Kilimanjaro
Fakta om turen
Referat 2010: Tur 2
Referat 2010: Tur 1
Referat 2009: Tur 4
Referat 2009: Tur 3
Referat 2009: Tur 2
Referat 2009: Tur 1
Referat 2008: Tur 5
Referat 2008: Tur 4
Referat 2008: Tur 3
Referat 2008: Tur 2
Referat 2008: Tur 1
Referat 2007: Tur 5
Referat 2007: Tur 4
Referat 2007: Tur 3
Referat 2007: Tur 2
Referat 2007: Tur 1
Referat 2006: Tur 2
Referat 2006: Tur 1
Reisebrev Nordhordland
Kilimanjaro på 1 Dag
Bilete: Safari

Kilimanjaro på 1 Dag
Fleire bilder frå turen finn du nederst på sida.

Sjå innslag på NRK2 Sveip.



EIN EVENTYRLEG DAG


- Mister Jarle, can I ask you a question?
- Yes, of course...
- Mister Jarle, why do you want to do this?

Klokka er 0520, og det er berre få minutt til eg skal starte. Julias ser på meg med dei beskjedne augene sine, det er berre såvidt han tør å stille meg spørsmålet. Julias har jobba som guide for meg på Kilimanjaro i fire år. Han er ein av dei mest pliktoppfyllande og ærlige menneska eg kjenner. Korleis forklare ein som har nok med å stille dei nederste behova i Maslows behovspyramide, kvifor eg vil prøve å bestige Kilimanjaro på ein dag? Sjølvrealisering har dei nok aldri høyrt om i den vesle fattige landsbyen som han kjem frå. Uansett så har eg ikkje noko godt svar. Eg veit ikkje svaret.

6 timar seinare, i det eg har rota meg ut i farleg terreng rett under dei stupbratte klippebanda på 5700 meter, stiller eg meg sjølv det samme spørsmålet. Nysnøen dekkar den dårlege stien som går i sikksakk oppover, og det endar med at eg kjem skikkeleg på avvege. Tett tåke gjer ikkje situasjonen betre. Umbwe / Western Breach-ruta er svært spesiell, og få brukar denne i dag. Det er bratte og steinsprang-utsatte parti mellom 5200 og 5700 meter. I det eg endeleg finn igjen stien, finn eg ein knust klatrehjelm. Eit tragisk minne om ulykka som skjedde for 3-4 år sidan som kravde 3 menneskeliv og 4-5 hardt skada. Eit stort fjellparti løsna og raste nedover i mørket rett inn i gruppa som berre høyrte lyden av det som kom.

Men tilbake til start. Michael, Julias og eg køyrer oppover den dårlege vegen mot Umbwe Gate. Her må du ha firhjusdrift og du må også ha eit forholdsvis lite kjærlig forhold til bilen din. Det ristar verre enn eg nokonsinne har opplevd i Afrika, men Michael bremsar berre når han må. Han er nervøs innrømmer han seinare. Han er redd for at det skal skje noko med meg. Det er kjent at det er "bandittar" i jungelen over Umbwe. Det er også leopardar og andre ville dyr der. Leoparden er eit nattdyr som jaktar i mørket. Det er mørkt i det eg legg i veg frå gaten. Michael har advart meg på forhånd, men eg har trudd han overdreiv. Etter turen var over, forteller Michael meg at han har vore svært uroleg heile dagen - også fordi han såg i kikkert at det var snø og is i partiet under toppen. Men eg har ein god følelse i kroppen då eg legg i veg. Eg veit ikkje betre.

I byrjinga er det såpass flatt at eg kan springe mesteparten av tida, men etterkvart blir det brattare og eg må slå over til rask gange. 20 minutt etter start ser eg lyset frå flammar som lyser opp tretoppane framfor meg. Nokon brenn bål rett ved sida av stien. Eg dempar den kraftige hodelykta mi maksimalt, og snur den rett ned slik at den kun lyser opp rett framfor skotuppane mine. Eg prøver å ikkje lage ein lyd. Nokre minutt seinare skremmer eg opp eit dyr som går på stien. Eg ser det ikkje, men eg høyrer lyden i det det spring gjennom jungelen. Heldigvis blir lyden svakare og svakare.

