Den ultimate blandinga av eksotisk fjellferie og fascinerande kulturopplevelse. Den utrulege gjestmildheita, dei dramatiske alpine fjella, den spesielle stemninga oppe i dei smale fjelldalane og i tillegg den eksotiske byen Marrakech som berre må opplevast. Og som avslutning får du nokre dagar i den pittoreske fiskarlandsbyen Essaouira, som også har ei tre kilometer lang sandstrand av beste kvalitet. Når du får alt dette på ein to vekers ferie så er det vel ingen grunn til å vente med å melde seg på!
Les om min eigen tur til Marokko i oktober 2008.
| Reisemål: | Atlasfjella |
| Land: | Marokko |
| Max. høgde: | 4167m (Jebel Toubkal, Nord-Afrikas høgaste fjell) |
| |
| Antall dager: | 15 (7 dager på fjelltur) |
| |
| Datoar: | Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus |
| |
| Min. antal: | 7 |
| Max antal: | 20 |
| |
| Påmeldingsfrist: | 60 dagar før avreise |
| Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter |
| |
| Pris 2010: | 21 800,- |
| Pris 2011: | 22 900,- |
EKSOTISK FJELLTUR PÅ GRENSA TIL SAHARA
Me skal i løpet av ein 7 dagars trekking-tur sjå det flottaste av natur som Atlasfjella har å by på, og som avslutning bestiger me Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal (4167m). Me har med oss guide, kokk og muldyr som bærer det meste av bagasjen vår. Du bærer kun dagstursekk sjølv. Me har to alternative ruter, snøgrensa avgjer kva rute me velger. Men uansett kva rute me går så innbefattar det bestigning av Jebel Toubkal den siste dagen.Før me drar opp i Atlasfjella, så skal me ta Marrakech nærmare i augesyn, kanskje ein av dei mest spesielle og fascinerande byane i verda. Me bur på eit hotell heilt inntil Djeema el Fna, Marokkos mest kjente souk, dvs. markedsplass. Om kvelden gjer slangetemmarar, akrobatar og eventyrfortellarar Djeema el Fna til ein magisk plass.Etter mange dagar i Atlasfjella og kulturelle opplevelsar som du aldri kjem til å gløyme, fortjener du å slappa skikkeleg av på stranda i Essaouria på vestkysten. Les meir om Essaouira lenger nede på denne sida.
PRISEN INKLUDERER
- Fly tur/retur frå Norge til Marrakech - All transport i Marokko - All overnatting på hotell og i lodger i delt dobbeltrom - 7 dagars fottur med lokal guide, kokk og muldyr - Alle måltider på fjellet - Norsk turledar (har høgde-erfaring og medisinsk kompetanse)PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tips til lokal guide, kokk og muldyr-drivere - Lunsjar og middagar på hotellet i Marrakech, Imlil og Essaouira - Drikkevarer - Evt. enkeltrom
TRANSPORT
Me flyr med Norwegian til Marrakech. Prisen for denne turen gjeld frå alle flyplassar i Norge til og med Trondheim som Norwegian har ruter til. For tilslutning frå flyplassar nord for Trondheim blir det eit tillegg i prisen. Me køyrer i privat buss eller taxi til Oukaimedene eller Imlil (1,5 timar), og det samme tilbake til Marrakech når me skal heim igjen. Til Essaouria vert det privatbuss eller taxi begge vegar (2-3 timar).OVERNATTING
I Marrakech bur me på eit hotell eit steinkast frå Djeema el Fna, kanskje verdas mest berømte markedsplass. I Imlil bur me på Dar Imlil, ein fjell-lodge av høg klasse. Dusj og toalett på alle rom, og maten er framifrå. Takterassen er kanskje ein av dei flottaste utsiktsplassane i Imlil, og fjella tronar 2500 meter over oss når me inntar frukosten eller lunsjen her oppe. På sjølve fjellturen bur me i telt (2 personar i eit 3-manns telt). Kanskje blir det nokre overnattingar på enkle fjell-lodgar. I Essaouira bur du også på eit hotell med eksotisk atmosfære.Sjå bilder frå den svært stemninsgfulle lodgen Dar Imlil.
MAT
Maten var kanskje noko av det som overraska meg mest i Marokko. Gode lammegryter, fantastiske salatar, eksotisk krydra grilla kylling... dette blir ingen slanketur! I tillegg så er det betrakteleg mindre risiko for å få mageproblem i Atlasfjella enn på mange andre eksotiske reisemål.
