Svalbard Fottur
Fakta om turen
Referat 2010

Svalbard Fottur
Ein fottur på Svalbard vert kanskje den flottaste og mest spesielle fjellturen du nokonsinne deltar på. Svalbard har ein natur og eit dyreliv som er heilt spesielt. Dette er ein tur for deg som har lyst til å oppdage Svalbard langt utanfor "sivilisasjonen".

Sjå dei fantastiske flotte bileta frå turen i 2010.


NB! Alle bileta i denne artikkelen er frå ein vintertur i april, i samme område som fotturen skal gå. Det ligg derfor snø i terrenget på desse bileta.

Dette blir ein "nybegynnar-tur" i arktiske strøk. Du bør ha litt erfaring i å gå med ryggsekk, men den treng ikkje bli tyngre enn 13-14 kilo dersom du pakkar riktig (erfaring frå den den første turen i 2010). Me går i forholdsvis lett terreng, men terrenget på Svalbard er alltid uforutsigbart, her er det ingen T-merka stiar! Me bur i solide telt, og me lagar maten sjølv.

Eg har telt og kokeutstyr til alle på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får full opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av gassbrennar.

Eg arrangerer også ski-ekspedisjon på Svalbard. Les meir

Reisemål:Svalbard Fottur
Land:Svalbard, Norge
Antall dagar:9 (4 netter i telt)
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Min. antal:7
Max antal:20
 
Påmeldingsfrist:60 dagar før avreise
 
Pris 2010:16 900,-
NB: Pris er ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard

PRISEN INKLUDERER

- All transport på Svalbard
- Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus (2 eller 3 personar på kvart rom)
- Alle måltider på Svalbard
- Norsk turledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

- Fly frå fastlandet til Svalbard (t/r)
- Evt. måltid på flyturen
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom

TRANSPORT

SAS flyr frå Gardermoen kvar dag. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge.

OVERNATTING

Me bur på dobbeltrom (evt. trippelrom) på eit enkelt men koseleg hotell/gjestehus på Svalbard. På hotellet i Barentsburg bur me i dobbeltrom. På fotturen bur du sammen med ein teltkamerat i eit 2-mannstelt.

MAT

Me lager mat sjølv i kvart telt. Du vil få full opplæring i korleis gassbrennaren fungerer. Frukost vil sannsynlegvis bestå av havregraut. Middag blir posemat eller frysetørka mat.

FYSISK FORUTSETNING

Dette er ein fottur utanfor allfarveg. Du bør vera stødig på foten og ta utfordringar på strak arm, enten det er ei lita kald elv som må vadast eller ei sluddbyge - det kan skje sjølv midt på den arktiske sommaren. Det er sjølvsagt ein fordel om du har budd i telt før, men ingen forutsetning. Det er viktig at du har ein viss kondisjon og du må vera i stand til å gå lengre fjellturar med litt meir enn dagstur-vekt i ryggsekken. Men basert på erfaringane frå den første turen treng ikkje vekta på ryggsekken bli tyngre enn 13-14 kilo. Som regel ligg temperaturen på rundt 3-5 plussgrader om natta, så du treng ikkje stor og tung sovepose.

DETALJERT PROGRAM


Dag 1.
Me landar i Longyearbyen og blir transportert til Spitsbergen Guesthouse. Det blir eit møte om kvelden, der me blir kjent med kvarandre og går gjennom ein del praktisk informasjon. Overnatting på Spitsbergen Guesthouse.

Dag 2.
Tur opp på den karakteristiske Trollsteinen. Gjennomgang av utstyr og pakking av ryggsekk. Besøk på museet dersom me har tid. Overnatting på Spitsbergen Guesthouse.

Dag 3.
Om morgonen blir me frakta med hurtiggåande båt ut til Isfjorden Radio ytterst i Isfjorden. Der startar me vår arktiske fottur. Den første dagen går me frå Isfjord Radio til Skardtjørna. (NB! Dagsetappane vil vera avhengig av vær og andre forhold, det kan derfor bli endringar i forhold til det som står i dette programmet)

Dag 4.
Skardtjørna - Orustdalen. Kort avstand mellom leirane, men me brukar ein del tid og går en runde på vestkysten mot havet dersom finvær. Alternativ er ein liten topptur. Leir inne i Orustdalen. Dei første par dagane vandrar me på forholdsvis flate kystsletter, der dyre- og plantelivet vil gi oss mange fine opplevelsar.

Dag 5.
Orustdalen - Russerhytta. Me går over Vestre Grønfjordbre og til Russerhytta innerst i Grønfjorden. Me slår leir ved hytta. Her er det også mogelegheit for å gå inn i hytta.

Dag 6.
Dette er ein dag me kan bruka på vestkysten eller i området rundt Barentsburg. Me kan gå en topptur frå leiren eller vi kan gå ein lengre runde der me også forandrar leirplass. Vær- og breforhold avgjer nøyaktig rutevalg.

Dag 7.
Russerhytta - Barentsburg. Overnatting på hotellet i Barentsburg. Dette blir ei oppleving utanom det vanlege. Mange som har besøkt Barentsburg samanliknar det med å komma tilbake til 50-talet i Noreg.

Dag 8.
Sightseeing i Barentsburg. Båt til Longyearbyen, med innlagt besøk under eit yrande "fuglefjell". Avskjedsmiddag. Overnatting på Spitsbergen Guesthouse.

Dag 9.
Handling av souvernirar/shopping. Heimreise.


NB! Alle bildene i denne artikkelen er frå ein vintertur i april, i samme område som fotturen skal gå.



EKSTRA DAGAR PÅ SVALBARD

Dersom du vil tilbringa nokre ekstra dagar på Svalbard når du først er her oppe, så kan eg organisera det. Det er mykje spesielt du kan oppleva på Svalbard, også sommarstid.

INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.




Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

05.02.2009 15:51

Copyright © 2009 Jarle Trå