Etter kvart begynner det å lysne, og den praktfulle Umbwe-ruta imponerer med sin dramatiske natur. Sidan det regna døgnet før, er stiane glatte. Men det klarer ikkje å legge ein dempar på humøret mitt. Eg kosar meg. Eg har funne rytmen som er så avgjerande for så lange turar. Men eg har uroleg mage. Typisk... eg har på alle mine Afrika-turar aldri hatt noko særleg problem med magen, og så må det skje akkurat denne dagen. Eg må på do fleire gonger oppover. Noko av grunnen er nok dei store mengdene karbohydratar som eg har dytta i meg det siste døgnet. Er også litt småkvalm, men det er heller ikkje uvanleg når ein et så mykje ekstremt energi-rik mat.

Eg passerer Barranco (3950m) etter litt over 3 timar. Eg har no gått nesten 2400 høgdemeter. Her ventar Eliezer som avtalt på meg. Det var heilt umogeleg å få løyve til å gjera dette utan guide, så på papiret går Julias og Eliezer med meg. Julias starta sammen med meg, men etter første svingen la han seg bak, og eg såg ikkje han igjen før i Millenium Camp 8-9 timar seinare, rett før eg er nede igjen. Eliezer har overnatta i Barranco sammen med ein bærar, og han skal i følge papira gå over toppen sammen med meg. Men også han går snarvegen til Millenium.

I det eg spring forbi hovedleiren i Barranco høyrer eg brått eit rop og deretter klapping og jubling på ein måte som berre Afrikanarar kan. Ryktet om planane mine har tydelegvis gått over heile fjellet, og det er litt av ein opplevelse når eit par hundre bærarar, guidar og fot-turistar stemmer i for full hals. Akkurat den opplevelsen er den som eg kjem til å hugse best av alt som skjedde denne dagen. Kilimanjaro sin versjon av Kollenbrølet... Resten av turen til toppen er eg stort sett åleine, men også turen ned igjen på andre sida av fjellet er prega av jubelrop og Afrikansk song når eg spring gjennom leirar og grupper av fot-turistar på stien.

Vidare oppover frå Barranco er eg på kjente trakter. Her har eg gått mange gonger før, og i det eg nærmar meg Lava Tower tar eg snarvegen rett opp mot Arrow Glacier camp (4900m). Dei siste 1000 metrane mot toppen er bratt og dominert av klippeparti som ser ut som gigantiske legoklossar som er stabla på kvarandre. Dette er eit berykta parti av ruta, og nesten ingen kommersielle ekspedisjonar nyttar denne ruta pga. risikoen. Det er to ting eg ikkje vil ha på dette partiet. Snø og tåke. Frå Arrow Glacier camp ser eg at det ligg snø i det øverste brattaste partiet. Og sjølvsagt kjem også tåka sigande...

Eg slår på GPS'en, ikkje for å finna vegen opp, men for å ha eit trackback tilbake til trygt område dersom eg må avbryte. Her er stien mykje dårlegare, til tider nesten ikkje-eksisterande. Eg kjem etterkvart opp i snøen, og det går som det måtte gå - eg mistar stien. Eg begynner å gå i store sikk-sakk svingar oppover for å sjå om eg finn den igjen. Problemet er at det blir brattare og brattare, og alt er laust rundt meg. Med ein gong eg setter foten ned begynner det å skli ut under meg, og eg må derfor halde stor fart for at eg ikkje skal gå fortare nedover enn oppover. Eg taper mykje tid før eg finn igjen stien, og eg eksponerer meg for farleg terreng. I tåka over meg ligg ustabile klippar. Dei voldsomme "kratera" etter store steinar som har rulla nedover fjellsida vitnar om stor aktivitet når det gjeld steinsprang og ras. Men endeleg finn eg stien igjen, og i det eg får ei lita åpning i tåka ser eg at det går ein rygg vidare oppover. Eg veit ikkje om stien følger den, men det er uansett umogeleg å følge stien no, og ryggen er ikkje eksponert for ras. Samme regelen gjeld her som om vinteren heime: følg rygg - vær trygg! Men ryggen er bratt i seg sjølv, og byr på artig klyving oppover. Brått kjem eg over tåka, og det er no berre 200 meter til kanten på krateret. Eg er svært sliten. Det er først og fremst den tynne lufta som tvingar meg til å redusere tempoet kraftig. Eg brukte berre ca. 4 timar på dei første 3300 metrane, men godt over 3 timar på dei siste 900.

