksygen. Men du har jo sjølv klatra fjell over 8000 meter utan oksygen, og eg må vel berre akseptera at det er ditt privilegium å definera den heilt nøyaktige grensa for kor høgt det er trygt å klatre utan oksygen. Denne grensa ligg vel kanskje på 8500 meter eller...?

Du har no fått mange i Norge til å tru at det å klatre åleine og uten oksygen alltid har vore ansett som noko ekstremt farleg og dumdristig i klatremiljøet. Du veit like godt som meg at dette ikkje er tilfelle. Verken i Norge eller internasjonalt har dette temaet prega diskusjonen rundt risiko ved klatring av fjell over 8000 meter. Det som derimot til dei grader har prega denne diskusjonen, er kritikken mot store kommersielle ekspedisjonar som aksepterer klatrarar uten erfaring med stor høgde. Nokre enkle søk på internett vil fort underbygge dette.

Sjølv om ikkje ekspedisjonen som du leda til Everest i 2005 var kommersiell, så var den på veldig mange måtar lik ein slik ekspedisjon. Du var ansatt som ledar av ekspedisjonen. Fleire av deltakarane hadde liten erfaring med høge fjell. Me har jo alle sett i fjernsynsserien om denne ekspedisjonen kva du meiner med risikostyring og godt ledarskap. Kva slags risikovurderingar gjorde du før denne ekspedisjonen? Var det på grunnlag av desse risikovurderingane at du forlot dei andre klatrarane på toppstøtet? Er det med bakgrunn i det som gjekk galt på den ekspedisjonen at du føler deg kompetent til å stilla som overdommar overfor K2-ekspedisjonen i fjor, og min ekspedisjon i år?

Eller er det på grunnlag av ulykka under ekspedisjonen din til Everest i 1994 som kosta ein person livet og skada ein annan? Dette var sherpaer som du hadde leigd inn for å gjera den desidert mest risikable delen av ekspedisjonen. Og likevel kritiserer du meg for å setta sherpaers liv i fare?

Din tidligare arbeidsgivar Dagbladet stiller ikkje eit einaste kritisk spørsmål til deg angåande ulykka di, mens du får utbrodera ned til minste detalj kva du meiner eg har gjort galt.

Det at eg no velger å svare deg, er ikkje berre på grunn av mi eiga ulykke no i vår. Det er like mykje måten du gjekk ut på i fjor sommar under K2-ulykka. Dette var kanskje den mest gripande tragedien i norsk klatrehistorie nokonsinne, der ei av våre dyktigaste kvinnelege klatrarar opplevde at ektemannen forsvant i eit skred rett framfor augene på seg. Din harde kritikk i norske media omtrent før dei overlevande klatrarane hadde nådd ned igjen frå fjellet vakte sterke reaksjonar internt i klatremiljøet, og du har fått mykje berettiga kritikk etter dine mediastunt i den saka. Eg ser at du i begge desse sakene forsvarer deg med at media kom til deg. Eg og mange andre i klatremiljøet har også blitt bedt om uttalelsar i forskjellige ulykker dei siste åra, men det er faktisk mogeleg å sei "ingen kommentar", i alle fall før ein kjenner alle detaljane i saka.

Eg understrekar at dette ikkje er eit debattinnlegg og at eg ikkje forventar eller ønsker eit svar frå deg. Du har på ein utmerka måte fått fram alle dine synspunkt i både aviser, internett, radio og tv.

Jarle Trå

Les klagen her.







_____________________________________________________________________________


Foredrag om Everest-ekspedisjonen: Les meir



OPPDATERINGAR FRÅ EKSPEDISJONEN

27. MAI

Etter samtale med Jarle i Kathmandu i kveld, kan me bekrefte at han har det bra. Han er ved godt humør og god form. Skadane er mindre enn anntatt og han slepp amputasjon. Han fortel vidare at alle turar som han arrangerer framover går som planlagt.

26. MAI

Jarle er no komen til sjukehus i Kathmandu. Her blir han tatt hand om av medisinsk helsepersonell. Det er ingen konkrete uttalingar om Jarle sin helstilstand, men me har fått rapport om at Jarle er ved godt mot.

25. MAI

Det har til no ikkje kome fleire bekreftingar frå situasjonen i ABC. UD jobbar på spreng med saka. Kontaktperson for spørsmål: Tormod Granheim Tlf: 93676737.

25. MAI

Ny informasjon frå ABC tilseier at situasjonen til Jarle er meir kritisk enn først antatt. Ventar på meir informasjon. Blir oppdatert.

25. MAI

Me har hatt kontakt med Jarle i ABC (6200 moh) klokka 04.55. Alt står etter forholda bra til. Meir informasjon fylgjer.

