Aconcagua
Fakta om turen
Referat Aconcagua 2010
Referat Aconcagua 2008

Aconcagua
Dette blir ein skikkeleg ekspedisjon. Sjølv om det ikkje er klatring for å nå toppen av Aconcagua, blir det likevel ein seriøs utfordring. Me gjennomfører denne ekspedisjonen på samme måte som ekspedisjonar til dei store 8000-metringane i Himalaya. Aconcagua er nesten 7000 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.


Me går ikkje normalruta på Aconcagua, Horocones-ruta. Me går Vacas-ruta, som er ei fantastisk flott rute. I tillegg så er anmarsjen oppover Vacasdalen mykje finare enn i Horoconesdalen, og viktigast av alt - Vacasruta gir naturleg ein perfekt akklimatisering før toppstøtet. Utsikta mot Aconcagua frå normalruta blir karakterisert som "ein grushaug", mens frå Vacasruta ser det ut som Himalaya! Eg har sett begge sidene av fjellet og det er ingen tvil om at det er Vacasruta som gir den flottaste og tryggaste vegen til toppen. Men den er også litt dyrare å organisere enn normalruta. Ta derfor hensyn til dette når du evt. samanliknar prisane på denne turen.

Me tar med oss kokk og hjelpararar opp til Base Camp slik at me får slappa skikkeleg av mellom slaga høgare oppe på fjellet. Me har også med oss lokale guidar heile tida, og nokre få bærarar som hjelper oss med å etablere leirar. Bærarane hjelper oss med å bæra telt og fellesutstyr oppover fjellet. Men me må koka vår eigen mat og smelta snø sjølv i dei øverste leirane. Det vert tøft fysisk - men til gjengjeld er gleda etter å ha klart det ubeskriveleg...

Les oppdateringar og sjå bilete frå 2010-ekspedisjonen og les Erika Nilssons artikkel
Les meir om 2008-ekspedisjonen og sjå bilete.
Les meir om første gongen eg var på Aconcagua (2006) og sjå bilete.


Reisemål:Aconcagua
Land:Argentina
Max. høgde:6963m
 
Antall dagar:26 (ca. 19 på fjellet)
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Turledar 2010:Brynjulv Eide
 
Min. antal:7
Max antal:14
 
Påmeldingsfrist:90 dagar før avreise
Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter
 
Pris 2010:41 900,-
Pris 2011:41 900,-


PRISEN INKLUDERER:

- Fly tur/retur frå Norge via Paris til Buenos Aires eller Santiago
- Fly frå Buenos Aires/Santago til Mendoza
- All lokaltransport i Argentina
- Muldyrtransport av utstyr til og frå Base Camp
- Alle overnattingar på hotell i Buenos Aires/Santiago, Mendoza og Punta del Inca
- Spisetelt og kokk i Base Camp
- Alle måltid i Base Camp (og på veg inn til og ut frå Base Camp)
- Norsk ekspedisjonsledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE:

- Tillatelser og parkavgifter (ca. 320 dollar for "peak-permit")
- Tips til lokale hjelparar/guidar/kokkar (ca. 60 dollar)
- Lunsjar og middagar i Buenos Aires/Santiago, Mendoza og Punta del Inca
- Drikkevarer
- Frysetørka mat i Camp 1 og 2
- Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
- Overnattingar utover 2 netter på hotell etter ekspedisjonen
- Evt. enkeltrom

Dersom du av ein eller annan grunn må avbryta ekspedisjonen, så dekkar eg kostnadane med uttransport til Mendoza. Eg dekkar også hotell der i opp til to dagar. Flybillettane er det vanskeleg å endre datoen på, så du må i tilfelle sjølv betale ny flybillett heim.


TRANSPORT

Me flyr med KLM / Air France (evt. Lufthansa) til Buenos Aires (eller Santiago). Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand) eller Torp (Sandefjord) blir det eit lite tillegg for tilslutningsfly. Fly eller buss vidare til Mendoza og buss til Punta del Inca. Frå Punta de Vacas brukar me muldyr til å transportera utstyr inn til Base Camp mens me sjølv går med lette dagstursekkar. Dette tar 4 dagar.


