 |
|
| Storfjell til begjær | | Heilt frå eg som liten gut klatra til topps på Lyngershaug, eit lite fjell rett bak garden der eg vaks opp, har eg visst at for meg ville fjella berre bli høgare og høgare. Eg har alltid visst at eg ein dag ville leika blant verdas høgaste fjell, men eg innrømma det aldri til familie og venner, kanskje heller ikkje til meg sjølv.For det er det det dreiar seg om for meg - å leika... Eg legg ikkje meir i denne "hobbyen" min enn at eg skal ha det kjekt ute i naturen. Enten det er klatring, toppturar på ski, terrengsykling, kiting eller "vanlig" friluftsliv - enten åleine men også saman med gode venner. Eg kan ikkje hugsa akkurat korleis interessa for fjell og villmarksliv starta, men eg hugsar godt når ideen til den første store turen kom. Eg satt på Farmington High School på flataste prærien i Arkansas (USA) og las om ein som hadde gått Rocky Mountains på langs. Eg hadde eit norgeskart, og med fingeren streka eg opp ei linje gjennom fjella i Norge, Sverige og Finland frå Lindesnes til Nordkapp. På den tida var det nesten ingen som hadde gått denne turen - Stein P. Åsheim og Lars Monsen var mellom dei få som hadde klart det. Draumen var sådd men det skulle gå 6 år før den vart realisert. 4. juni 1994 starta eg frå Lindesnes og 88 dagar seinare stod eg på Nordkapp. I løpet av denne turen merka eg for alvor at dette livet verkeleg passa meg.I åra som fulgte var eg mykje ute i den Norske fjellheimen. Etter å ha bestege mange av Norges høgaste fjell, vart 4000-metringane i Alpane eit naturleg steg opp, bokstaveleg talt! Det første var sjølvaste Mont Blanc, som eg klatra sammen med min nye venn Tobiaz frå Polen. Polakkane er seg sjølv lik når det gjeld høge fjell og då eg foreslo å klatre ruta som førstebestigarane Paccard og Balmat brukte i 1789, så var det ikkje nei i hans munn. Problemet var berre at denne ruta startar i Chamonix sentrum - altså 3800 meter rett opp gjennom ein av dei mest imponerande og farlege brefalla eg nokonsinne har sett - og deretter sjølvsagt 3800 meter rett ned igjen. 22 timar tok det - trur ikkje det er mange som har gått den ruta etter 1789 - i alle fall ikkje på under eit døgn!2003 var året der fjella verkeleg vart store for mitt vedkommande. Eg reiste for første gong til Alaska og klatra Denali. Deretter har det gått slag i slag, og kan vel no sei at eg har blitt "avhengig". Spesielt Himalaya gjer noko med ein fjellfant. Når ein først har sett desse gigantane som ragar så mykje høgare enn nokon andre stader på jordkloden, så er det for meg nesten umogeleg ikkje å bli frista til å prøva å nå toppen.I 2006 starta eg opp eit firma som arrangerer ekspedisjonar til fjell over heile verda, der "kven som helst" kan vera med. For meg er dette den perfekte kombinasjonen, eg finansierer mine eigne ekspedisjonar ved å ta med andre på mindre krevande ekspedisjonar. Sjå "Program" dersom du er interessert i å vera med på ein uforgløymeleg ekspedisjon som inkluderer både natur og kultur.Også i jobben har eg drevet med klatring. Eg arbeida fram til våren 2007 i Aak AS, eit firma som spesialiserer seg på klatring (tilkomst-teknikk på fagspråket...) på installasjonar i Nordsjøen. Me tek oss av inspeksjon og vedlikeholdsarbeid på stader med vanskeleg tilkomst, slik som høgt oppe på flammetårnet eller langt nede på platformbeina. Me brukar avansert eigeutvikla klatre- og sikringsutstyr for å utføra oppdraga. Men på grunn av stor etterspørsel på mine arrangerte turar har eg no permisjon frå Aak for å satse 100% på firmaet mitt. |  | 29.05.2006 20:34 |
|
|