24. MAI

Jarle var venta til ABC laurdag kveld (lokal tid). Då han ikkje dukka opp innan rimelig tid vart det satt i gang leiteaksjon oppover fjellet. Dette er bekrefta av ein annan norsk klatreekspedisjon i Himalaya. Denne er avslutta utan positivt resultat. UD er i kontakt med kinesiske myndigheiter. Kontakt UD dersom spørsmål.

Meir informasjon fylgjer.

22. MAI

Me har hatt litt kommunikasjonsproblem når Jarle har vore på fjellet over BC. Ujamne mobilforhold. Det kan difor gå noko tid før neste oppdatering.

21. MAI

Er no på 8450 moh. Ca 400 meter igjen til toppen. Sliten, men toppen innen rekkevidde. Optimist for siste del av toppstøtet om ikkje noko uforutsett skjer. Oppdatering fylgjer.

19. MAI

Er i C1. Gjekk frå Middle Camp direkte til C1, kun ein kort pause i ABC. Føler meg sterk. Fortsatt vind på fjellet, håpar det løyer snart.

18. MAI

Starter frå Base Camp no. Reknar med å stå på toppen 21. eller 22. mai. Værmeldingane ser lovande ut. Spent, men optimist.

15. MAI

Etter ei veke høgt på fjellet har eg no returnert heilt ned til BC (som ligg 2 dagsmarsjar frå ABC). Denne siste og avgjerande delen av akklimatiseringa vart prega av dårleg vær og kraftig vind. Dette er sjølvsagt ikkje uventa på eit så stort fjell, og det hindra meg ikkje i å få gjennomført den siste delen av akklimatiseringa omtrent etter planen.

Eg fekk etablert ein enkel leir i Nordskaret (7100m). Der har eg no eit lite telt ståande, med ein ultralett sovepose, liggeunderlag og kokeustyr. Eg hadde håpa å komma endå eit stykke høgare, kanskje opp til 7500 meter, men det var umogeleg slik været utvikla seg.

Den dagen eg var høgast på fjellet, starta eg frå ABC tidleg om morgonen. Etter kort tid møtte eg ein annan einsleg klatrar som også var på veg opp til Nordskaret, Frank frå Canada. Det viste seg at han også skal prøva seg utan oksygen og sherpaer, så me fant fort tonen. Me følte oss begge sterke, og me gjorde unna etappen mellom ABC og C1 på godt under 3 timar, sjølv om eg hadde forholdsvis tung ryggsekk. Me hadde også vanskelege forhold oppover det svært bratte brefallet. Eg måtte trakke spor i opp til 40 cm. nysnø, og i tillegg måtte eg leite og grave mange stader for å finne igjen dei faste taua som er lagt gjennom dette området. Brefallet opp til Nordskaret er lettare i år enn i 2005, det er ingen parti med direkte is-klatring. Men til gjengjeld er det farlegare med ein del svært ustabil is. For få dagar sidan gjekk det store is-ras som tok med seg fleire taulengder av dei faste taua.
Etter at me nådde Nordskaret, satte eg opp teltet mitt og brukte over ein time på å sikra det så godt som mogeleg. Kastevindane frå Rongbukbreen kom over kanten med ein styrke som eg trur aldri eg har opplevd før. I fleire minuttar kunne det væra totalt stille, så var det akkurat som lyden av eit svært godstog som kom oppover fjellsida, og når det smalt så var det berre å kasta seg ned og håpa at teltet stod gjennom infernoet. Det vart om mogeleg endå verre etter at eg hadde komme meg inn i teltet, og det var tider då eg verkeleg lurte på om sikringane mine ville halda. Dersom vinden hadde fått tak, var det ingenting som hadde stoppa meg og teltet før det flatar ut 600 meter lenger nede på breen.

Det var litt spesielt å møte Frank, i dobbelt forstand. Eg møtte han nemleg første gongen på omtrent nøyaktig samme staden som eg møtte Marco i 2005. Dess meir kjent eg vart med Frank dess meir var det som minna meg om Marco. Det som gjer at eg frys litt på ryggen, er tanken på at Marco aldri kom seg ned frå fjellet i stormen den 22. mai 2005. Eg kjem heilt sikkert til å måtta gå forbi Marco rett under toppen. Eg håpar at det ligg såpass med nysnø at eg slepp å sjå ansiktet hans.

På veg ned gjennom brefallet såg eg brått eit telt som låg i ei bresprekk, omlag 200 høgdemeter rett under Nordskaret. Vinden hadde kasta det utfor stupet. Frank overnatta i Nordskaret og kunne etterpå fortella om ei forferdeleg natt, der vinden om mogeleg hadde auka endå meir, og mange telt var skada eller forsvunne. Heldigvis stod mitt telt fortsatt då han forlot leiren. Eg kan berre håpa at det fortsatt står der når toppstøtet startar om få dagar.

