Sist oppdaterte artiklar:
TRENINGSBLOGG
   Treningsblogg 2010
PROGRAM
   PROGRAM
Framside
INFORMASJONSMØTER
   Deltakarmøter
DIVERSE
   Duva
Den store fjordturen
   Referat August 2010
Den store fjordturen
   Den store fjordturen
INFORMASJONSMØTER
   Generelle informasjonsmøter
Svalbard Ski-ekspedisjon
   Fakta om turen
Svalbard Fottur
   Fakta om turen

Generelt informasjonsmøte i Bergen 29. september. Les meir.
Programmet for 2012, 2013 og 2014 er no lagt ut.
Sjå dei flotte bileta frå Den store fjordturen og Svalbard fottur.
Framsida på boka mi er klar. I bokhandelen 19. september.

BLI MED PÅ TUR

Vil du på tur i 2010 bør du ikkje venta for lenge med å melda deg på. Eg har turar til nesten alle verdensdelar. Dei fleste turane krev ingen superfysikk. Velg og vrak i menyen under. Send meg ein epost på epostadresse eller ring meg på 907 65 330 dersom du vil melde deg på, eller ønsker meir informasjon om ein eller fleire av turane. Snart kjem det meir informasjon om den nye ekspedisjonen til Cho Oyu (2012) og Grønlandskryssing på ski (2011).

INKA TRAIL / AMAZONASJUNGELEN / TITICACA

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall. Me skal blant anna oppleva: Inka Trail, Machu Picchu, Amazonasjungelen, Titicaca-sjøen, Ballestas-øyene i Stillehavet og mykje meir.
Les meir

KILIMANJARO 5895m

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet. Safarien går til Ngorongoro-krateret og Lake Manyara. Meld deg på no for å sikra deg plass på neste års turar. Les meir

FOTTUR I NÆRØYFJORDEN

Når me planla vår første tur i norske fjell, var det klart at dette skulle bli ein tur heilt utanom det vanlege. Fire dagar på tur i storslagen natur, med overnattingar på Stigen fjellgard og den koselege stølen Hjølmo. Me har rett og slett kalla turen for "Den store fjordturen".
Les meir

ATLASFJELLA 4167m

Atlasfjella i Marokko er eksotiske og vakre. Me går ein tur gjennom det flottaste av Atlasfjella, og me bestiger Jebel Toubkal, Nord-Afrikas høgaste fjell. Dersom du ønsker det kan du avslutte med badeferie på Agadir-kysten. Les meir

ELBRUS 5643m

Elbrus er Europas klart høgaste fjell. Kaukasus vert ofte omtalt som verdas flottaste fjellkjede. Me brukar også ein dag i Moskva, ein by som me ikkje kan komma utenom når me først er i Russland.
Les meir

ACONCAGUA 6963m

Aconcagua er Sør-Amerikas høgaste fjell. Når du står på toppen av dette fjellet er det sannsynlegvis ingen andre personar i verda som er høgare enn deg! 2008-ekspedisjonen var ein suksess, med 13 personar på toppen. Les meir

SVALBARD

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske områda - og så er det enkelt og billeg å komma dit i forhold til f.eks. Grønland. Eg arrangerer to ulike turar, både ski-ekspedisjon og fottur.


KILIMANJARO PÅ EIN DAG!

Så har eg fått svaret - det går an å bestige Kilimanjaro på ein dag. Men det var tøft! Dei 4265 høgdemetrane opp vart tilbakelagt på 7 timar og 19 minutt. Dette vart meir enn ein ekstremt lang fjelltur - det vart eit skikkeleg eventyr. Eg har også lagt ut ein del bilder som eg tok med mitt vesle digitalkamera på sjølve turen. Les meir


BISTANDSPROSJEKT I AFRIKA

Alle som har vore på tur i Afrika kan vanskeleg unngå å bli berørt av livssituasjonen til mange av barna der. Eg har derfor starta eit hjelpeprosjekt som skal hjelpa nokon av dei til å få eit betre liv. Les meir

Støtt også Kailash Bodhi School i Nepal.



MINE EIGNE EVENTYR

Eg driv ikkje berre med å arrangera turar for andre. Eg har også gjennomført mange eigne store ekspedisjonar dei siste åra. Det har kanskje vore mest fokus på 8000-metringane i Himalaya, men eg har også gått Norge på langs, eg har kryssa Grønland og gjennomført mange andre ekspedisjonar og turar.
Les meir og sjå bilete.


02.08.2006 14:24

Copyright © 2009 Jarle Trå