Eg har fått i meg for lite karbo, og tømmer ein stor gel og et ein sjokolade. Brått tippar eg over kanten og befinner meg i sjølve vulkan-krateret. Her har eg aldri vore før. Vanlegvis kjem me opp på Stella Point og følger kraterkanten opp til Uhuru Peak, som er det aller høgaste punktet. Krateret er over 2 kilometer i diameter, og er i dette området flatt som eit stovegolv. Det er som å gå på månen. Naturen her - kombinert med den tynne lufta og det faktum at eg er svært sliten - gjer at det føles som eg er i ei slags eventyrverden som ikkje eksisterer. Det er berre meg og fjellet. Eg tar meg tid til å studere dei merkelege isbreane som ligg her litt nærmare. Så er det den aller siste motbakken som står for tur. 200 meter bratt rett opp. Ein kald vind møter meg i det eg rundar opp på ryggen berre få minutt før toppen. Eg er på ekvator men det er tross alt nesten 6000 meter over havet. Eg går kun i kort tights og vindjakke. Eg har heldigvis med meg ein tynn fleece, den tar eg på rett før eg når toppen.

Det er stort å nå toppen. Det er 7 timar og 19 minutt / 4265 høgdemeter sidan eg starta. Eg er ti gonger så sliten som eg har vore dei andre 13-14 gongene eg har stått på dette punktet. Eg er heilt åleine. Både fysisk, men også mentalt. Mange syns det er skremmande å vera åleine på eit høgt fjell. Eg likar følelsen og oppsøker den bevisst. Eg er glad, men ikkje euforisk. Det er langt nedatt og eg likar å springa fort. Det gjer meg litt bekymra.

Eg tvingar meg sjølv til å fokusere og til å begrense farten ned dei stupbratte flankane mot Kosovo og Barafu Camp. Etter Millenium Camp begrensar det seg sjølv. Det begynner å regne og i det eg spring ned i jungelen blir det ein skøytebane. Eg må innom heile 3 forskjellige leirar å skrive meg inn. Irriterande, mest fordi det tar 5-10 minutt på kvar stad. 3 timar og 27 minutt etter eg starta frå toppen, spring eg inn på den store åpne plassen ved Mweka Gate. Nøyaktig samtidig køyrer Michael inn på plassen, skrensar opp rett framfor meg og hiver seg rundt halsen min. Eg er svært sliten og ikkje heilt forberedt på ein sånn voldsom og fysisk velkomst. Først no forstår eg kor bekymra Michael har vore for meg.

I det me kjem til hotellet, møter alle dei ansatte meg med jubel då eg stig ut av bilen. Michael har tydelegvis fortalt om dette til alle han kjenner. Også då me ein heil gjeng et middag om kvelden, kjem fleire bort til bordet vårt for å gratulere. Så er det massasje, som Michael også har vore så framsynt å bestille til meg. Eg må be ho vera litt forsiktig med låra, ikkje fordi eg er spesielt sår i musklane, men fordi eg har fått ein temmeleg intens raudfarge i løpet av dagen. Kven tenkte vel på solkrem på ein slik dag...


NB! Dette var ikkje ein "unsupported" tur. Eg hadde lagt igjen litt drikke eit par stader då eg var på fjellet nokre dagar før. I tillegg hadde Eliezer med litt mat og drikke til meg som eg fekk då eg passerte Barranco. Eg kjøpte også Cola i nokre av leirane på veg ned igjen.

Stor takk til Martin som sørga for å få mine knotete tekstmeldingar ut på nettet.

Også stor takk til alle dei som sendte gratulasjonar på gjesteboka og på tekstmelding (fekk over 100 tekstmeldingar i løpet av få timar...). Eg rakk desverre aldri å svare på alle, men det var svært inspirerande å få så mykje helsingar av både kjente og ukjente.

Det var faktisk 1396 personar som var innom nettsida mi denne dagen, det er ny rekord! (Det var registrert 1396 unike treff, dvs. at ein person som var innom fleire gonger i løpet av dagen frå samme maskin, kun vart telt som eit treff).


