Inka Trail
Fakta om turen
Referat Juli 2010
Referat September 2009
Referat Juni 2009
Referat Oktober 2008

Inca Trail Satelittbilde | Virtual Earth 3D | Google Earth

DET BESTE AV SØR-AMERIKA

Dei fleste av oss ønsker ein eller annan gong i livet å oppleve Sør-Amerika. Naturen og kulturen er fascinerande og heilt annleis enn det me er vant med. Men dette kontinentet er langt vekke og for mange vil ein tur til dette kontinentet vera noko ein kun gjennomfører ein gong i livet. Derfor gjeld det å oppleva det mest fantastiske, karakteristiske og spesielle når ein først er der.

Dersom ein fekk valget om kva tre attraksjonar i Sør-Amerika ein ville oppleva på ein tur, ville nok veldig mange svart Machu Picchu, Amazonas-jungelen og Titicaca-sjøen. Eg har derfor satt sammen ei reise som inneheld blant anna desse attraksjonane.

Snøkledte fjell (Andesfjella), ørken med nokre av verdas største sanddyner (Ica-ørkenen), fuktig jungel (Amazonas), høgfjellssletter over 4000 meter (Altiplano), verdas høgaste "navigerbare" innsjø (Titicaca) og Peru sin mini-versjon av Galapagos-øyene som ligg langt ute i Stillehavet (Ballestas-øyene). Og det beste av alt er at alle desse attraksjonane inngår i min Peru-tur! I tillegg kan du fly over dei verdensberømte Nasca-linjene i småfly (frivillig). Tilbakemeldingane frå alle som har deltatt er eintydige, dette er ein tur der ein får utruleg mange inntrykk og opplevelsar i løpet av litt over to veker.

Men sjølv om høgdepunkta står i kø dei 17 dagane turen varer, er det sjølvsagt trekking-turen langs Inca Trail fram til Machu Picchu som vil vera den største opplevelsen for dei fleste. Dette er ein 4-dagers trekking-tur (3 overnattingar i telt). Turen er lettare enn Kilimanjaro, og det høgaste passet me passerer er 4200 høgdemeter. Høgaste overnatting er på omlag 3500 høgdemeter. Du treng ikkje vera redd for snø og kuldgrader sjølv om du til tider er høgt til fjells. Det er sjeldan det intreffer i dette området.

Når ein også får besøke Inka-hovedstaden Cusco og fleire viktige historiske kulturminner, samt ein av verdas største byar Lima, seier det seg sjølv at det er lite tid til å kjeda seg!

Les Anna-Maries inspirerande oppdateringar frå turen hausten 2009.

Sjå bilete frå turen hausten 2008.


Reisemål:Inca Trail / Machu Picchu / Amazonas / Titicaca
Land:Peru
Max. høgde:ca. 4200m
 
Antall dagar:17 (4 på Inca Trail)
 
Datoar:Sjå mitt fullstendige program og oversikt over påmeldingsstatus
 
Turledar:Anna-Marie Haugen
 
Min. antal:7
Max antal:20
 
Påmeldingsfrist:60 dagar før avreise
Etterpåmelding kan ordnast dersom ledige flyseter
 
Pris 2010:34 900,-
Pris 2011:34 900,-



PRISEN INKLUDERER

- Fly tur/retur frå Norge - Peru (Lima)
- Alle innenriksfly i Peru
- All transport i Peru
- Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom (trippelrom i jungelen)
- Alle måltid på Inka Trail og i Amazonas
- Alle frukostar
- Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide (unntatt i Ica)
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Norsk turledar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

- Lokale flyplass-avgifter i Peru (US$ 6,- nasjonalt / US$ 30,- internasjonalt)
- Tips til lokale guidar, kokkar, bærarar osv. (ca. 100 dollar)
- Utflukter i Ica (flytur over Nasca-linjene, sandboarding, ørkenrally osv...)
- Lunsjar og middagar i Lima, Cusco, Puno og Ica
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom


REISELEDAR

Anna-Marie ledar dei fleste av mine Peru-turar. Eg "ansatte" Anna-Marie fordi ho har alle dei kvalitetane som ein god reiseledar bør ha. Ho er frå Hitra i Sør-Trøndelag. Anna-Marie skriver om seg sjølv: "Jeg har lang erfaring med formidling og guiding fra museum i Norge. Jeg er glad i å gå tur og å være ute, og i februar 2007 var jeg med Jarle til Kilimanjaro. Lysten til å møte nye kulturer og mennesker har bragt meg rundt omkring i verden på mange reiser, sammen med andre og på egen hånd. Blant annet har jeg reist i Latin- og Sør-Amerika to ganger tidligere, og i 2000 var jeg også i Peru. Jeg har nettopp avsluttet årsstudium i spansk ved NTNU, og nå gleder jeg meg veldig til å oppleve på nytt alt det spennende Peru har å by på sammen med dere!"