Dei siste par vekene er det ikkje mykje eg har sett til Petter K, Stein, Johnny, Petter N. og Lars som eg deler BC med. Me har litt forskjellig måte å akklimatisera på, så det er berre av og til at me tillfeldigvis er i dei samme leirane. I går kveld var me imidlertid alle samla i BC igjen, og det var sjølvsagt artig etter at eg har vore mest åleine dei siste to vekene. Johnny har bestemt seg for å avbryte forsøket på å nå toppen av Everest denne gongen.

No slappar eg av i Xegar eit par dagar, på 4300 meter. Søndag drar eg opp igjen til BC, og så begynnar det for alvor å dra seg til mot toppstøtet. Dersom værmeldingane ser bra ut, startar eg umiddelbart toppstøtet. Det betyr at eg tidligast vil stå på toppen 21. mai, men mest sannsynleg 22. eller 23.

Eg er svært spent, eg er fullstendig klar over at eg har alle oddsa mot meg. Å klatre dette fjellet åleine uten oksygen er absolutt ikkje den lettaste måten å nå toppen av verdas høgaste fjell på. Dersom det var kun toppen som var viktig for meg, hadde eg sjølvsagt gjort det på ein heilt annan måte. Med oksygen og sherpaer, kombinert med godt vær, hadde eg nesten garantert klart å nå toppen. Men for meg er det lite interessant. Eg veit eg kan klare dette på min måte, men sjølvsagt er det mykje mindre sjansar for at det skal gå. Men no ser det faktisk svært lovande ut. Akklimatiseringa har vore perfekt, kroppen er heilt fin og motivasjonen er på topp. Det blir spennande dagar framover...

Når toppstøtet startar om få dagar, får eg ikkje oppdatert nettsida. Det er ein liten mogelegheit for at eg får mobil-dekning på nordryggen, over 7500 meter, men eg kan ikkje rekna med det. Det kan derfor i verste fall gå to-tre døgn etter eg har stått på toppen før eg igjen får kontakt med omverda.


13. MAI

Kom ned frå fjellet i dag. Forferdeleg ver, men fekk etablert leir på 7100 moh. Håper å få sendt meir detaljert oppdatering om ein dag eller to, nå er det rett i soveposen...

12. MAI

Når denne oppdateringa vert lagt ut på nettet, er eg sannsynlegvis i ABC på 6400 moh. Frå ABC skal eg gjennomføra den siste delen av akklimatiseringa, sannsynlegvis heilt opp til C2 på 7500 meter. Det vert ikkje aktuelt å overnatte høgare enn maksimum 7100 meter før toppstøtet. Her er eg heilt einig med dei gode gamle heltane som f.eks. Reinhold Messner, som meinte at den viktigaste delen av akklimatiseringa skjer mellom 5000 og 6000 meter. Då Messner gjennomførte sin episke ekspedisjon, åleine utan oksygen, til toppen av Everest sommaren 1980, overnatta han aldri høgare enn 6400 meter før toppstøtet. Etter 6-7 dagar høgt på fjellet, drar eg ned igjen for å kvila ut før toppstøtet.

Eg har endå ikkje bestemt meg kor mange overnattingar eg kjem til å ha over ABC på topptstøtet. Eg må bæra med meg alt sjølv, så eg vil prøva å klara meg med eit minimum av leirar. Det vanlige er tre overnattingar på veg opp og ein på veg ned igjen. Reinhold Messner brukte to leirar på veg til toppen, då han klatra fjellet åleine utan oksygen i 1980. Sannsynlegvis kjem eg til å satse på det samme.

Når eg skriv dette er eg i Tashetom, ein liten og fattig Tibetansk landsby som ligg på 4300 meter. Her slappar eg av eit par dagar etter at den innledande delen av akklimatiseringa no er ferdig. Eg overnattar på ein enkel gjestgjevarstad, med ein litt spesiell eigar. Det er ein hyggeleg og smilande fyr, men han har nok ein legning som han aldri har fått leva ut her i Tibet. Han daskar meg på rumpa kvar gong eg går forbi, og ler sin karakteristiske latter. Alkohol-dunsten kjenner eg på god avstand når han nærmar seg. Hans to døtre slit og strevar heile dagen, mens han berre går rundt og spyttar på golvet og kjem med tilnærmingar til sine mannlege gjester.