OVERNATTING

I Buenos Aires (evt. Santiago) bur me på eit fint hotell. I Punta del Inca bur me på eit "vandrehjem" av lågare standard (3-6 personar på eit enkelt rom). I Base Camp har kvar deltakar eit eige telt slik at me får litt "privatliv". Høgare opp på fjellet er me 2 personar i 3-manns North Face VE25-telt (verdas beste telt?).

MAT

Me har med eigne kokkar som lagar maten vår i Base Camp. Men høgare oppe på fjellet må me smelta snø og laga mat sjølv. Me nyttar ein god del enklare frysetørka mat, for å gjera det enkelt å unngå oppvask. Her oppe må ein spara på både drivstoff og arbeidsmengde.


FYSISK FORUTSETNING:

Dette vert ein ekspedisjon i ordets rette betydning. Det er heilt klart "ein divisjon opp" i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Du må vera godt trent og ha stor viljestyrke for å nå toppen av Aconcagua. Eg kan hjelpa deg med meir spesifikke trenings-opplegg fram mot denne ekspedisjonen.

Grovt sett kan ein sei at ein må akklimatisera slik for å klatra høge fjell:
1 veke: 6000 meter (Kilimanjaro)
2 veker: 7000 meter (Aconcagua)
4 veker: 8000 meter (Shisha Pangma)
8 veker: 9000 meter (Mt. Everest)
Som ein ser så doblar tida seg grovt sett for kvar 1000 meter høgare ein skal. Det er absolutt ein fordel om du har erfaring frå andre høge fjell, f.eks. Kilimanjaro. Men dette er ikkje eit absolutt krav. Likar du å setta deg eit mål å trena mot kan dette vera målet som ligg langt der framme. Eg hjelper deg gjerne med treningsråd.

Det er også ein forutsetning at du har erfaring med å sove i telt, og at du veit korleis du skal takle kulde og vind. Det er kun høgt oppe på fjellet at me kan få slike forhold - i Base Camp går me nok ofte i T-skjorte og shorts.

Sjå filmen frå toppstøtet i 2008:

Video (7,2Mb)


TUREN DAG FOR DAG


BC = Base Camp
C1 = Camp 1
C2 = Camp 2

Dag 1: Fly til Buenos Aires eller Santiago
Dag 2: Fly til Mendoza. Eta verdens beste biff!
Dag 3: Forberedelsar Mendoza. Buss til Punta del Inca (2600m)
Dag 4: Gå frå Punta de Vacas til Pampa de Lenas (3000m)
Dag 5: Gå frå Pampa de Lenas til Casa de Piedra (3300m)
Dag 6: Kviledag Casa de Piedra. Akklimatiseringstur til ca. 4000m
Dag 7: Gå til Plaza Argentinas (BC) (4200m)
Dag 8: Kviledag BC
Dag 9: Etablere Camp 1 (ca. 5000m)
Dag 10: Kviledag BC
Dag 11: BC - C1
Dag 12: Kviledag C1
Dag 13: C1 - High Pass (5500m)
Dag 14: C1 - C2 (Frakte utstyr til C2 på 5900m)
Dag 15: C1 - BC
Dag 16: Kviledag BC
Dag 17: BC - C1
Dag 18: C1 - C2
Dag 19: Toppstøt!
Dag 20: Reservedag
Dag 21: C2 - BC
Dag 22: Gå til Pampa de Lenas
Dag 23: Gå til Punta de Vacas. Buss til Mendoza.
Dag 24: Fly til Buenos Aires eller Santiago (evt. buss)
Dag 25: Fly heim igjen
Dag 26: Ankomst Norge

Denne dagsplanen kan sjølvsagt verta endra pga. værforhold og liknande.

NB! Påmeldingsfristen for denne ekspedisjonen er 90 dagar før avreise.


INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.






Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

10.08.2006 23:32

Copyright © 2009 Jarle Trå