På alle mine turer ber eg deltakarane fylle ut eit evalueringsskjema etter turen. Anna-Marie får nesten konsekvent 10 frå alle deltakarane!!! Det er maksimal score...

Følg Anna-Marie og Cato på eventyr i Duva akkurat no.


TRANSPORT

Fly frå Norge til Lima i Peru. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand) eller Torp (Sandefjord) blir det eit lite tillegg for tilslutningsfly. Innanriksfly mellom Lima, Cusco og Puerto Maldano. Buss frå Cusco til Puno. Motorisert kano innover i Amazonas-jungelen. På denne turen samarbeider eg med eit firma som arrangerer ein del av aktivitetane lokalt og dei har også engelsktalande guide som blir med oss heile vegen.

OVERNATTING

I Lima, Puerto Maldonado, Cuzco, Puno og Ica bur me på hotell. I Amazonas-jungelen bur me i bungalowar (3 personar i kvar bungalow). På Inca-trail bur me i moderne, romslige to-mannstelt (3 netter).


MAT

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Inca-trail, har me med eigen kokk. I Amazonas-jungelen er maten av god hotell-standard. Når me er på bussen, får me servert lunsj undervegs.

TUREN DAG FOR DAG


NB! Rekkefølgen på dei forskjellige attraksjonane kan variera frå tur til tur, men alt er sjølvsagt med på alle turane.

Dag 1:
Me flyr frå Norge til Lima i Peru med KLM via Amsterdam.

Dag 2:
Me flyr frå Lima over Andesfjella til Puerto Maldonado langt inne i Amazonas-jungelen. Frå Puerto Maldonado blir me frakta i motoriserte kanoar oppover elva Madre de Dios til dei eksotiske jungel-bungalowane som me skal bu i dei neste to nettene. Me drar ut på tur i området, både til fots og med kano. Me studerer det særegne dyrelivet i jungelen, blant anna apekattar, papegøyar, piraia (kanskje får du ein på kroken...), skilpadder og kanskje til og med den sjeldne elve-oteren + mykje anna. Det eksisterer ikkje malaria i dette området så du treng ikkje malaria-vaksine for å vera med på denne turen.


Dag 3:
Me fortsetter utforskinga av dyrelivet i området og me drar kanskje på båt-tur til ein liten innsjø i nærleiken. Me besøker kanskje også ein shaman, som er den lokale medisinmannen (heksedoktoren!) for stammefolket som lever i nærleiken av Puerto Maldonado. Detaljane i programmet mens me er i jungelen vert bestemt ut frå kva guidane meinar er mest spesielt akkurat når me er der.

Dag 4:
Me blir frakta i kanoar tilbake til Puerto Maldonado og deretter flyr me til Cusco, Incaene sin kulturelle hovedstad - ein heilt spesiell by som ligg 3400 moh. Me utforskar denne byen, som mange meiner er den mest spennande byen i heile Sør-Amerika. Me besøker mange flotte turistattraksjonar både i byen og i fjellsidene rundt.


Dag 5:
Me tilbringer ein dag med sightseeing i Cusco. Me besøker katedralen, sol-tempelet og nokre svært imponerande ruinar i fjellsida over Cusco. Dette er også ein perfekt dag for akklimatisering til Inca Trail.

Dag 6 - 9:
Me blir transportert til startpunktet på Inca-trail. I løpet av fire dagar vandrar me denne berømte stien fram til me får oppleva å sjå Machu Picchu frå det berømte utsiktspunktet Sungate. Bærarane våre tar seg av bagasjen vår og kokken ordnar dei mest imponerande måltid. Me skal over tre fjellpass på den 44 kilometer lange vandringa. Når me når fram til Machu Picchu får me først ein historisk og kulturell omvisning før me får tid til å nyta denne fantastiske staden på eigen hånd. Det er ikkje så mykje meir å sei om Inca Trail og Machu Picchu... det må opplevast! Dette er høgdepunktet på heile turen, og vil gje deg minner som du aldri vil gløyma.