OPPDATERINGAR FRÅ TOPPDAGEN 27. JANUAR


Mweka gate, ferdig...

Totaltid 10 timar og 46 minutt. Sliten, skitten og glad... (spesielt glad for at eg ikkje knakk bein på vegen ned). Detaljer kjem på nettsida i morgo eller i overmorgo. Kanskje innslag på NRK2 Sveip klokka 17.10 i kveld.

Millenium Camp 3900 moh.

På veg ned. Har no vore ute i 8 timar og 42 minutt. Det regnar og er sleipt. Må halde litt igjen...

Toppen 5895 moh.

Toppen er nådd. Brukte 7 timar og 19 minutt opp dei 4255 høgdemetrane til toppen. Sliten, men veldig fornøgd! Yes....! No ventar like mange høgdemeter nedatt....

Barranco 3980 moh.

Har passert Barranco etter 3 timar og 4 minutt. Er no i overgangen mellom regnskogen og dei meir alpine delane av fjellet (skoggrensa). Har gjort unna dei første 2340 høgdemetrane. Alt vel.


PLANLEGGING OG AFRIKANSK BYRÅKRATI


Å bestige Kilimanjaro på ein dag - opp og ned - er det mogeleg? Frå 1630 moh. til 5895 moh. frå det lysnar om morgonen til det mørknar om kvelden. 4255 høgdemeter opp og omtrent det samme ned igjen. Dette er noko eg alltid har hatt lyst til å prøve, og no skal det endeleg skje.

Høyr innslag på NRK Hordaland (15. minutt og 30 sekund ut i sendinga)

Sjå innslag på NRK2 Sveip


Det er no så godt som 100% sikkert at eg får lisensen som eg treng for å prøve å gå/springe opp og ned Kilimanjaro på ein dag 27. januar i år. Det har vore byråkratisk vanskeleg å nå gjennom hjå TANAPA (Tanzania National Parks), men med god hjelp av Michael som kjenner dei rette folka så har det endeleg løyst seg.

Opplegget blir som følger: Eg startar på startpunktet for den svært lite nytta Umbwe-ruta (1630 moh.) rundt kl. 0530 om morgonen (punkt 1 på bilde og kart), i det det begynner å lysne. Michael rådar meg på det sterkaste frå å starta tidligare fordi det er mykje ville dyr i dette området (blant anna leopardar...), men også fordi det er ein del "bandittar" her. Det er altså ikkje akkurat vanlege utfordringar som me kjenner frå fjellheimen i Norge som vil prega starten av turen. Før 4 timar har gått bør eg ha passert Barranco Camp (4000 moh). Men eg er litt spent på dette området fordi dette er ein sti som er lite brukt, og det er ein god del brattare men også meir gjørme og glatt dersom det har vore nedbør. Eg er heller ikkje kjent i dette området, og sjølv om eg har fått garantiar for at stien ikkje deler seg før eg kjem til Barranco, så er eg litt spent på dette partiet av ruta (har litt dårleg erfaring med afrikanske garantiar...). Frå Barranco er eg kjent, og partiet opp til Arrow Glacier Camp (ca. 4900 moh.) bør gå unna på under 2 timar. Herifrå og opp blir det igjen spennande, fordi eg skal følga Western Breach-ruta til topps. Denne slynger seg opp ei av dei brattaste sidene på Kilimanjaro, og etter ei svært alvorleg skredulykke for få år sidan (2 drept og mange alvorleg skada) er denne no eigentleg stengt. Her vil eg nok slite med å finne vegen, spesielt dersom eg får tåke kan det bli problem. Eg har med GPS så det er ikkje farleg dersom eg skulle gå meg vill. Men det er eit spenningsmoment om eg må avbryte i dette området. Ruta er svært bratt og det er ein del klyving. Dersom eg får snø eller is må eg også avbryte her. Det er ikkje trygt å ta seg gjennom dette partiet i joggesko under slike forhold. Så det er mange usikkerheitsmoment... Umbwe / Western Breach-ruta er ei vill og spesiell rute som eg gledar meg veldig til å gi meg i kast med, men samtidig er det heilt klart den ruta som gjer det minst sannsynleg at eg klarar dette på ein dag. I tillegg er eg litt usikker på springe-formen på denne tida av året. Det hadde sjølvsagt vore best å gjort dette på seinsommaren, f.eks. i august. Då har eg mange lange og tøffe springeturar i beina og hadde nok vore betre forberedt enn eg er no på vinteren. Men eg har sprunge mykje dei siste vekene, i tillegg til alle skiturane så eg reknar med det skal gå greit. Eg håpar alt går bra og eg gledar meg verkeleg til å gjera eit forsøk.

