Svalbard Ski-ekspedisjon
Fakta om turen
Referat 2010
Referat Newtontoppen 2007
Referat 80 grader Nord 2007

Svalbard Ski-ekspedisjon
Det er noko spesielt med Svalbard. Denne store arktiske øygruppa som ligg "rett under" Nordpolen, og som kan samanliknast med kva som helst når det gjeld flott natur. Eg har sjølv kryssa Grønland for nokre år sidan, men vil likevel påstå at Svalbard er flottare! Og kanskje får me sjå bamsen...


Dette blir ein "nybegynnar-tur" i arktiske strøk. Du treng ikkje ha gått med pulk før. Me går på forholdsvis flate breer, mellom fantastiske nunatakker, slik at det ikkje blir så mykje bratte motbakker med pulken. Me bur i solide og romslige telt, og me smeltar snø og lagar mat sjølv.

Eg har pulk, telt, liggeunderlag og kokeutstyr på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får full opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av brenner.

Les meir om ski-ekspedisjonen i 2007 og sjå bilder

Eg arrangerer også ein fottur på Svalbard sommarstid. Les meir

Reisemål:Svalbard Ski-ekspedisjon
Land:Svalbard, Norge
Antall dagar:9 (6 netter i telt)
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Min. antal:7
Max antal:16
 
Påmeldingsfrist:60 dagar før avreise
 
Pris 2010:14 900,-
Pris 2011:14 900,-
NB: Pris er ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard


PRISEN INKLUDERER

- All transport på Svalbard
- Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus (2 eller 3 personar på kvart rom)
- Alle måltider på Svalbard
- Norsk turledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

- Fly frå fastlandet til Svalbard (t/r)
- Evt. måltid på flyturen
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom


TRANSPORT

SAS flyr frå Gardermoen kvar dag i høgsesongen. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge.

OVERNATTING

Me bur på dobbeltrom (evt. trippelrom) på eit enkelt hotell på Svalbard. På skituren bur du sammen med ein teltkamerat i eit romsleg 3-mannstelt (sannsynlegvis Helsport Svalbard 3).

MAT

Me lager mat sjølv i kvart telt. Du vil få full opplæring i korleis brennaren fungerer. Frukost kan f.eks. bestå av brød, pålegg, havregraut, suppe, kaffi, buljong og te. Lunsj består av suppe og brødmat. Middag blir stort sett frysetørka mat, men også spekemat og f.eks. potetmos og hurtigris.


FYSISK FORUTSETNING

Dette er altså ein ski-ekspedisjon for nybegynnarar! Det er sjølvsagt ein fordel om du har budd i telt vinterstid før, men ingen forutsetning. Det er få bratte bakkar der me skal gå med pulken, men likevel er det viktig at du har litt erfaring med å gå på ski. Det er også viktig at du har ein viss kondisjon og du må vera i stand til å gå lengre fjellturar. Me avpassar dagsetappane etter formen i gruppa, dersom nokon syns dagsetappane blir korte, så kan me heller ta ein topp-tur etter at leiren er etablert. Det er flust av mogelegheiter for kveldsturar frå leiren. Sol har me uansett nesten heile døgnet... Temperaturen er stort sett grei på denne tida av året. Det kan faktisk bli t-skjorte vær dersom sola skin og det ikkje er vind. Men om natta kan det nok bli under -10, så ein varm sovepose er viktig. Men sidan sola ikkje er under horisonten så veldig mange timar kvar natt, så blir det ofte ikkje kaldt før langt på kveld.

DETALJERT PROGRAM


Dag 1:
Me landar i Longyearbyen og blir transportert til hotellet vår. Dersom me ikkje landar for seint blir det eit møte om kvelden, der me blir kjent med kvarandre og går gjennom ein del informasjon.

Dag 2:
Me pakkar pulkane og øver på å sette opp teltet og å bruke brennaren. Moderne telt og brennarar er svært lette å bruke, så du treng ikkje vera bekymra om du ikkje har erfaring med dette. Dersom me får tid besøker me museumet i Longyearbyen, og får oppleve litt av den fascinerande og dramatiske historien til dette spesielle samfunnet. På ettermiddagen blir me transportert med bil til startpunktet for turen, og me går kanskje nokre kilometer - berre for å komme i gang!


Dag 3 - 8:
Turen går vidare i Drønbreen-området. Dette er eit snøscooterfritt område, så me får verkeleg nyta den storslåtte og urørte arktiske villmarka. Dette blir kanskje den flottaste ski-turen du nokonsinne kjem til å gå! Me etablerer leir kvar kveld, og lagar mat og smeltar snø i kvart telt. Me setter opp snublebluss for sikkerheits skuld, sjølv om det er små sjansar for at bamsen skal ta seg ein tur. Så spørs det kven som først utløyser snubleblussa på veg for å tisse om morgonen... Me spar opp ei skikkelig flott latrine også, slik at ein får gjera sitt fornødne i skjul. Me går vidare austover før me etterkvart rundar inn i Reindalen som ledar sørover mot Van Mijenfjorden. Men me rundar nordover igjen opp Tverrdalen og til slutt kjem me igjen i kontakt med sivilisasjonen i det me når utløpet av Bolterdalen der me vert henta og frakta attende til Longyearbyen. No gjer det ekstra godt med ein varm dusj, ein god middag og ei god hotellseng!
(NB! Den nøyaktige ruta kan bli endra dersom vær- og føreforhold tilseier det)

Dag 9:
Fly tilbake til fastlandet.


EKSTRA DAGAR PÅ SVALBARD

Dersom du vil tilbringa nokre ekstra dagar på Svalbard når du først er her oppe, så kan eg organisera det. Det er mykje spesielt du kan oppleva på Svalbard, blant anna tur med hundespann, isgrotte-vandring, snøscooter-tur til Barentsburg osv. Ta kontakt dersom du er interessert og har anledning, så organiserer eg det du måtte ønske.






INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.




Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

06.01.2007 19:02

Copyright © 2009 Jarle Trå