Video (3,8Mb)
(NB! Dårleg lyd)

Dag 10:
I dag køyrer me over Altiplano-sletta i ein komfortabel buss. Me besøker nokre Inka-ruiner på vegen - ein perfekt måte å få strekka på beina av og til. Me køyrer over eit av dei høgaste fjellpassa i Andes-fjella, me er faktisk oppe i nesten 4400 meter i buss! Titicaca-sjøen glitrar i bakgrunnen i det me køyrer inn i Puno der me ovenattar.

Dag 11:
Me besøker dei heilt spesielle flytande øyane Uros i Titicaca-sjøen. Her tilbringer me lang tid og får ein skikkeleg omvisning og me får sjå korleis dei bygger desse øyane, og korleis samfunnet fungerer her ute. Me vert også med på ein båt-tur i ein sivbåt som ser ut som ein liten versjon av Kon-Tiki, flåten som Thor Heyerdal fekk bygt ved Titicaca-sjøen i 1947 og som han segla frå Lima til dei Polynesiske øyane Raroia.

Dag 12:
Me flyr tilbake til Lima og tar deretter buss sørover Stillehavskysten til byen Ica som ligg eit lite stykke inn i landet.

Dag 13:
Me bur nede i ein fantastisk lagune som ligg ved ein oase i ørkenen. Dei som ønsker det kan ta ein flytur over dei verdensberømte Nasca-linjene denne dagen. Store sanddyner omgir lagunen, og me kan også dra på ørken-safari med artige beach-buggies! Eller me kan stå på snowboard ned dei bratte sanddynene... Dei to dagane i Ica er først og fremst for å få ein roleg avslutning på turen. Derfor er alle aktivitetar her frivillig og ikkje inkludert i prisen. Mange vil nok berre nyte sola ved bassengkanten. (Flyturen over Nasca-linjene kostar US$ 170,- pr. november 2008).


Dag 14:
Avslapping ved bassengkanten i Ica. Kanskje tar me ein spasertur i dei gigantiske sanddynene som omgir lagunen, eller du kan evt. prøva nokre av aktivitetane som er nevnt på dag 13.

Dag 15:
På veg tilbake til Lima stoppar me ved Stillehavskysten for å ta ein båttur ut til Ballestas-øyene. Dei vert kalla Peru sine Galapagos-øyer, fordi dei har eit svært spesielt dyreliv. Me får kanskje sjå både sjøløver, pingvinar, flamingoar og mykje sjøfuglar.


Dag 16:
Den siste dagen i Peru brukar me til å utforska Lima, hovedstaden i landet. Sightseeing med engelsktalande guide. Men du kan sjølvsagt også bruka dei siste timane til shopping dersom du ønsker det. Om ettermiddagen blir me transportert ut til flyplassen, og reisa heim igjen til Norge startar.

Dag 17:
Me kjem tilbake til gamlelandet.

AVSLUTT FERIEN PÅ C0PACABANA

Har du lyst til å avslutta turen til Sør-Amerika med badeferie på ei av dei flottaste strendene i verda? Opplev Rio de Janeiros fantastiske og intense atmosfære, eller slapp av på ei av dei to verdensberømte strendene Copacabana eller Ipanema. Eg kan tilby ein pakke som består av 3 netter på hotell rett på Copacabana-stranda.

Pakken kostar kr. 7900,- pr. person og består av:
- Flybillettar
- 3 netter i dobbeltrom på Olinda Othon Hotel på Copacabana

NB! Tillegg for enkeltrom. Taxi til og frå flyplassen ikkje inkludert.

Her kan du lesa meir om: Olinda Othon Hotel

Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare.
Kr. 800,- pr. person pr. natt ekstra.

Ta kontakt for meir informasjon.


INFORMASJONSMØTER

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte i god tid før avreise. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

PRIVATE TURAR

Eg har gjennom dei siste åra organisert mange private turar, der ein vennegjeng, familie, turlag, forening eller bedrift har bestilt ein lukka tur. Det vil sei ein tur som ikkje er åpen for vanleg påmelding. Eg kan organisera turen med norsk reiseledar, akkurat som på mine vanlege turar, eller dere kan gjennomfører turen på eigen hånd sammen med min samarbeidspartner i dei landa som turen går til. Desse har eg samarbeida med over lang tid, og dei veit nøyaktig kva krav eg stiller til kvalitet, punktlegheit og sikkerheit. Dere treng ikkje vera mange for å bestille ein slik tur.



Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.

04.06.2006 20:16

Copyright © 2009 Jarle Trå