TANAPA stiller mange krav til forsøket (i tillegg til at eg må betale lisens på 600 dollar). Dei krev blant anna at eg må ha med meg guidar heile vegen opp til toppen. Dette er sjølsagt heilt uaktuelt for meg. Men for å tilfredsstille dei høge herrar, så startar eg sammen med min kjære sjefs-guide gjennom fleire år, Eliezer. Han skal offisielt følga meg dei første 2300 høgdemetrane. Der står min like trofaste assistent-guide Julias klar til å overta, og "guida" meg dei siste 2000 metrane mot toppen. Men dette blir sjølvsagt kun eit reint formelt opplegg, og dei skal få sleppa å vera med på slik "galskap". I realiteten vil Eliezer kun følga meg rundt den første svingen, og av Julias krev eg kun at han kjem med nokre oppmuntrande ord i det eg passerer... Eg må stå på toppen innan 9 timar etter at eg har starta, dersom eg skal nå ned igjen til sivilisasjonen innan det mørknar. Eg får ikkje lov til å bruke samme ruta ned igjen. Det er for så vidt greit, fordi Mweka-ruta nok er den raskaste og beste ruta ned igjen frå toppen (punkt 2 på bilde og kart). Der er eg også godt kjent. Ned igjen skal det gå styggfort, men eg må sjølvsagt vera forsiktig slik at eg ikkje skadar meg.

I perioden 18. - 24. januar har eg ei stor gruppe på 19 deltakarar med meg på Kilimanjaro. Eg vil derfor vera rimeleg bra akklimatisert i det eg startar den 27. januar. Eg har då hatt to dagar med kvile og restitusjon med safari i Tanzania sine fantastiske nasjonalparkar. "Akklimatiseringsturen" gir meg også anledning til å legga ut litt drikke og mat undervegs. Skal eg klara dette i løpet av ein dag må eg springe utan vekt på ryggen.

Utstyr:
- sko: Salomon Speedcross 2 (superlette terrengjoggesko med ekstremt mønster)
- klær: løpetights, ullundertøy og superlett vindjakke
- ryggsekk: camelbak
- mat: energi-gel og -bars
- teknisk: GPS, pulsmåler, kamera (mini)

Eg kjem til å oppdatere denne sida undervegs, slik at det går an å følge med "live" frå fjellet. Kommunikasjonen er ofte ustabil så det er ingen garanti for at det går, men eg skal i alle fall prøve.

På dette kartet er den blå ruta den eg skal gå/springe, mens den grønne er Machame-ruta som eg brukar på mine ordinære turar.

Her er det berre sekundar før eg startar. Julias er svært veltrent og brukar berre 4 timar opp til Barranco. Han går vidare til Millenium der han møter meg mot slutten av turen.


Eliezer ventar i Barranco, som eg når 3 timar etter start. Han tar dette bildet av meg. Eg har på dette tidspunktet tilbakelagt 2400 høgdemeter. Ruta vidare går heilt til venstre i dette bildet.

Utradisjonelt skotøy for Kilimanjaro-bestigning...

Knust hjelm vitnar om den stygge ulykka som skjedde her for nokre år sidan.

Eg kjem over skodda, høgda er no ca. 5500 meter. Eg er svært sliten.

Endeleg i sjølve krateret. Dei bisarre isbreene ligg til venstre, og toppen er opp til høgre.

Hugsar berre såvidt at eg tok dette biletet. På dette tidspunktet var eg tom for energi og måtte hive i meg store mengder gel og sjokolade.

Endeleg på toppen. 4265 meter over der eg starta.

Det er nok ikkje mange som har stått her i sånt utstyr. Vanlegvis står me her med dunjakke, vottar og finlandshette.


10 timar og 46 minutt seinare ved Mweka Gate.

09.01.2009 09:26

Copyright © 2009 Jarle Trå