I går omkom det ein Sherpa i det farlege Khumbu-brefallet på sørsida av fjellet. Dette var desverre ikkje uventa, tatt i betraktning det store antallet klatrarar som er på den sida av fjellet. Det farlege Khumbu-brefallet er hovedgrunnen til at eg foretrekker nordsida av Everest. Her er avstandane større og ruta vert rekna som litt vanskelegare, men den er likevel tryggare fordi det er få objektive farar av den typen som det er på sørsida. Her på nordsida er det meir opp til deg sjølv kor dyktig du er. Ein kollaps i Khumbu-brefallet kan like gjerne ta livet av den beste klatraren som den dårlegaste.

Det er eit aktivt dyreliv rundt BC. Eg har aldri før sett så mange forskjellige dyr så høgt oppe. Steinbukkane som eg sendte bilete av forrige gong, såg eg også igjen nokre dagar seinare. Store murmeldyr dukkar opp frå hulene sine berre 50 meter unna teltet mitt, og då eg overnatta i teltet på 6000 meter såg eg ei svær mus rett framfor teltet. To store ørner såg eg også på ein av akklimatiseringsturane mine. Men det som overraska oss mest, var då det for eit par dagar sidan vart observert to ulvar som fulgte elva forbi BC. Natta som fulgte var eit spetakkel av laushundar som sprang att og fram i leiren og holdt eit spetakkel uten like... det var tydeleg at dei også hadde fått med seg at det var rovdyr på ferde.

Eg får ikkje anledning til å senda oppdateringar mens eg er høgt på fjellet. Det kan derfor ta opp mot ei veke før det kjem ei ny oppdatering på nettsida mi.


7. MAI

Har slappa av i ein liten Tibetansk landsby på 4300 moh eit par dagar. Overnatta på noko som trygt kan kallast "hotell i særklasse". Håpar å få sendt ein lenger oppdatering via satelitt-utstyret til Petter når han drar ned for å kvile eit par dagar. Eg går no heilt opp til ABC, og vil støte opp mot 7500 moh. Får ikkje sendt oppdateringar frå ABC, så det kan gå ei veke før neste oppdatering kjem.

4. MAI

Ligg i soveposen min på ei lita fjellhylle 6030 moh. Når eg ser ut av teltopningen ser eg Everest litt lengre oppe i dalen, bada i månelys. Eit utruleg flott syn. Eg er no i ferd med å avslutta grunn-akklimatiseringa. Den har altså foregått på Elbrus og på nabofjella til Everest. Var i dag opp til 6500 moh, men måtte gi opp å nå toppen på litt over 6700 moh, pga. veldig laust og ustabilt fjell. No skal eg kvile på 4000 moh eit par dagar før eg flyttar opp i ABC. Der gjennomfører eg siste del av akklimatiseringa, forhåpentlegvis når eg 7500 moh på det siste støtet. Så er det ned igjen for å kvile ut før toppstøtet. Slik det ser ut no blir toppstøtet 21. mai. No riv vinden så hardt i teltet at eg får stenga opningen og sjå om Jon Blund tar seg ein tur heilt opp hit. Trur han brukar underbetalte og lite motiverte vikarar i ekstrem høgde, for søvnen blir ofte uroleg her oppe. God natt!

1. MAI


Endeleg - Chomolungma. 8844,43 meter høgt, med ein feilmargin på 21 cm. Kinesarane gjer ingenting halvvegs. Når dei først skulle måla den heilt nøyaktige høgda på fjellet i 2005 gjorde dei det med ekstrem nøyaktigheit.

1. mai i Base Camp blir ikkje feira med tog eller andre typer markeringar. Det hadde i tilfelle blitt eit svært kort tog. Eg ser nemleg nesten ingen andre klatrarar her. Det er nokre i ABC, men i BC er det i praksis folketomt akkurat no. Kontrasten til 2005 er enorm, då måtte ein nesten gå sikksakk mellom leirane og yak-oksar og straum-aggregat sørga for at det var ein bråkete og livleg plass å vera. Det såkalla sirkuset på Everest har vanlegvis forestilling både på sørsida (Nepal) og nordsida (Tibet) av Everest kvar vår, men i år er det dobbel framsyning på sørsida. Den spente politiske situasjonen i Tibet gjorde at dei fleste av ekspedisjonane valgte å klatre frå sørsida dette året, for å sleppa all usikkerheiten ang. visum til Tibet. På sørsida er det akkurat no tilnærma kaos, og me har høyrt rykter om at det rett og slett ikkje er teltplassar til alle i BC, og dermed må det nødvendigvis også bli kaos høgare på fjellet der det verkeleg er begrensa med plassar til å setta opp telt. Camp 3 i Lhotseveggen er f.eks. berre nokre små is-hyller, og der er det også vanlege år vanskeleg å få plass til alle telta.