FYSISK FORUTSETNING
Denne turen er kanskje litt lettare enn Kilimanjaro. Men me går forholdsvis lange dags-etappar så du bør absolutt vera i stand til å gå minst 5-6 timar utan at du tar deg heilt ut. Me er ikkje ofte over 3500 meter så du vil høgst sannsynleg merka lite til høgda. Unntaket er sjølvsagt bestigninga av Jebel Toubkal, men sidan me tar den siste dagen så er me så godt akklimatisert at det skal gå heilt fint. Det vert heller ikkje spesielt kaldt om natta, kanskje ned mot 0 grader den kaldaste natta.
TUREN DAG FOR DAG
Dag 1: Me flyr frå Norge til Marrakech. Me blir møtt av min venn Houssine på flyplassen og transportert til hotellet i sentrum av Marrakech. Om kvelden tar me oss ein tur ut og opplever livet på Djeema el Fna, ein opplevelse som du seint kjem til å gløyme.Dag 2: Dersom sikta er bra, kan me sjå Atlasfjella mens me et frukost på takterassen på hotellet. Me drar så på sightseeing i Marrakech med lokal guide. Overnatting på det samme hotellet som forrige natt.
Dag 3: Avhengig av kva rute me skal gå blir me transportert til Oukaimedene eller Imlil (ca. 1,5 timar). Så pakkar me om bagasjen og gjer oss klar for å starte vandringa. Me setter igjen bagasjen som me ikkje treng ha med oss på fjellet.Dag 3 - 9: Me vandrar gjennom Atlasfjella, over høge pass og ned i djupe dalar. Me går gjennom avsidesliggande berber-landsbyar og me kjem tett innpå levemåten til berberane. Me møter mange gjetarar med geiteflokkane sine høgt oppe i fjellsidene. Guiden vår, som snakkar godt engelsk, er født og oppvokst i området og forklarer oss det meste om natur, kultur, geologi og geografi i området. Me har også med oss ein kokk som diskar opp med 3-rettars middagar og faktisk også 3-rettars lunsj kvar dag. Til frukost er det både brødmat og havregraut. Måltida inntar me i mat-teltet, der det sjølvsagt også er bord og stolar. Dei fleste nettene bur me i telt, men det kan også henda at me tar inn på enkle lodgar.
Dag 9: Me startar tidleg på morgonen og begynner oppstigninga mot toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal. Etter 3-4 timar når me topp-punktet, 4167 meter over havet. Me står då på Nord-Afrikas høgaste punkt. Me nyter den storslagne utsikta ei god stund. Sannsynlegvis er det heilt grei temperatur sjølv på toppen. Ned igjen går det berre litt over timen ned til leiren, men me går vidare nedover dalen og heilt ned til Imlil. Her tar me inn på Dar Imlil, ein fjell-lodge med ein heilt spesiell atmosfære.
Dag 10: Me slappar av på lodgen og nyter følelsen av å akkurat ha avslutta ein lang og spesiell fjelltur. Me kan faktisk sola oss på taket av lodgen dersom sola skin. Me tar ein tur ned hovedgata i Imlil (det er berre ei gate forresten...). Eller me kan ta oss ein fjelltur i området. Houssine sørger for at me har det bra, og han stiller heilt sikkert opp dersom me vil ha ein guida tur i landsbyen hans.Dag 11: Me blir transportert direkte til hotellet i Essaouira (ca. 4 timar). Hotel Madada Mogador er eit av hotella som eg samarbeider med. Dette hotellet har blant anna ein flott utsikt mot havet og solnedgangen frå takterassen.
Dag 11 - 15: Essaouira er ein heilt spesiell landsby, ikkje så langt frå Agadir i mil - men likevel ein heilt annan opplevelse enn dei overbefolka og turistifiserte byane lenger sør. Essaouira har ei tre km. lang sandstrand av ypperste kvalitet men er først og fremst kjent for den spesielle stemninga. Essaouira er vanskeleg å beskrive, men eg har sjølv opplevd den fantastiske solnedgangen frå takterassen, mens Imanenes religiøse bønner ljoma frå megafonar i alle moskeane i byen. Ein magisk opplevelse! Sjå artikkel i Bergens Tidende om Essaouira. Dag 15: Me vert transportert tilbake til flyplassen i Marrakech. Flyet landar i Norge seint på kvelden og dei som bur i Austlandsområdet er snart heime, mens dei som skal vidare til andre flyplassar må overnatte på hotell på Gardermoen (dette er sjølvsagt inkludert i prisen) og flyr vidare neste morgon.
INFORMASJONSMØTER
Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha. PRIVATE TURAR
Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.
Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer. |