DIVERSE
Duva
Foredrag
Hjelp barna i Afrika

HJELP BARNA I AFRIKA


21. JANUAR 2010:
5453 kroner vert i desse dagar fordelt på dei to prosjekta. Orkilili Secondary School i Moshi, og First Step sin barneheim i Freetown mottar begge omlag 470 dollar kvar. Meir informasjon om overrekkinga og konkret kva pengane vert brukt til kjem her etterkvart. Tusen takk til alle som har bidratt så langt! Prosjektet fortsetter sjølvsagt - les meir om korleis du kan støtte prosjektet lenger nede i teksten.


GENERELT OM PROSJEKTET

Når ein tilbringer litt tid i Afrika, slår det ein verkeleg kor priviligerte me er i Norge, Me har alt me treng og meir til...

Mange som drar med meg på tur, henvender seg til meg etterpå med eit brennande ønske om å gjera noko for dei aller fattigaste. Eg har derfor starta opp eit prosjekt for å samle inn pengar i Norge.

Pengane skal gå til to forskjellige prosjekt i Afrika. Eg vil hjelpe Michael Kilawila, som er min samarbeidspartner på Kilimanjaro. Han har i mange år prøvd å hjelpe barn av avdøde Maasai-foreldre med skulegang og den daglige føde. Det andre prosjektet blir drevet av min venn Håkon Askerhaug, som eg klatra Denali med i 2003. Han har jobba som flypilot i Sierra Leone, og sett på nært hold følgene av borgerkrigen som herja der i mange år. Derfor starta han sammen med kollegaer ein barneheim i Freetown, hovedstaden i Sierra Leone.

Dei innsamla midlane vil derfor med jevne mellomrom delast i to like store deler, og bli brukt til desse to prosjekta:

ORKILILI SECONDARY SCHOOL
Skulens eigar, Miss Yohana Mcha, har tatt til seg 18 Masaai-barn der faren er død, og mora derfor ikkje er i stand til å ta seg av barnet og sørge for at det får mat og skulegang. Det kostar Yohana ca. kr. 9,- pr. elelv pr. dag i utgifter til lærerlønninger, mat, vatn, bøker osv. Dette er pengar som ho ikkje får dekka frå myndigheitene, og ho er derfor heilt avhengig av støtte frå andre for å klare dette.

FIRST STEP
Håkon starta denne barneheimen for nokre år sidan. Sierra Leone er blant dei aller fattigaste landa i Afrika, mykje på grunn av den forferdelige borgarkrigen som herja landet i mange år. Dei har no ca. 20 barn som dei har ansvaret for. Barneheimen er heilt avhengig av støtte frå omverda for å klare utgifter som husleige, mat, straum osv. Les om prosjektet på First step si nettside.

Eg, Michael og Håkon vil med jevne mellomrom komme med oppdateringer om statusen i prosjekta, om kor mykje pengar som kjem inn og kva dei blir brukt til.

Kontonummeret til prosjektet er: 3632 55 86588

Dersom du ønsker å støtta desse prosjekta, kan du velga sjølv om du vil overføra ein eingongs-sum eller om du vil oppretta ein fast trekk-avtale, slik at ein viss sum vert overført til denne kontoen kvar månad. Dette avtaler du i tilfelle med din eigen bank.

Eg håpar verkeleg at så mange som mogeleg har lyst til å vera med å støtte, slik at me verkeleg kan bidra til ein betre kvardag for desse barna.

30.10.2008 18:41

Copyright © 2009 Jarle Trå