Eg er berre så utruleg glad for at eg er på nordsida akkurat no. Eg vil garantert ikkje oppleva køar eller problem med å finna teltplassar oppover fjellet. Eg kjem sannsynlegvis til å føla meg heilt åleine på sjølve toppstøtet. Med litt flaks (eller uflaks...) er det kun eg som gjennomfører toppstøt den dagen eg har sett meg ut å stå på toppen. Til neste år har sannsynlegvis situasjonen stabilisert seg i Tibet, så dette kan bli eit unikt år i Everest-historien.

Eg akklimatiserer forholdsvis konservativt, dvs. at eg tilbringer lenger tid i BC på 5200 meter og går dagsturar opp på fjell på 6000 - 6700 meter i området. Det trur eg er ein optimal måte å gjera det på fordi eg får kvila ut forholdsvis bra på 5200 meter kvar natt. Restitusjon i ABC på 6400 meter fungerer etter mi meining svært dårleg. Når eg forflyttar meg til ABC ei gong i neste veke, vil eg støta hardt og høgt oppover sjølve Everest, kanskje opp til 7500 meter. Ein av utfordringane på Everest er den lange og svært tøffe transport-etappen frå BC til ABC. Det er 1200 høgdemeter og ca. 25 kilometer for å komma inn til foten av fjellet. Men du går heile tida opp og ned langs morene-ryggar, så den effektive høgdeskilnaden er nok godt over 1500 meter. Dette deler dei fleste opp i to dagar, dvs. at ein har ein såkalla intermediate camp halvvegs på rundt 5800 meter.

Etter den avsluttande delen av akklimatiseringa med utgangspunkt i ABC, er det viktig å prøve å komme seg langt ned for å kvile ut før toppstøtet. Eg går derfor heilt ut igjen til BC og prøver å få meg transport ned til ein av dei små landsbyane i området. Her tilbringer eg 3-4 dagar. Dette er svært enkle landsbyar, men dersom ein ikkje har noko i mot rotter og lus som sengekameratar og mat som ikkje eingong grisar ville eta i Norge, så er det eigentleg heilt ok.

Maten er verkeleg eit kapittel for seg. Når du et suppe så dukkar det plutseleg opp eit hønsenebb på skeia, og pinnane som ein et med blir berre tørka av med ei skitten fille før dei blir satt attende i skåla i midten på bordet. Du kan ikkje be om å få maten godt, medium eller lite steikt, men du kan be om å få den enten svidd, med parafin-smak eller med sigarettsneip-smak. Så valgfritheiten er stor.

Men når det gjeld maten i BC er situasjonen ein heilt annan. Eg, Petter K, Stein, Johnny, Lars og Petter N, som eg samarbeider med om felles BC, har lagt ned ein del forberedelsar før me reiste frå Norge for å prøve å få eit så norskt kosthold som mogeleg. Dette har resultert i følgande meny dei siste dagane: pinnakjøt, raspekaker med salt-kjøtt, klippfisk med lofoten fiskesaus... Me får nysteikt norskt grovbrød til frukost med norsk pålegg. På alle mine tidligare Himalaya-ekspedisjonar så har det etter ei veke eller to blitt slik at ein kvir seg til måltida, men her er det absolutt motsatt. Eg har også på alle mine tidligare ekspedisjonar tatt av 3-5 kilo, eg fryktar at også dette blir motsatt i år.

Men no må eg gå. Pema (kokken vår) ropar at lunsjen er klar. Me har fått han til å steika restane av pinnakjøtet frå i går, med norsk potetmos til. Ekspedisjonslivet kan vera tøft, men akkurat her og no er det berre topp.

Helsar til alle kjente og kjære heime.

Kongen sjølv (til høgre...). Etter kvart som me kom høgare og høgare, begynte me å sjå ned på mange andre fjell rundt oss. Men Everest innerst i dalen trona like voldsomt over oss som alltid.

30. APRIL

Everest er det einaste fjellet som eg merkar eg blir psyka av. Både Shisha Pangma og Cho Oyo fekk eg det mentale overtaket på etter nokre veker. Ikkje slik med Everest. Fjellet er rett og slett så enormt at det av og til er vanskeleg å forestille seg at det er mogeleg å nå toppen åleine utan oksygen. I dag var eg på 6300 moh, på ein av mange "småtoppar" i området. Men det virka som Everest tronar akkurat like høgt over meg som det gjer frå BC, 1100 m lengre nede. Profilen er like vanvittig svær uansett. Onsdag var eg og Petter på 6350 moh. I morgon er det kviledag. Ellers går alt fint. Akklimatiseringa går bra, helsa er på topp og fisen er tørr.

