Elbrus
Fakta om turen
Referat Elbrus 2010
Referat Elbrus 2009

Elbrus
Elbrus er Europas høgaste fjell og ligg i fjellkjeden Kaukasus i Russland. Fjellet er ein utdødd vulkan og fjellområdet som fjellet ligg i vert ofte omtala som det flottaste i verda utanom Himalaya.

Foto: Marius Slagsvold

Reisemål:Elbrus
Land:Russland
Max. høgde:5642m
 
Antall dager:12
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Min. antal:7
Max antal:16
 
Påmeldingsfrist:60 dagar før avreise
Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter
 
Pris 2010:24 900,-
Pris 2011:25 900,-

Utsikt frå 4000 meter på Elbrus på ein skitur i April.
Foto: Jarle Trå

PRISEN INKLUDERER

- Fly tur/retur frå Norge via Moskva til Mineralnyje Vody
- All transport i Russland
- Alle overnattingar på hotell og i fjell-lodge
- Alle måltid i The Barrels
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Norsk turledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

- Tips til lokale hjelparar/guidar
- Lunsjar og middagar i Moskva, Mineralnye Vody og Azau
- Visum-kostnader
- Beltebil-transport på fjellet (ca. 80 Euro)
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom


TRANSPORT

Me flyr med SAS og Aeroflot via Moskva til Mineralnye Vody. Privat buss til Azau (ca. 4 timer).

OVERNATTING

Hotell i Moskva på veg til Mineralnye Vody. Lodge eller hotell i Azau før og etter toppstøtet på Elbrus. På toppstøtet overnattar me på den legendariske fjellhytta "The Barrels" på ca. 4000 meter.

FYSISK FORUTSETNING

Elbrus er eit stort fjell. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og må seiast å vera fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Det kan også bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 10-15 minusgrader. Gode og varme sko er viktig.


Foto: Marius Slagsvold

DETALJERT PROGRAM


Dag 1:
Me flyr frå Norge til Moskva, der me tar inn på hotell. Me landar seint så me tar middagen på hotellet. Om kvelden blir det eit kort informasjonsmøte der me går gjennom ein del informasjon om turen.

Dag 2:
Me må sjølvsagt sjå dei mest kjente turistattraksjonane når me først er i Moskva, f.eks. Kreml og Den Røde Plass. Om kvelden flyr me vidare til Mineralnye Vody der ein buss står og ventar og køyrer oss vidare til Cheget.

Foto: Marius Slagsvold

Dag 3:
Me går sannsynlegvis opp på Mount Cheget, der me har ei fantastisk flott utsikt mot Elbrus. Me brukar kanskje heis opp eit stykke, og me vil sannsynlegvis komma opp på ca. 3400 meter denne første dagen.

Foto: Marius Slagsvold

Dag 4 og 5:
Me flyttar opp til ei koseleg fjellhytte på 3000 meter med ei fantastisk utsikt. Nikolai er lommekjent i fjella her og vil velga ut fjellturar som gir oss flotte naturopplevingar, spektakulær utsikt og ikkje minst den rette progresjonen i akklimatiseringa fram mot topptstøtet. Me øver også på å bruke stegjern og isøks.

Dag 6:
Me flytter opp til ei av dei enkle fjellhyttene som ligg på rundt 4000 meter. Me brukar heis-systemet for å komme opp dit, så me ikkje treng å slita tunge ryggsekkar oppover fjellet.

Dag 7:
Akklimatiseringstur opp til Pastukhov Rocks (ca. 4800m). Me tar det roleg, i dag skal me først og fremst akklimatisere, ikkje slite oss ut. Frå Pastukhov Rocks er det ei fantastisk utsikt utover resten av Kaukasus-fjella.


Foto: Marius Slagsvold

Dag 8:
Me slappar av og forbereder toppstøtet.

Dag 9:
Me startar toppstøtet grytidleg på morgonen. Me går sakte men sikkert høgare og høgare. Dersom det er skare, så sikrar me over eit lite parti der det er brattast. Etter kvart kjem sola opp og dersom været er bra vert det etterkvart fin temperatur. Til slutt står me forhåpentlegvis alle 5642 meter over havet.

Foto: Marius Slagsvold

Dag 10 og 11:
Reservedagar dersom dårleg vær. Dersom me gjennomfører toppstøtet vårt første dagen, vil me nytta reservedagane enten til å slappa av etter toppstøtet eller til å gå andre fjellturar i området. Og så skal me sjølvsagt feira at me har stått på Europas høgaste fjell!

Dag 12:
Me flyr tilbake til Norge via Moskva.

NB! Programmet kan variere litt frå gong til gong. Blant anna kan Moskva-oppholdet leggast til slutten av turen.

Foto: Marius Slagsvold

Foto: Marius Slagsvold

Foto: Marius Slagsvold

Foto: Jarle Trå

INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.




Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

01.01.2001 00:00

Copyright © 2009 Jarle Trå