28. APRIL

I går var eg oppe på 6000 moh og tilbrakte mykje av dagen der. Varmt og godt, hadde med både dunjakke og dunbukse, men det var heilt unødvendig. I dag har eg hatt kviledag i BC. Planen for første fase av aklimatiseringa med utgangspunkt i BC, er å kvile kvar 3. dag. I morgon håpar eg og Petter å nå 6300 moh. Me ser nesten ingen andre klatrarar, det er nok nokre i ABC, men det er utruleg folketomt på nordsida i år. Eg er veldig fornøgd med at det vanlege Everestsirkuset er totalt fråverande i år på grunn av problema med å få visum til Tibet. Det kjem til å bli skremmande einsamt der oppe, men det er slik eg vil ha det.

26. APRIL

Eg, Petter, Stein og Johnny var i dag opp til 5750m og tilbrakte ein time der. Vanskeleg terreng, bratt og lause steinar. Ellers så er det stor fokus på god mat på denne ekspedisjonen. Stein har lært kokken å baka norsk grovbrød, og når pålegget er f.eks. brunost, norsk jordbærsyltetøy, egg og kaviar så er me i himmelen... Kontrasten til tidlegare Himalaya-ekspedisjonar er enorm. Jettvindane herja på toppen i dag, greitt å ha BC som utgangspunkt for aklimatiseringa ei stund framover.

25. APRIL

Ankom BC i Tibet (5200m) etter to dagars køyretur frå Kathmandu i Nepal, gjennom hjertet av Himalaya. Første inntrykket (bortsett frå at fjellet fortsatt er enormt stort...) er at det er utruleg få ekspedisjonar her. Lite snø på fjellet foreløpig. Eg er 100% frisk, 100% optimist og 100% klar.

22. APRIL


Kathmandu er det alltid godt å komma attende til. Det har på ein rar måte blitt ein slags heimstad for nr. 2 for meg. Her kjenner eg meg alltid heime, på ein heilt annan måte enn mange andre stader i verda eg reiser ofte til. Det er nok mest pga. Himalaya-fjella som ligg og lyser nord for byen, men absolutt også pga. det utruleg vennlege Nepalske folket. Loben Sherpa tar alltid godt i mot meg, og her møtte eg også Petter, Stein og Johnny som eg skal samarbeide litt med fram til BC og ABC ved foten av fjellet. Me har felles kokk og samarbeider ellers om transport av utstyr. Eg har no tilbragt nesten 3 døgn i Kathmandu, og no er det avreise kl. 0400 i natt, dvs. om få timar. Me drar så tidleg for å sleppa den intense varmen og trafikken ut av Kathmandu seinare på morgonen. På denne måten er me sannsynlegvis ved Friendship Bridge, grensebrua til Tibet, kl. 1000 i morgo. Grensebyen Zangmu er ein spektakulær liten by som klynger seg fast oppe i fjellsida, akkurat som om me i Norge skulle ha bygd ein liten by halvegs opp i Trollstigen... Og det vert ikkje mindre spektakulært vidare oppover dalen mot Nyalam (3800m). Denne dalen skjærer seg bokstaveleg talt tvers gjennom Himalaya frå sør til nord, og viss sjåføren gjer ein tabbe her er det mange, mange hundre meter ned til elvebotnen. Og ikkje ein einaste stabbestein eller autovern. Me får håpe at ikkje vegen er sperra av store stein- eller snøras som ofte går på denne strekninga. Etter ei overnatting i Nyalam, bærer det vidare over eit av verdas høgaste pass som ferdast med vanlege bilar. Me skal heilt opp i 5200 meter, før det bærer ned igjen på det Tibetanske slettelandet som generelt ligg på rundt 4000-4500 meter. Når me når den vesle landsbyen Tingri, går det over til skikkeleg offroad-køyring (ikkje det at vegen har vore noko å skryta av fram til dette punktet heller). Me køyrer bokstaveleg talt over eit fjell, og her har det aldri vore laga nokon veg, det er berre å finna ut kor det er best å køyre etter kvart. Til slutt tippar me ned i Rongbuk-dalen og verdas mest imponerande fjell kjem brått til syne innerst i dalen. Profilen til Everest frå nord er vanvittig flott, men samtidig skremmande. Det er berre å stålsetta seg for synet og gleda seg over dei enorme naturopplevelsane som ventar oss.


18. APRIL


Nytt dobbelt-støt på Elbrus i dag. Både Vest-toppen og Aust-toppen. Det har komme snø på fjellet, og partiet som var speilblank is for nokre dagar sidan var no ingen problem i det heile tatt. Kunne nesten gått uten stegjern og isøks i alle fall opp til Sadelen. Gjekk rett opp vestsida av Aust-toppen, her var det bratt og isete, men klarte å finne ei rute gjennom det verste. Været var fint over 4500 meter, det var heller ikkje kald vind slik det var for nokre dagar sidan. Ein strålande dag på Europas tak!
Akk. høgdemeter opp: 2410
Akk. høgdemeter ned: 3865 (sto på ski heilt ned til Azau)


15. APRIL


Ca. kl. 11 i går stod eg på toppen av Elbrus. Eg tok både Vest-toppen og Aust-toppen. Værmeldingane lova dårlegare vær på onsdag, så det var berre å nytta den fine dagen i går Forholda var som frykta. Isen var ekstremt hard og vanskeleg, men alternativet var endå verre. Snøfelta såg på avstand ut til å vera det desidert beste vegvalget, men snøen skjulte farlege og nesten usynlege sprekker. Dermed måtte eg ut på isen. Heldigvis solgte eg bre-stegjerna mine til Martin rett før eg reiste. Dermed hadde eg stegjern for isklatring med meg, uten desse hadde det vore vanskeleg. I følge dei som stod på toppen i forrige veke, så var eg den fjerde som nådde toppen av Elbrus i år. Eg gjekk rett opp austsida av Vest-toppen. Etter 20 minuttar på toppen, gjekk eg ned normalvegen ned til sadelen og deretter opp på Aust-toppen.

Elbrus er ein tvilling-vulkan. Vest-toppen er 5642 meter høg, Aust-toppen ca. 30 meter lågare. Sadelen skiller dei to toppane. Sadelen ligg omtrent 300 meter lågare.

Eg starta frå hytta, så det vart 2340 høgdemeter totalt i dag.

(Ikkje sikkert det kjem fleire oppdateringar før eg er i Kathmandu. Me skal no kosa oss med fleire fine toppturar dei siste dagane, og på mandag drar eg vidare til Nepal.)

5642,7 meter over havet, Europas aller høgaste fjell.

Slik ser det ut mellom 4400 og 5100 meter på Elbrus no. Hadde det vore flatt hadde det vore alle tiders skøytebane.

Hytta på 4000 meter der eg og kokka mi Svetlana held hus dei siste dagane av oppholdet. Ski in, ski out!


13. APRIL


Det var eit bra valg å legga første del av akklimatiseringa for Everest til Elbrus. Her køyrer me fantastiske pudderflankar, me bestiger imponerande fjell og me kosar oss med god mat og god drikke. Fjella i Kaukasus går Alpane ein høg gang, og dette er eit definitivt eit område eg skal attende til også med ski. Påskeværet har stort sett vore bra, men det har komme fleire små pudder-dump med jevne mellomrom.

Når det gjeld sjølve Elbrus har me derimot eit problem. Det er svært farlege og vanskelege forhold på fjellet akkurat no. Eit panser av stålis dekkar fjellet frå ca. 4400 til 5100 meter. Dette er det brattaste partiet på fjellet. Kun tre personar har nådd toppen til no i år, og for fire dagar sidan skjedde det ei alvorleg ulykke med ei norsk gruppe på fem personar som forsøkte seg mot toppen. Ein person falt fleire hundre meter nedover isen og knuste beina då han traff steinura nederst. Berre flaks gjorde at han overlevde. Han vart liggande hardt skada i mange timar i sterk kulde og vind langt nede i den bratte steinura. Under redningsoperasjonen falt også ein til av nordmennene, men han vart utruleg nok ikkje alvorleg skada av det lange fallet. Me har blitt godt kjent med dei gjenverande tre nordmennene, og det er ein forferdeleg opplevelse dei kan fortella om.

Nokre av oss var i går opp til det aktuelle området for å rekognisera og for å leite etter utstyr som nordmennene mista i ulykka. Det er skremmande kor hard isen er. Det er kun eg som har stegjern som er berekna for isklatring, men sjølv desse stegjerna går ikkje langt inn i den knallharde isen, og isøksa berre prella av. Me fant den eine skia til den eine av dei skadde, men me klarte ikkje å finna den andre skia og ein god del andre personlege effektar som forsvant då han traff steinane. Dei hadde ski med opp til der isen startar. Me hadde også tenkt oss ein ski-bestigning, men dette er i alle fall heilt uaktuelt slik forholda er no.

Dei ekstreme forholda og inntrykket denne ulykka har gjort på oss, har ført til at resten av gruppa vår har bestemt seg for å ikkje forsøka seg mot toppen. Det er fleire uerfarne i gruppa, og det er ei heilt riktig avgjerd dei har tatt.

Det betyr lite for akklimatiseringa om kjem meg på toppen eller ikkje. Og eg har to grupper til Elbrus i sommar, så eg veit at eg kjem meg på toppen i løpet av året. Men - det er sjølvsagt ikkje så lett å berre gje opp, så eg har bestemt meg for å gjera eit forsøk åleine. Men sjansen for at eg må snu er stor. Sannsynlegvis prøver eg meg mot toppen enten onsdag eller torsdag. Det blir eit litt spesielt toppstøt, fordi eg blir nøydd til å vente til dagslyset kjem før eg klatrar det brattaste partiet. Vanlegvis gjer ein dette i mørket, men eg er nøydd til å ha dagslys slik at eg kan sjå kor dei farlegaste partia er. Dermed må eg også klatre svært fort, for å unngå å nå toppen for langt ut på dagen. Ettermiddagstormane som kan herja på høge fjell, vil ein helst unngå.


8. APRIL


Me er no vel etablert i ei koseleg fjellhytte på 3000 moh. i Kaukasus-fjella. Me har to svære damer som lagar mat til oss, og me har ei heilt fantastisk utsikt frå verandæn. I går var me på eit fjell på 3461 meter, desverre var ikkje føret perfekt, men flanken ned igjen i dalen var heilt utruleg rå og lang. Været er strålande og temperaturen høg midt på dagen sjølv på 3-4000 meter. I morgo skal me sannsynlegvis opp til ca. 4200 meter på sjølve Elbrus. Oppholdet i Moskva levde også opp til forventningane og me såg både Kreml, Den Røde Plass, Vasili-katedralen og mykje anna. Me budde i 27 etasje på eit av dei største hotella i verda. Akklimatiseringsmessig var jo det perfekt...

(Den kan bli mange dagar til neste oppdatering. Må heilt ned i dalen for å komme på nett).





3. APRIL


No er det kun timar til avreise. Eg gledar meg enormt til det som skal skje denne våren, og føler meg supermotivert. Eg er utruleg glad for at det no ser ut som om eg slepp sirkuset som vanlegvis er også på nordsida av Everest (sjå forrige oppdatering). Rett før avreise er det eit par personar som skal takkast. Olav Grotheim har engasjert seg veldig i ekspedisjonen, og eg er utruleg takknemleg for alt han har fått til for meg. Martin Hindenes oppdaterer nettsida mi mens eg er borte, og legg inn både tekst og bilete. Takk til begge!


1. APRIL


Gode nyheiter frå Tibet i dag. Tibet åpner grensene frå og med 5. april. Rykta har gått i det siste om at Kina ikkje ville tillate klatrarar frå nordsida av fjellet. Men i dag kom heldigvis det som me alle har venta på. Den offisielle bekreftelsen på at Tibet vil åpne. Det er svært nervepirrande når så mykje planlegging og oppbygde forventningar står på spel. Så på lørdag setter eg meg på flyet, i første omgang med kurs for Kaukasus-fjella i Russland sammen med ein gjeng gode venner frå Voss. Her skal me kosa oss på ski, Elbrus er det perfekte akklimatiseringsfjellet for Everest. 20. april drar eg vidare til Nepal og Tibet. Eg samarbeider med fem andre nordmenn om felles logistikk, transport av utstyr til Base Camp frå Norge og felles opplegg rundt mat i Base Camp. Men på sjølve fjellet skal eg gjera alt åleine. Me veit kun om 2-3 andre ekspedisjonar som skal prøva seg frå nordsida i år. Eg gledar meg som ein unge til å komme i gang, og skulle det no vise seg at det nesten ikkje er andre klatrarar der, så kan ein vel ikkje be om meir. Tenk å få sjølvaste Mt. Everest for seg sjølv - akkurat som klatrarane gjorde for fleire tiår sidan. Tenk om eg får oppleve å sleppe det sirkuset som har utvikla seg rundt dette fjellet... Eg kjenner at berre tanken på dette gjer meg oppstemt, og eg kan nesten ikkje vente med å komme i gang.


18. MARS


No er det berre litt over to veker til eventyret byrjar. I kveld hadde eg ein samling for sponsorane i lokala til Christiania Sport i Oslo. Mine hovedsponsorar, som er Christiania Sport (Sport1) og Mountain Hardwear har utstyrt meg frå topp til tå for denne ekspedisjonen. Dei har også fullfinansiert ekspedisjonen. Stor takk til Olav Grotheim som har tatt seg av alle detaljar ang. økonomi og utstyr, slik at eg har kunna bruka all energi på trening og andre forberedelsar før avreise.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

På denne sida kjem det oppdateringar med jevne mellomrom under ekspedisjonen. Eg drar til Elbrus sammen med gode ski-kameratar 4. april. Deretter vidare via Nepal til Tibet i månadsskiftet april/mai. Toppstøtet vert sannsynlegvis rundt 25. mai. Mens me er på Elbrus klarar eg sannsynlegvis å oppdatera nettsida sjølv, mens Martin Hindenes oppdaterer den mens eg er på Everest.

22.03.2009 20:43

Copyright © 2009 Jarle Trå